Skriv til Olaug: Susanne Horpestad, her avbilde heime på garden, skriv til Landbruks- og matminister Olaug Bollestad. Jan Ove Horpestad, far til Susanne og leiar i Rogaland pelsdyralslag, i bakgrunnen. Foto: Bothild Å. Nordsletten

Olaug, du har teke frå meg dei foreldra eg kjente. Dei er framleis mor og far, men ein sliten, sint og frustrert utgåve.

Det er ikkje riktig! Du har teke frå oss hygga rundt måltida. Ein mobil ringar nesten kvar gong, og me blir stressa og leie oss av at den forstyrrar slik. Det er alltid noko nytt om saka, ein politikar, media, eller ein fortvila bonde.

Olaug, du har frårøve meg ein tryggleik eg ikkje visste eg trong. Eg vil sjå mor og far slappa av, og ikkje snakka om pelsdyrsaka heile tida. Eg vil du skal veta, at det å skriva høyringssvar, kronikker og stilla til intervju ikkje er moro, men ein nødvendigheit eg ikkje trudde eg måtte stille til. For vår historie skal ut, om så den skal leggjast framfør deg på pulten din i regjeringa. Vår historie skal bli høyrt, for den er ikkje unik, ikkje i det heile tatt. Eg tar kampen for mor og far, og for oss som ein familie. Og for dei omlag 200 andre familiane som har det slik.

Olaug, eg vil du skal forstå! Dette er beintøft. Du behandlar pelsdyrbøndene så uverdig, og let mor og far sitte attende med rekninga. Eg vil dei skal behandlast med likskap for lova, at erstatningsgrunnlaget skal væra av reel takst, ikkje bokførte verdiar. Eg har eit ynskje om å møta deg, men eg veit ikkje om eg orkar. For du visar ikkje snev av forståing, hjarte, eller omsorg. Du fortsettar kun å snakka om ein kompensasjon som vil senda dei fleste av oss ut i ruin. Eg vil møta deg for å få deg til å forstå kva dette har gjort med oss som ein familie.

Er du villig til å møta meg? Setta deg ned med meg og lat meg fortelja historia vår? Blir du med på å møta ein rekneskapsførar som fortel oss kva bokførte verdiar er, og kva det vil kosta oss; det feilaktige utslaget det vil gje? Og før du svarar, Olaug, eg veit du er sjukepleiar i hjarte. Men slik oppføra du deg ikkje. Det er noe som heitar å snakka med ein pasient. Ikkje «til», «om» eller «over». Du snakkar ikkje med oss nå Olaug, men om oss.

Det einaste me gjer, er å kjempa for ei anstendig behandling. Det einaste me bed deg om, er å bli behandla på same vis som ein kvar som må gje noko til staten.

Eit svar mottas med takk.

Susanne Horpestad

Bollestad svarer:

Det berører meg at forbudet mot videre pelsdyroppdrett stiller mange pelsdyroppdrettere og familier i en vanskelig og utfordrende situasjon, slik du Susanne beskriver her. Jeg tar dette på høyeste alvor og det har derfor vært viktig for meg som landbruks- og matminister å gjøre alt i min makt for å forbedre den foreslåtte kompensasjonsordningen.
Men som landbruks- og matminister har jeg et ansvar for å gjennomføre Stortingets vedtak. Jeg kommer til å følge opp denne saken tett. Jeg vil nå vurdere høringssvarene grundig før endelig forskrift blir gjort ferdig. Før Stortinget vedtok forbudet, leste jeg personlig samtlige høringsuttalelser som hadde kommet inn. Det samme vil jeg gjøre nå når det nå har kommet inn 160 uttalelser om hvordan kompensasjonsordningen skal utformes. Når ordningen er etablert, vil jeg i tråd med Stortingets vedtak følge den tett, slik at den kan justeres dersom det blir påvist urimelige utslag i samlet utmåling av kompensasjon for enkeltprodusenter.

Landbruks- og matminister
Olaug Bollestad

Stikkord denne saka: