HØYR!
– Må ha garanti for avsetnad
Foto: Ragnhild Meland
Eg trur det er eit falskt skilje mellom økologiske og konvensjonelle bønder
Kathrine Kinn meiner bønder må få garanti for avsetnad av økologiske produkt, slik at produksjonen av økologisk mat aukar. Ho vonar Økouka kan vere til inspirasjon.
Jane Brit Sande
Økouka blir i disse dagar arrangert i dei fleste fylka i Norge. Arrangementet er eit initiativ frå 11 aktørar og organisasjonar som arbeider med økologisk og biodynamisk produksjon og forbruk.
– Me har ei brei målgruppe, og vil nå forbrukarar, kokkar, daglegvareaktørar, og både økoprodusentar og konvensjonelle produsentar, seier Kathrine Kinn, nasjonal koordinator for Økouka.
Kinn seier det er fleire arrangement på fleire av dei lokale programma som er aktuelle for bønder, økologiske eller ei.
– Me håpar sjølvsagt me når bønder som vurderer å legge om til økologisk, og at me greier å engasjere volumprodusentar. Eg trur alle bønder kan ha nytte av fagprogramma. Me blir aldri utlært på korleis me best kan ta vare på jorda, seier Kinn.
– Kvar er flaskehalsane for økologisk mat; slakteria og meieria, daglegvarebutikkane, eller produsentane?
– Eg trur det er flaskehalsar fleire stader. Me skulle gjerne sett at det var eit større volum av økologisk produksjon, for det er ein marknad for denne maten. Nyleg kom ein rapport som syner at salet av økologisk mat her til lands fortsatt aukar. Men produsentane må ha ein garanti for avsetnad av produkt, særleg viss dei skal rigge til for ein større produksjon, seier Kinn.
– Kva bør gjerast for å auke øko-produksjonen?
– Dette kan ikkje løysast berre ein stad, me må jobbe frå jord til bord. Butikkane må jobbe for å løfte dei økologiske varene, og nasjonale føringar må motivere til auke i produksjonen av frukt og grønsaker. No er det importen som tek denne marknaden. Det burde me gjere om på. Og så er praksisen med at økologisk produsert mjølk og kjøt går ut i marknaden som eit konvensjonelt produkt utruleg demotiverande for produsentane som gjer jobben, seier Kinn.
– Målsettinga om femten prosent auke i økologisk matproduksjon er tatt vekk. Kva har det å seie?
– Det er openbart at det burde vore eit klart mål, både for produksjon og forbruk. Det er vanskeleg å nå mål som ikkje er der. Jordbruket og organisasjonane rundt er flinke til å jobbe saman, trass i at det ikkje er noko mål. Det er fortsatt mykje bra som skjer.
– Er økologisk fortsatt noko sært og smått, eller er dette ei utdatert stereotypisk omtale?
– Eg trur dette har snudd. Etter denne tørkesommaren kan det vise seg at økologisk produksjon kan ha fortrinn, med fokuset på jord, jordstruktur og humus. Eg trur det er eit falskt skilje mellom økologiske og konvensjonelle bønder. Det er ikkje noko «oss» og «dei». Begge gruppene er interessert i å forvalte jorda og få økonomi i produksjonen. Dei kan lære mykje av kvarandre, meiner Kinn.