HØYR!

– Me bør vinna fram

27. september 2023

Dette handlar også om livet på landsbygda.

– Me lever i eit sivilisert samfunn. I rettferdas namn bør me vinna fram, seier Bernt Terje Høyland, ein av bøndene som har gått til sak mot Bane Nor om gjerdeplikt.

Jane Brit Sande

156 grunneigarar med landbrukseigedom langs jernbanelinja mellom Kristiansand i sør og Klepp i nord har saman gått til sak mot Bane Nor. Det er sett av to heile veker til rettssaka. Tvisten handlar om gjerdeplikt og manglande erstatning for beitedyr som blir køyrt i hel av toget, seier Bernt Terje Høyland, leiar av grunneigarlaget.

– Heilt sidan jernbanen vart etablert på 1800-talet og utvida til breispora på 1940-talet, har det som tidlegare heitte Jernbaneverket halde og vedlikehalde gjerde. Den gong heitte det at «banen gjerder for lina», fortel han.

– Det vart ekspropriert grunn til jernbanen i si tid. Det var ikkje noko grunneigarane ville ha. Og så skal me overta gjerdinga, og sitte med ansvar for ein tredjepart?

Ein høgsterettsdom frå 2012 seier at Bane Nor, den gong Jernbaneverket, ikkje har gjerdeplikt langs Dovrebanen. Bane Nor har i seinare år vist til denne dommen når spørsmålet om gjerdeplikt har kome opp andre stader i landet.

– Men det er andre føresetnadar i denne saka me er i no, fordi me har skjønsføresetnadane frå 1928 som seier at banen gjerder for linja. Det hadde dei ikkje på Dovrebana, seier Høyland.

Det er mange som følgjer med, seier han.

– Me blir oppringt av folk frå heile landet med liknande problem. Dommen i denne saka dannar presedens på ein heilt annan måte, seier bonden.

Saman med tre andre grunneigarar som utgjer styret i grunneigarlaget, har han fronta saka i tre år. Dei har samla inn tre millionar kroner – «som ein start».

– Det har kosta ufatteleg med pengar og ressursar for å halde på med tull, seier Høyland.

– Fleire stader er gardsbruka tett på lina. Det bur små ungar på bruka. Dette handlar også om livet på landsbygda.

Bane Nor har kome med fleire tilbod gjennom desse tre åra.

– Dei tek ikkje ansvar slik me meiner dei skal. Me må ha ei varig løysing til komande generasjonar, seier Høyland.

– Fleire grunneigarar har mange kilometer med gjerde, gjerne i ulendt terreng. Kven har ansvar og kva tid, spør han.

Grunneigarane står samla, seier Høyland.

– Me lever i eit sivilisert samfunn. I rettferdas namn bør me vinna fram. Me finner oss ikkje i dette.

Til andre som står i tvist mot store krefter, har han følgande oppmoding.

– Ikkje gi deg. Ver fleire i lag. Aleine mot staten er håplaust. Gå i flokk. Det kjem mange gode innspel når ein slår hovuda saman. Gjer kvarandre gode, og hjelp einannan når det trengst.

Stikkord denne saka: