KRONIKK

Kan vi styra veksten på Jæren?

4. desember 2020 | Dessutan

Nedbygd: Skal det byggast nytt på Jæren bør ein sjå på øyane utanfor Stavanger, Sandnes aust for Gandsfjorden og knausane i indre Time og Hå, skriv Seniortanken. Foto: Woldcam/Sandnes Kommune 

Visst har oljeretta landbasert næring funne plass på ikkje dyrkbare område og ved å fylla ut i sjø. Men både denne næringa og andre, har brukt betydelege mengder dyrka areal. Det gjeld ikkje minst den storstilte bustadbygginga.
For nokre tiår sidan levde bonde og bymann saman på Nord-Jæren. I dag ser vi ei byutvikling som går frå Randaberg til Skjæveland. Og sør på Jæren har stasjonsbyar og kommunesentra vore i sterk vekst. Bryne i Time og Kleppe i Klepp er slike eksempel. Kor lenge vil denne urbaniseringa halda fram?
Nå ser vi at etterspurnaden etter olje og gass er minkande. Fokusering på miljø og klima verkar tydeleg inn. Endringane kan gjera inntektene i regionen vår mindre. Det kan påverka både næringsøkonomi, offentleg og privat økonomi. Vi ser mellom anna alt nå at bustadprisane her hos oss ikkje stig i same takt som andre sentrale stader i landet.

Djuptgripande endringar

 Vi har ved fleire tidlegare anledningar erfart at slike endringar kan få store konsekvensar. Samstundes er det og slik at når ei næring tilsynelatande går godt, kan vi koma til å undervurdera djuptgripande endringar. Dette skjedde i Stavanger ved overgangen frå seglskip til dampskip på 1800-talet, og seinare ved utfasinga av hermetikkindustrien.
Fleire faktorar er med på å gi oss medvit om at det kan finnast grenser for velstand og ekspansjon. Å vera medviten om at det kan finnast grenser for velstandsveksten, kan vera avgjerande for framtida vår.

Den beste matjorda i landet

Eit sentralt element å vektleggja i ein debatt om framtida, er at regionen vår har landets beste landbruksområde. Både Jæren og øyane i Boknafjorden har særs gode vilkår for landbruk. Vi øyder desse ressursane og kan ikkje halda fram med å byggja ned landbruksjord i same takt som nå. Vi ser at det både i regional og kommunal planlegging er aukande forståing for utfordringane. Ein minska vekst kan sjølvsagt dempa presset. Men det er ikkje nok. Vi må ta drastiske grep for å stoppa nedbygginga av god matjord i landbruksfylket Rogaland, som ironisk nok og er ein versting i nedbygging av matjord i nasjonal samanheng.
Nokre tal som sjølvsagt må brukast med skjønsemd, kan illustrera. SSBrapport 14/2017 viser at fylket vårt i perioden 2004 – 2015 bygde ned 17.000 dekar landbruksjord, eller snautt 1550 dekar årleg, mest i landet. Då må det også seiast med tal frå fylkesmannen i Rogaland, at dei siste åra har det kvart år blitt godkjent rundt 2.000 dekar for nydyrking hos oss.
I alle tilfelle, mykje står på spel. Det kviler eit tungt ansvar på regionen vår for å ta vare på ein kritisk, men marginal nasjonal ressurs. Å vera bevisste på dette kan vera avgjerande for framtida vår. Det kan godt vera at arealbehovet for næring og bustader vil veksa vesentleg mindre enn før. Skal dyrka jord som er att i Stavanger og på Jæren takast vare på, må vi kanalisera utbygging til område på det som i dag er Stavanger sitt øyrike, til Sandnes aust for Gandsfjorden, indre Time og Hå, med dei betydelege utfordringane det byr på.

Nye utbyggingsområde

Vi har eit særleg innspel om dei storbynære områda aust for Gandsfjorden, og likeeins Stranda-landet etter at vi fekk Ryfast. Desse områda har eit stort utbyggingspotensial og er lite eigna for landbruk. Kan hende er det eit av dei beste buststadområda på og for Nord-Jæren, med flotte lys- og solforhold. Her er òg gode vilkår for industri. Problemet for områda aust for Gandsfjorden er mangel på tilfredsstillande infrastruktur. Det er kan hende på tide å finna fram att planane om bru over Gandsfjorden, og nye vegløysingar. Dersom ein i tillegg byggjer ei ny kraftline frå transformatorstasjonen på Kalberg til Hommersåk, kan det byggjast ut ny og kraftkrevjande industri, som datasenter, langs fjorden, til og med inne i fjell, slik som på Rennesøy. Dette vil kunna letta presset på dyrka og dyrkbar jord, både på Kalberg og på Nord-Jæren, og gi grobotn for anna ny verksemd.

Nye premissar

Vi er i ein fase der vi saman må leggja planar for regionen ut frå nye premissar. Då er det avgjerande med godt gjennomarbeidde planar, der ulike omsyn kan bli tekne vare på. Alle må forstå og mange må ta ansvar. Det må òg stillast langt sterkare krav til bønder som vil selja jord og til offentlege og private utbyggjarar som vel den billegaste og lettaste utvegen for prosjekta sine på dyrka jord. Slik kan vi best førebu framtida for barn og barnebarn.

Seniortanken v/ Egil Harald Grude, Gunnar Berge, Njål Kolbeinstveit, Torvald Sande, Jostein Soland, Hjalmar Inge Sunde, Ivar Sætre, Kjell Traa

Stikkord denne saka: