LESARBREV

Sjølvsagt er det òg gøy på landet 🙂

31. august 2020

Faksimile frå Bondevennen 14. august

Men ja, det er òg mykje meir. Alt etter kva dag det er og korleis livssituasjon vi har rundt oss, vil kvardagen for ein bonde opplevast ulikt. Sjur Håland har rett i at bondeyrket kan være både arbeidskrevjande, einsamt og økonomisk usikkert. Men det er også fylt med stoltheit, mestringsfølelse og glede. I dag er heller ikkje gode råd langt unna. Eit tastetrykk og vi har naboen på tråden eller ein kan gå til Facebook med diverse landbruksgrupper. Mellom anna er det eit kvinneleg nettverk for bønder der ingen spørsmål er for dumme. Fleire og fleire bønder tek del i sosiale nettverk som Facebook, Instagram og Snapchat. Det er bra. Sosiale medier kan vere ei kjelde til inspirasjon og formidlingsverdien det har ut til vener og kjente, forbrukar og media må ikkje undervurderast.

Sjur Håland skriv i sist utgåve av Bondevennen at Facebook-sida til Rogaland Bondelag har vore vel mykje gøy på landet i det siste.

Me i styret i Rogaland Bondelag har ynskja meir aktivitet på Facebook. Når ein skal i sosiale medier og i andre medier, må ein ha i tankane kven ein vil nå. Med temadagar som slåtte-tv, inn i grishus og liknande har målet vore å syne forbrukaren kvardagen til bonden og dei ulike produksjonane. Dette har bidratt til ein sterk auke i talet på menneske som dagleg følger sidene våre. Dette legg eit godt grunnlag for å komme ut med meir alvorlege saker når det trengs. Så ja takk, begge deler. Utfordringa frå Sjur Håland med å synliggjera endå meir av dei politiske sakene vi arbeider med er ikkje vanskeleg å ta. Det er eit ynskje som me deler med han.

I år har vi hatt eit annleis år når det gjeld alt av organisasjonsarbeid. Tidsplanar og arrangement har ikkje blitt som vi hadde planlagt og ønska. Likevel har det vore nok av spennande saker å ta tak i og som vi har fått jobba aktivt med. Å halda ei Facebook-side levande og spennande krev sitt. Men det er ein viktig kanal ut mot medlemmar, forbrukarar og politikarane. Me har absolutt eit ynskje om å fortsette å ha ei side der folk drar på smilebandet, lærer noko og blir kjent med oss som lagar maten i Rogaland. Vi trur det vil styrkje bonden og Bondelaget. Og ja, me har plass til fleire.

Noko av det vi har moglegheit til å gjera når vi er eit sterkt lag er å bruka noko av ressursane våre på å vera synlege i sosiale medier. Vi er til stades både for å nå forbrukar og for å nå våre ”eigne”. Kanskje var det akkurat ein litt koseleg filmsnutt frå kollegaen ein annan stad i fylket ein trong den dagen morgonstellet gjekk på skeive, eller bekymringa for jord som tas av storsamfunnet er ekstra tung. Men ein treng òg den tryggleiken det gir å sjå at organisasjonen sin arbeider for viktige saker som har direkte påverknad på inntening og kvardag. Og ei av dei er å invitera forbrukaren inn i fjøset, vise at dei som lagar maten har det gøy på jobb. Ein god grunn for å vera medlem i Bondelaget er at ein får bidra inn i ein organisasjon som arbeider for fellesskapet og vegen vidare for alle oss som lagar maten til alle dei som gjer andre ting.

Forfattar Rasmus Løland skreiv: Eit liv utan draum og tullskap, det vart no vel alt for svart.

Me seier oss einige med han.

Styret i Rogaland Bondelag