MOLDROK: drev av tørr mold grunna vind, jordarbeid – eller friskt ordskifte.

Meir mais = mindre mas

22. mars 2023

Nygamalt eventyr: Samplanting av mais og klatrebønner – ein urgamal praksis i maisens heimland – er på få år blitt populært blant tyske bønder. Bønnene bind halvparten av det tiltrengde nitrogenet, og erstattar mykje soya. I tillegg byr dei på nektar til biene. Foto: Walther Schmidt, KWS

Det er mange grunnar til å prøva seg på mais i år.

Åsmund Bjørnstad
er professor emeritus i planteforedling ved NMBU. I tillegg skriv han bøker og dikt.

Sist sommar var vi på Ås vitne til eit nytt innslag i landskapet: to åkrar med til saman 160 dekar fôrmais, i regi av gardsbruket på NMBU. For eit par mannsaldrar sidan blei det gjort små og for lengst gløymde forsøk, men nå er det nye tider. Norsk Landbruksrådgjeving (NLR Rogaland og Øst) og driftige bønder, har synt at mais er eit reelt fôralternativ, nyleg godt omtala i Bondevennen sin podcast. For dei som minnest slitsam høying og eldre siloslått, er ei éin gongs hausting av næringsrikt grovfôr som eit eventyr.

Tilpassingsdyktig

Og eventyret gjeld heile Nord-Europa. Den karibiske maisen som Columbus førte heim i 1493, ville berre mogne i det varme sør. Snart vart den viktig både nord og sør for Middelhavet. Alt i 1525 hadde den erstatta hirse som fattigmannskornet i Portugal, (den dag i dag heiter mais der milho, «hirse»).
Snart kom det nye innførsler av tidleg mognande mais frå Nord-Amerika, som kunne gå på varme stadar og i gode år (mais blei prøvd i Kviteseid i 1820!). Nord for Alpane mogna mais likevel for seint. Der slo den ikkje igjennom før etter den andre verdskrigen.

Eit langvarig forsøk

Alt frå 1930-talet var ny amerikansk hybridmais blitt forsøkt i Europa. Frå 1947, med Marshallhjelpa, stod hybridar frå Iowa og hutra på la grande prairie omkring Paris. Den kontinentale amerikanske maisen likte ikkje kjølege atlantiske vårar. Varmesummen i nord-Frankrike (og Tyskland) er like stor som i Iowa, men veksttida to månader lenger og dermed kjølegare. Maisen måtte bli kuldetolerant, men kvar fanst slike gen-kjelder? Ein bonde i Pyreneane hadde sist i september 1940 hausta to fullmogne kolbar– på ein gard 720 meter over havet. Etter årvisst utval krigen igjennom, kom dei i sal lokalt og så til forskingsstasjonen INRA i Versailles. Der stadfesta dei kuldetoleransen og sette i gang hybridavl. Grunnlaget for det, er å finne to avlspopulasjonar som utfyller kvarandre i eigenskapar. Den tilpassa, men lite produktive europeiske maisen, med korntypen hard flint, laga gode avkom når den vart kryssa med den meir produktive, men mjukare amerikanske dent. Dermed var grunnlaget lagt for nordleg mais.

Suksess i DDR

I Tyskland var mais endå meir marginal. På foredlingsstasjonen Bernburg, godt nord for Berlin, fann dei kuldetoleranse i tyske lokalsortar allereie i 1930-åra. I det seinare DDR blei dei opphav til hybridsorten «Siloma» (mais hausta til silo), lansert i 1961 og ein stor suksess.
I Forbundsrepublikken blei eit felles «maisløft» med forsking og næring sett i gang frå 1950/51. Kuldetolerante sørtyske sortar, pluss dei franske, blei kryssa med dei amerikanske dent. Hybridsorten «Velox» (1965) blei hybridmaisens gjennombrot i vest, og avlingane voks frå 30 t/ha i 1960 til 90 t/ha i 1990.
Frå då av blei Bernburg del av firmaet KWS som, med det franske Limagrain, førte mais-foredlinga nordover.
Mais er i dag Tysklands største grøde, med meir enn 20 prosent av arealet (2,7 millionar ha i 2021). Av desse går 47 prosent til silo for drøvtyggarar, 37 prosent blir til biogassen metan (ein ny sortstype sidan 2005), medan berre 16 prosent blir kornmais for svin og fjørfe.

Kamerat Mais

Annleis gjekk det i Sovjetunionen. Nikita Khrusjtsjov var, som statssjef frå 1953, levande interessert i mais. Hybridmais til dyra kunne oppfylle planen om rikeleg med kjøt for alle! Med (utilpassa) sortar frå USA blei maisarealet firedobla frå 1954 til 1955, og med «mirakelavlingar» i 1956 og 1957, nidobla til 1962. Då gjorde ein kjøleg og våt vår at 70-80 prosent av plantene døydde. Denne katastrofen (samtidig med Cuba-krisa) medverka til at Khrusjtsjov fall i 1964.
Heile tida heldt han si hand over den omstridde biologen Lysenko og hans «agrobiologiske» snarvegar utanom genetisk tilpassing til klimaet – den tyngre vegen vald i Vest-Europa og DDR.

Eit maisløft!

Og den vegen må også vi gå. Nøkkelen er kuldetoleranse – og, må vi vel vedgå, eit varmare klima. Sortane må tole kulde i spiringa og ungdomsfasen, så vel som om hausten. Ein «knekk» kan vera fatal. Og sortar som er meir kuldetolerante enn dei tyske eller franske finst: mais mognar ved «norske» temperaturar i 3000-4000 meters høgd i Peru! Men det krev eit felles «maisløft».
Mais til silo skal vera rik på stivelse så vel som fiber. Helst skal kornet i kolbane ha avslutta veksten, så den døde leidningsstrengen er synleg som ein liten svart prikk nedst. Då er tørrstoffet i kolben kring 55 prosent og heile planten kring 35 prosent, (tyske tal). NLR-Øst ligg oftast kring 30, Rogaland frå 20-30, som tilseier at kolben er umogen.
Her kjem eit forsøksteknisk viktig punkt: Å berre måle heile planten kan vera misvisande, når tidlege og seine sortar blir prøvde i lag. Som venta gjev seinare sortar høgare avling – men er kolben i ein tidleg sort mogen, kan blad og stengel enno vera grøne. Må dei frå då av stå til felles hausting, vil plantemassen minke på grunn av andingstap. I forsøk nord på Jylland har den tidlege sorten «KWS Cito» mindre biomasse enn dei seinare (som i NLRs forsøk), men heile 40 prosent tørrstoff og klart høgare i stivelse (sjå figur). Foredlaren av «KWS Cito», Matthias Landbeck, seier at for å få dette med, må ein hauste ti planter i kvar sort, og måle tørrstoff i kolbar og strå for seg.

Riktberande historie

Maisfôr er mindre proteinrikt, men krev berre halvparten så mykje gjødsel som graset. I Tyskland er maisen i miljø-søkelys på grunn av avrenning av nitrogen, og tilsetting av soya til fôret tilsvarande upopulært. Så, dei siste ti åra, har det skjedd eit nytt maiseventyr: samplanting av mais og klatrebønner. Ein urgamal praksis i maisens heimland er komen i bruk att. Bønnene kan binde halvparten av det tiltrengde nitrogenet og dessutan erstatte mykje soya – og attåt bli nektar for bier. Ved utval av mais som kan bera bønnene, og bønner med små frø sådd samtidig med mais, har teori og praksis gått hand i hand på rekordtid, og spreidd seg til USA og Kina.

Kanskje på tide å forsøke her til lands, i sommar?

Stikkord denne saka: