HØYR!

Sunt å vera avløysar

23. september 2022

Eg høyrer av og til om bønder som har jobba månadar i strekk utan ein einaste fridag.

Å jobba med husdyr er bra for både den fysiske og mentale helsa, meiner ryfylkingen Rolf Magne Haukalid. Likevel må han kjempa for kvar einaste avløysar i regionen.

Sjur Håland

– Det gjeld å gjera avløysarjobben både meiningsfull og attraktiv for å halda på avløysarane så lenge som råd, seier Forsand- bonden.

Gjennom samarbeid med ungdomsskulen i bygda har bonden hatt fleire ungdommar i arbeid.

– Å bruka ungdomsskular med valfag som rekrutteringsarena for ungdom med arbeidslyst, kan kanskje vera ein ide også for andre bønder og skular, seier han.

For rekruttering trengst. Arbeidsmarknaden her i landet er svært stram for tida, minner bonden, veterinæren og styreleiaren i Landbrukstenester Ryfylke om.

– I vår region er det mange bønder som driv med frukt og grønt som løner sine sesong-arbeidstakarar gjennom laget. Å få tak i kvalifiserte sesongarbeidarar, er nok enda vanskelegare for tida enn å skaffa ordinære avløysarar.

Når tilgangen på arbeidskraft blir støvsuga av personell på kontoret til landbrukstenesta, utan at alle får hjelp, er gjerne bøndene avhengige av eige nettverk for å rekruttera.
Også når det gjeld avløysing på dei tradisjonelle husdyrbruka, må landbrukstenesta rekruttera i ein støvsuga arbeidsmarknad.

– Me må berre erkjenna at landbruket ikkje greier å konkurrera med lønsnivået i samfunnet elles.

Haukalid trur geografien også spelar inn for dei som er på jakt etter ny avløysar.

– Unge ungdommar som har eit stykke veg fram til fjøset er då avhengig av transporthjelp av andre til og frå morgon- og kveldsstellet.

I Ryfylke planlegg dei nye avløysarkurs.

– I tillegg har me i styret snakka om å få til infomøte der me orienterer interesserte om kva moglegheiter som ligg i å ta seg arbeid som avløysar.

Frå eit samfunn prega av overflod, kan det bli tøffare økonomisk for vanlege familiar framover.

– Det kan nok bidra til at ungdommane våre i større grad enn før vil ha behov for å tena seg nokre ekstra kroner. Dette er sunt for dei unge. Å jobba med husdyr er bra for både den fysiske og mentale helsa. For bøndene er det også avgjerande med eit pusterom gjennom litt helgefri og ein ferie i ny og ne, seier Haukalid.

– Eg høyrer av og til om bønder som har jobba månadar i strekk utan ein einaste fridag. Det er ikkje bra for helsa. Me treng å senka skuldrane innimellom og kopla av.  

Stikkord denne saka: