MOLDROK

Om pelsdyr, politikarar og det store sviket

Foto: Bothild Å. Nordsletten

Det er inga sak som har opprørt meg så mykje det siste halve året, som politikarane si behandling av pelsdyrnæringa. Og eg veit at mange har same kjenslene. Når Landbruksministeren har vore frampå og skal marknadsføra det ho kallar eit godt landbruksoppgjer, eller ho skal opna ei utstilling eller dela ut ein premie, så ser eg bare hennar svik i pelsdyrsaka, alt det andre druknar. Det er jamt utruleg når ho seier noko om at det har vore ei vanskeleg sak, men så pratar vidare som at det då er greitt.

I ei stadig fjernare fortid som tilsett i Prior Rogaland Egglag og i Bondevennen møtte eg pelsdyrnæringa og pelsdyrhaldarar i ulike samanhengar. Rogaland Pelsdyrfôrlag sin fabrikk i Sirevåg tok unna slakteavfallet frå fjørfeslaktinga og var såleis ein svært viktig renovatør. Det økonomiske oppgjeret blei regulert ut frå økonomien i pelsdyrnæringa til ei kvar tid, og det var alltid ærlege og greie forhandlingar. Møta med pelsdyrhaldarane var særs positive. Dei er fagleg særs dyktige og meir opptekne av dyrevelferd enn dei fleste av oss. Ved pelsdyrauksjonane i København og Helsinki fekk eg sanna at det er ei internasjonal næring, der dei norske skinna låg heilt på topp i kvalitet og dermed i pris. Eit udiskutabelt og sterkt teikn på god dyrevelferd, godt fôr og, ikkje minst, fagleg dugleik.

Som ei av få næringar i norsk landbruk, har pelsdyrhaldarane skaffa Norge viktige eksportinntekter. Og som ei næring eksponert for verdsmarknaden, varierte prisane og dermed næringa sin økonomi med konjunkturar og motar. Men etter nokre magre år kom alltid nokre langt betre. Og næringa visste til ei kvar tid å setja tæring etter næring.

Det var mest ikkje til å tru då regjeringa bare eit år etter at tre av dei fire partia der hadde vore med på å gi pelsdyrnæringa ein garanti for framtida, vedtok at næringa leggjast ned. Alt for å gjera mikropartiet Venstre tilfreds. At Høgre og FrP gjekk med på dette, kunne knapt overraska, der er det tydeleg at trongen til makt overgår all moral. Men at KrF, som flaggar moral og etikk så høgt, skulle falla ei ærleg næring i ryggen, var ikkje bare uventa, men særs skuffande. Og utruleg at Landbruksministeren aksepterte å stå for avviklinga. Ei rekke seriøse næringsutøvarar hadde satsa på næringa i full forvissing om at stortingsfleirtalet garanterte for framtida.

Løpet er køyrt når det gjeld avvikling. Men så står det økonomiske oppgjeret att. Me oppfatta at det skulle gjevast rimeleg og rettferdig kompensasjon til alle som måtte avvikla. Då synte det seg at det ikkje var så gildt lenger, når rekninga skulle betalast. Ikkje så uvanleg det. Me hadde vel likevel venta at avviklingspartia skulle få klare signal frå sine veljarar at her må det ordnast opp. Det har kome nokre pip, men signala burde vore langt klarare og eintydige: Pelsdyrbøndene må koma frå avviklinga med rimelege økonomiske vilkår. Og kva med verdiane som ligg i pelsdyrfôrlaga? Det ligg verdiar her som må erstattast, og ikkje minst må dei tilsette her og i pelsdyrlaget sikrast økonomisk. Om fleirtalet i regjeringa meiner noko anna, bør politikarar med ein viss moralsk ballast setja ei grense for kva som kan aksepterast, sjølv om dei då må gi frå seg makta. La ikkje politisk makt bety meir enn alle moralske prinsipp. Det vil vera skammeleg, og mykje verre enn det.

Nei, nå må prisen for vedtaket om avvikling betalast. Eg reknar med at siste valresultatet for regjeringspartia, og ikkje minst Venstre og KrF i mange kommunar, også var eit signal om at grensa for moralsk forfall er i ferd med å bli overskriden i denne saka.

Det er ikkje til å tru at framlegget til økonomisk oppgjer seier at det er bokført verdi av anlegga som skal erstattast. Undersøkingar syner at bokført verdi i gjennomsnitt truleg ikkje utgjer meir enn ein fjerdepart av den reelle verdien. Eg vil rå landbruksminister Bollestad til å ta kontakt med til dømes dagleg leiar i Klepp Rekneskapslag for å få ei enkel innføring i rekneskapsprinsipp og verdsetjing.

Saka har nå vore ute på høyring, og dei endelege erstatningsprinsippa skal snart fastsetjast. Då må erstatninga fleirdoblast i høve til det førebels framlegget. Alt anna er eit svik, og vil bryta med alle moralske prinsipp særleg KrF hevdar partiet styrer etter. Me må venta at medlemmer og veljarar i fleire av fleirtalspartia nå seier tydeleg frå: Moral og etikk betyr meir enn å halda på politisk makt. Om nødvendig må statsrådspostar og regjeringsdeltakinga setjast i spel.

Dag Raustein, pensjonist

Stikkord denne saka: