HØYR!

Toppa pallen med småpoteter

nov 20, 2020

Foto: Privat

For oss har det blitt viktig å ha maskinar som jobbar presist og effektivt.

Henning Andreas Holand

Av 800 nominerte var det to potetdyrkarar med sans for kortreist mat og tiltak mot matsvinn som i år stakk av med tittelen Årets unge bonde.

Sjur Håland

Dina Fonn Sætre (29) og Henning Andreas Holand (35) driv med potetproduksjon og dyrkar også bygg på Fonn-Holand gård, på Engeløya i Steigen kommune i Nordland.

– Det går mest i mandelpotet her hjå oss. I år dyrka vi poteter på til saman 360 mål, seier Henning Andreas, når Bondevennen ringer og gratulerer dei to med prisen.

Bruk av ny teknologi og tiltak mot matsvinn, er blant juryen sine argument for at nett dei to vann tittelen. Traktorane er proppa med GPS-teknologi og arbeider innafor nøyaktigheitsmarginar på éin til to centimeter.

– For oss har det blitt viktig å ha maskinar som jobbar presist og effektivt. Vi køyrer jo over jordene ganske så mange gonger gjennom sesongen. Å vera så effektive som råd sparer tid, drivstoff og reduserer jordpakking, seier han.

Matsvinn er eit omgrep mange knyter til butikkar og restaurantar. Dina og Henning Andreas har teke omgrepet inn på garden.

– Eg var ukjent med matproduksjon frå før, og vart nok litt sjokkert då eg såg praksisen med å la dei små potetene ligge att på jordet eller bli sortert ut, seier Dina.

I samarbeid med Innovasjon Norge og Coop har dei små mandeldelikatessene, pakka i eigenutvikla emballasje, nå blitt ein del av sortimentet frå Fonn-Holand gard.

– I år har me kome så langt at småpotetene har blitt selde i butikkar både her i Nord-Norge og på Austlandet. Det er stas, seier ho.

Om småpotetene deira har reist eit stykke, er bøndene opptekne av lokal resursutnytting og kortreist mat. I staden for å transportere korngrøda til ei mølle i Trøndelag, blir byggavlinga, som er ein del av vekstskiftet på garden, valsa og brukt i fôrblandinga til naboen sine mjølkekyr.

– Alternativet hadde vore at naboen måtte kjøpt meir kraftfôr frå produsenten på Austlandet. Då er det mykje betre at me hjelper kvarandre her på øya, der det er mogleg, seier Dina.

Ho har framleis ei deltidsstilling som landskapsarkitekt. Planen er at begge skal ha full jobb på garden.

– Å vera saman om arbeidet, utfordringane og, ikkje minst gledene på garden, trur vi er viktig, seier ho.

– Kva er framtidsplanane?

– Hovudmålet framover er å bli kjempegode til å produsere dei beste potetene. Her er det utruleg mange faktorar som spelar inn, seier Henning Andreas.

– Kva må til for at unge og nye bønder skal lukkast?

– Å ha gode folk rundt seg er viktig. Skal du trivast og få til det du held på med, må du ha låg terskel for å spørja om råd, seier Dina og Henning Andreas.

Stikkord denne saka:
Share This