HØYR!

– Jordbruket klarar ikkje klimaavtala

7. mars 2023

Det må eit større taktskifte til.

Ruralis-forskar Klaus Mittenzwei meiner jordbruket si klimaavtale med staten bør reforhandlast.

Bothild Å. Nordsletten

Det luggar for jordbruket si klimaavtale med staten. Utsleppa frå næringa har gått opp over ein prosent sidan 2021, året avtala trådde i kraft.

– Ikkje bra, seier Klaus Mittenzwei.

Ruralis-forskaren har jobba mykje med klima i jordbruket. Nå er det berre sju år att til avtala skal vera innfridd og fem millionar tonn CO2-ekvivalentar kutta.

– Heilt ærleg trur eg ikkje jordbruket klarar det. Det går korkje i rett retning eller raskt nok. Held me fram som nå, vil me ikkje oppnå klimaavtalens ambisjon. Det må eit større taktskifte til.

Mittenzwei nemner biogass, miljøvenleg spreiing av gjødsel, biokol, solceller og biodiesel som aktuelle tiltak.

– Men desse kjem jo ikkje gratis. Bonden har ein kostnad knytt til dei, og då er det eit spørsmål om ein kan bruka jordbruksavtala til klimatiltak, i staden for å gi midlar gjennom arealtilskot eller husdyrtilskot. Det trengst ein større pott, for det er viktig å få med bonden. Han implementerer ikkje klimatiltak av seg sjølv – iallfall ikkje om det reduserer inntekta.

– Kven heng ein vellukka klimaavtale på?

– Finansiering og tilskot frå staten er opplagt eit element.

– Regjeringa har parallelt eit mål om å auka sjølvforsyningsgraden frå under 40 prosent og opp til 50. Er det mogleg utan samstundes også å auka klimautsleppa?

– Det går. Men berre om me legg om kosthaldet. Mindre kjøt og meir planteproduksjon- og forbruk. Klimautsleppa går ned – og me aukar sjølvforsyninga – dersom me et meir vegetabilsk, og et kornet direkte, utan at det først har gått gjennom eit dyr.

– Kva er oddsa for at det vil skje? Forbruket av potet og korn går jo ned?

– Godt spørsmål. Dei lærde stridast. Me har jo sett at kosthald kan endra seg ganske fort, slik til dømes forbruket av kylling har gått til vers dei siste tiåra.

– Ser du tilsvarande forbruksvekst skje med plantekost?

– Då må det vera ei matvare som nordmenn byrjar å elska, slik som me elskar kylling. Men kva skal det vera? Graut?

– Det ser ikkje så lyst ut for klimaavtala, då?

– Nei. Men det er éin ting til, som eg tykkjer er interessant: Ruralis har sett på korleis kostnaden ved å redusera klimautslepp på garden er mykje høgare enn ved å kutta i til dømes transportsektoren. Samfunnsøkonomisk vil det løna seg å kutta meir i transport og mindre i jordbruket. Kanskje me burde reforhandla jordbruket si klimaavtale, redusera ambisjonsnivået – og heller ta klimakutt i andre sektorar, der det er billegare.

– Eg tykkjer det er rart at jordbruket gjekk inn for denne avtala i det heile, før dei visste korleis ein skulle få den til.

Stikkord denne saka: