YTRING:

Solidaritet med pelsdyrnæringa

14. november 2019

Bondelaget og resten av landbruket må på banen.

For oss som vaks opp i sosialdemokratiet Norge etter krigen, blei omgrepet solidaritet svært viktig. Det blei stadig bygd ut ordningar som tok i vare dei som hadde det vanskelegast, som trong hjelp frå fellesskapet. Solidaritetstanken stod høgt.

Landbruket i Norge stod også for solidaritet. Etablering og utvikling av landbruket sine organisasjonar går 150 år og lengre enn det tilbake. Fagorganisasjonar, samvirke, forsikring og anna samarbeid skulle sikra utvikling og likskap. Dei som trong det, skulle støttast av fellesskapet. Gjennom solidaritet og samarbeid fekk bøndene tryggleik for at ein tok vare på kvarandre.

Men nå står me ovafor ei sak som er verre for dei det gjeld enn det me elles kan finna døme på i nyare historie. Det norske samfunnet, gjennom stortingsfleirtal og regjering, er i ferd med å gjennomføra eit ran som manglar sidestykke. Eg tenkjer på det framlegget som ligg føre om kompensasjon til pelsdyrhaldarane i samband med den tvungne nedlegginga av produksjonen deira.

Mykje er sagt om sjølve forbodet mot framtidig pelsdyrhald. La det nærast utrulege som skjedde, liggja nå. Slik situasjonen har blitt, er det nå først og fremst snakk om den økonomiske kompensasjonen. Skambodet frå regjeringa, og prinsippa dette byggjer på, er ikkje til å fatta. Partia i regjeringa, og særleg statsministeren og landbruksministeren er sterkast å lasta. Landbruksminister Bollestad framstår som heilt låst til det opphavelege framlegget. Forstå det den som kan, ein landbruksminister frå Rogaland og frå KrF. Har ho dårlege rådgjevarar som ikkje klarer å få fram kva framlegget går ut på, eller overstyrer behovet for personleg makt all fornuft?

Det er godt dokumentert at dei erstatningane pelsdyrhaldarane kan rekna med, ligg svært langt unna dei reelle verdiane. For mange av pelsdyrbøndene vil det føra til økonomisk ruin, og mange slit med psykiske plager av denne grunnen. Det kan stå om liv. Olaug Bollestad er like låst. Ho har prøvd seg med at det er ei vond sak for henne, men at ho må følgja regjeringa. Det er ei friviljug sak å vera landbruksminister, og ein person med integritet, nestekjærleik og moral ville trekt seg.

Det er ei lita gruppe bønder dette gjeld, rundt 200. I tillegg kjem tilsette i støttefunksjonane til næringa. Likevel få i høve til total sysselsetjing i landbruket. Det at dei er få, er i seg sjølv ein grunn til å bakka dei opp. Når det ranet og sviket dei er i fare for å bli utsette for, er større enn i noko anna sak me kjenner til, er det grunn til mobilisering. Me må ikkje la det som held på å bli ein pelsdyrskandale drukna i den nyleg oppdaga NAV-skandalen. Det vil nok passa regjeringa at det skjer, men me må minna om at dei tapa den enkelte pelsdyrhaldar risikerer, blir langt større enn noko «NAV-tap».

Det er mange aksjonar som kanskje ikkje er lønsame på kort sikt, men som på lang sikt er heilt nødvendige. Dette er ei sak der dei mange må vera viljuge til å ofra noko for dei få. På lengre sikt kan det vera greitt å ha vist at ein står saman. Solidaritet er viktigare enn kva som tener meg sjølv mest på kort sikt. Med vesentleg betre kompensasjon til pelsdyrbøndene snakkar me ikkje om ei påplussing på eit hundre millionar eller to, men ei fleirdobling i høve til framlegget.

Landbruket sine organisasjonar må nå koma med heilt klare signal. Skjer det ikkje noko vesentleg med framlegget til kompensasjon, må ein syna ovafor landbruksministeren kor viktig saka er. Mellom anna kan ein ikkje la ho koma på ulike arrangement for å visa seg fram. Når ho får stå og smila mellom bønder på ulike arrangement, er det på ein måte å legitimera det ho står for. Dersom Bollestad til dømes er invitert til det store Varhaugmøtet i januar, må invitasjonen annullerast. Statsministeren og ein del andre er like lite velkomne. Kontakten må avgrensast til ulike, lukka forhandlingar.

Det vil sjølvsagt sitja langt inne for Bondelaget og andre organisasjonar å flagga at dei vil ha minst mogleg med landbruksministeren å gjera, men dette vil syna at solidaritet og det at me står saman, framleis gjeld, og det vil alltid løna seg på lengre sikt. Situasjonen er så dramatisk at det er uråd å unngå ein verkeleg konfrontasjon. Me må pussa støvet av gamle heidersprinsipp som solidaritet og samhald.

Dag Raustein, pensjonist

Stikkord denne saka: