HØYR!

Kan tena meir med gardsstyre

Har du ein god plan, legg du ikkje ferien til dei dagane ei pulje med purker griser

Per Herikstad meiner at større bruk har potensiale til å tene fleire hundre tusen kroner i året dersom bonden etablerer eit gardsstyre.

Sjur Håland

I staden for å gå aleine i inngrodde spor, tilrår Herikstad, som er autorisert rekneskapsførar i Hå Rekneskapslag, at bonden får med seg til  dømes ein person frå rekneskapslaget, ein frå banken og gjerne ein person frå næringslivet elles, og dannar eit uformelt styre.

– Dette er folk som er vane med å førehalda seg til eit styre. Gardsstyre bryt litt med den frie bonden, men eg står likevel fast på at dette hadde vore eit glimrande reiskap for mange til å løfta det økonomiske resultatet i drifta, påpeikar Herikstad.

Han ser mange rekneskap der utgangspunktet er likt.

– Bøndene innafor ein region har same ramebetingelsane. Vêret er likt, mjølke- og slakteoppgjersprisen er lik. Likevel ser me stor skilnad i inntekta. Enkelte gjer det betre enn andre. Det burde vore mogleg for fleire å løfta resultatet, seier Herikstad.

– Kva er suksessfaktorane?

– Det er mange ting. God orden og struktur i arbeidet er viktig. Å ha planar slik at alt blir gjort til rett tid, er også ein nøkkelfaktor. Då blir du ikkje overraska av ein nyfødd kalv som ligg på spaltene i fjøset. Har du ein god plan, legg du ikkje ferien til dei dagane ei pulje med purker griser, illustrerer han.

– Kva blir skilnaden om bonden har eit gardsstyre å halde seg til?

– Dei vil tvinga fram nye tankar. Bonden blir følgt opp, og spontane handlingar, som å kjøpa ny slåmaskin straks den gamle bryt saman, blir vanskelegare. Du bør ikkje gjera ein så stor handel utan å ha diskutert det med gardsstyret.

– Kven er det som kan ha nytte av ei slik organisering?

– Ganske mange. Raude lys kan blinka i årevis, og folk kan ha det tøft med ein evig runddans i høve til å skaffa nok kapital til neste forfall. Det mest fornuftige er å etablera ei ordning med gardsstyre før økonomien blir for krevjande.

Herikstad held fram at ektefelle eller sambuar bør vera med. Styremedlemmane må bestå av pålitelege folk, der teieplikta er ei sjølvfølgje. Rollane må avklarast. Styret er uformelt, og styremedlemmane har ingen økonomiske forpliktingar. Men kaffikos skal det ikkje vera. Innkalling og referat frå møta er viktige.

– Drifta og økonomien er bondens ansvar uansett. Styremedlemmane er sparringspartnarar innan økonomi og driftsplan og vil sjå resultata i drifta opp mot driftsplanen. Dei vil også samarbeida om å leggja eit løp kring økonomiske prioriteringar.

– Er du ikkje redd for at bøndene vil kvi seg for dette?

– Eg skjønar at det kan kjennast både ubehageleg og dumt, men mitt svar er at eit gardsstyremøte fire gonger i året kan vera svært lønsamt. I Hå har me prøvd det ut ein periode på tre bruk. Eine bonden har valt å halde fram med ordninga. Han har kome på rett kurs og ser at det fungerer.

Stikkord denne saka: