MI MEINING

– Utnytt potensialet

Kvar kilo import er tapt inntektspotensial for næringa

Me er langt frå sjølvforsynt med norsk frukt i sesong. Næringa må utnytte potensialet i marknaden, men det må skje kontrollert, seier fruktdyrkar Knut B. Hauso.

Liv Kristin Sola

– At norske produsentar berre klarar levere om lag halvparten av volumet som vert etterspurt i butikkane er ei sanning med modifikasjonar, seier Knut Byrkjenes Hauso, fruktdyrkar i Hardanger.

Han er usikker på tala som ligg til grunn for prognosane.

– Bestillingane frå butikkane speglar ikkje det reelle behovet. I periodar med underdekning vil dei overbestilla for å sikre så høge leveransar som råd.

Hauso er oppteken av å fylle gapet mellom tilbod og etterspurnad for å redusere importen, men understrekar at ei produksjonsauke må vere planlagd og kontrollert.

– Det er ikkje berre å sette i gang og plante tre, seier Hauso. Han fryktar at suget i marknaden kan freista somme til å få innpass i marknaden ved å by under dei som er organisert.

– Ikkje akseptabelt. Skal me klare å balansere produksjonen og oppretthalde ein god økonomi i næringa, må me ver lojale mot kvarandre og dei ordningane me har, ikkje undergrave marknaden, åtvarar Hauso.

Butikkane ønsker norsk frukt, men næringa har ei utfordring med å vere leveringsstabile til ei kvar tid, også innan ein sesong.

– Me er for «baktunge» i sesongen og er for lite leveringsdyktige i starten. Spesielt gjeld det eple. Den seine sorten Aroma gir høge avlingar, er lagringsstabil og svært motstandsdyktig mot sjukdom, eigenskapar som har gjort den svært populær blant fruktdyrkarar. Butikkane vil ha variasjon. Tilbyr me berre å levere ein sort, tapar me plass i butikkhyllene. Fleire sortar ville auka salet også i sluttsesongen, trur Hauso.

Kundane er klar for norsk frukt i starten av sesongen, men mot slutten er det importerte fruktslag som freistar meir.

– Me skulle vore flinkare å ta ut potensialet, spesielt tidleg i den norske sesongen. Kvar kilo import er tapt inntektspotensial for næringa. Draumesituasjonen er ein stabil produksjon tett oppunder balanse, redusere import til eit minimum, men halde prisnivået.

Hauso ønsker nye produsentar velkomne, men trur samstundes produksjonen kan aukast mykje på allereie eksisterande areal.

– Me har eit ikkje ubetydeleg volum knytt til areal som er forelda og treng fornying. Nye plantingar gir høgare avlingar, men moderne teknikkar og maskinar krev ei betre arrondering. Det er greitt at det er bratt, men det må vere jamt bratt, seier Hauso.

Han stiller spørsmål ved reglane til Innovasjon Norge som ikkje inkluderer grunnarbeid og god arrondering i investeringstilskot til fruktprodusentar.

– God arrondering er ein føresetnad for å ta i bruk moderne teknologi og utvikle drifta på mange bruk. Det er som om eit fjøsprosjekt ikkje skulle få støtte til grunnmuren. Jorda er grunnmuren i min produksjon.

Stikkord denne saka: