KRONIKK

Kvotetak?

1. desember 2021

Nok: Ein produksjon på 500 tonn bør vera meir enn nok for dei fleste, skriv Bjørn Lende. Foto: Istock

På same måte som det ikkje hadde så store konsekvensar å setja opp kvotetaket, vil det heller ikkje skje så store endringar ved at det vert sett ned.

Bjørn Lende,
bonde og lærar, Jæren.

Ikkje uventa vert forslaget frå regjeringa om å setja ned kvotetaket for mjølk møtt med reaksjonar frå mange i næringa. Fleire ser dette som ein trussel mot moglegheita for eigen ekspansjon. Det vert meld om heftig aktivitet på kvotemarknaden frå dei som vil sikre seg kvote over taket, før det vert for seint.

To lag, to meiningar

Her møter me klare skiljelinjer mellom Bondelaget og Bonde- og Småbrukarlaget. Småbrukarlaget ser på forslaget som ein siger. Leiar Kjersti Hoff sa på årsmøtet deira at ho hadde brukt mykje energi på dåverande leiar i Bondelaget (Lars Petter Bartnes, red.merk.) for å få han til å akseptere at ein del av kravet i årets jordbruksforhandlingar skulle vera eit redusert kvotetak.

Avgrensa Sylvi-effekt

Det var tidlegare landbruksminister Sylvi Listhaug som fekk sette opp kvotetaket per føretak til 900 tonn frå tidlegare 450 tonn for enkeltbruk, og 750 tonn for samdrifter. Dette vert sett på som sjølve symbolet på satsinga på stordrift og sentralisering. Dersom ein ser på realitetane, har det ikkje fått så store konsekvensar som ein skulle tru. Det er svært få produsentar som leverer over 750 tonn, som må kunna seiast å vera det reelle kvotetaket før auken. Dei som ville over grensa på 450 tonn, laga seg ein avtale som i mange tilfelle var ei fiktiv samdrift. Å igjen innføre dette skiljet mellom einskildbruk og samdrifter, er neppe ein god ide.

Ein heller dårleg produksjonsøkonomi har nok bremsa mange frå å auke produksjonen. Sjølv om det samstundes med kvoteauken òg vart gjort endringar i tilskot, har det heile tida vore mykje meir tilskot per liter for dei fyrste litrane, og det har forsterka seg dei siste åra.

Det har neppe vore mindre skilnad i årsverkinntekt mellom store og små mjølkebruk, enn no.

Bjørn Lende

Ikkje så feitt å vera stor

Ser ein på tala, er det berre dei minste mjølkebruka som har hatt inntektsvekst dei siste åra, medan fleire av dei største har hatt inntektsnedgang. Dette til tross for at den tidlegare regjeringa vert skulda for berre å satse på stordrift. Det har neppe vore mindre skilnad i årsverkinntekt mellom store og små mjølkebruk, enn det er no. Dersom me skal ta omsyn til eigenkapital, kjem dei store bruka endå dårlegare ut, fordi denne er høgare per årsverk på desse.

Prisauke med konsekvensar

Dette kan fort snu dersom det kjem ein betydeleg auke i mjølkepris, fordi produksjonen per årsverk er mykje større på dei største bruka. Ein auke i mjølkepris på éi krone vil for dei minste bruka berre gi kr 50.000,- i inntektsvekst per årsverk. Tilsvarande prisauke inneber kr 200.000,- til dei største bruka. Dette vil jamna seg noko ut når me tek omsyn til den store kostnadsveksten, men mjølkeprisauke som inntektsvekst gir fire gonger større utslag per årsverk på dei største bruka. Er det framleis nokon som trur at betydeleg auke i mjølkepris ikkje er strukturdrivande?

Dersom me meiner alvor med at det skal vera landbruk over heile landet, og at arealressursane skal nyttast, er det grenser for kor få mjølkeprodusentar me kan bli. Med 900 tonn på kvar produsent er det bare plass til om lag 1600 produsentar. Då er det talet passert for lenge sidan.

Mykje blir som før

Kan hende handlar valet om i kva grad me skal setja ned kvotetaket, eller lage rammevilkåra slik at dei største bruka ikkje får ta del i inntektsauken. Mange ser ut til å meine at om me berre puttar 10 – 20 milliardar friske kroner inn i landbruket, så er alle problem løyst. Så enkelt er det ikkje. Politikk er styring, og mykje pengar krev meir styring enn lite pengar. Det er ikkje mogeleg å endra landbrukspolitikken utan at nokon vert ramma.

På same måte som det ikkje hadde så store konsekvensar å setja opp kvotetaket, vil det heller ikkje skje så store endringar ved at det vert sett ned. Dei som ligg over det nye taket, kan halda fram som før. Nokre få vil verta avgrensa i sin produksjonsiver, men at det skal få konsekvensar for rekruttering og motivasjonen til å driva, er ikkje lett å skjøna. Ein produksjon på 500 tonn bør vera meir enn nok for dei fleste. Mange som framover skal byggje nytt for å tilpasse seg lausdrifskravet, må mykje lågare enn det. Kort og godt fordi dei ikkje har arealgrunnlag i nærleiken for ein så stor produksjon.

Stikkord denne saka: