HØYR!

– Vil bli portforbod igjen

27. mai 2022 | Dessutan

I framtida vil me nok raskare både gi og oppheva portforbod.

Mange jublar over at portforbodet for fjørfe er oppheva. Men Mattilsynet åtvarar om at det vil innførast igjen.

Jane Brit Sande

Portforbodet som vart innført då høgpatogen fugleinfluensa blei påvist i ein kommersiell fjørfebesetning på Jæren i november i fjor, er endeleg oppheva. Sidan då har det ikkje vore nye påvisingar av sjukdommen, korkje i kommersielle fjørfehald eller i hobbybesetningar.

– Det er mange som jublar for dette, stadfestar Guro Myhrene, seksjonsleiar i Mattilsynet, til Bondevennen.

Portforbodet var ein av restriksjonane Mattilsynet innførte for å hindra vidare spreiing av det smittsame viruset. Høner og anna fjørfe måtte haldast under tak i fleire kommunar i Rogaland.

– Portforbodet har mest av alt råka hobbyfuglehaldarane, der det er ein viktig del av velferda at dyra er ute. Brevdueforeininga er svært glad for at dei endeleg kan kappflyge med duene sine igjen, seier Myhrene.

Men faren for nye tilfelle av høgpatogen fugleinfluensa er ikkje over, trass i opphevinga av portforbodet.

– Alle som har fjørfe, om det er i kommersielt fjørfehald eller hobbyhald, må reagere viss det er unormal eller høg dødelegheit i flokken. Det må vere låg terskel for å kontakta veterinær og Mattilsynet, seier Myhrene.

Det er Veterinærinstituttet som har kunnskap om fugletrekk, smittesporing og situasjonen i Europa. Dei gir råd til Mattilsynet.

– Mattilsynet høyrer på råda deira. I framtida vil me nok raskare både gi og oppheva portforbod. Det vil bli portforbod igjen på eit tidspunkt, og signala tilseier at det vil bli meir vanleg, seier Myhrene.

Mange har allereie starta førebuingane.

– Fleire bønder tar enda ein runde og spør seg «kva meir kan me gjere?». Til dømes ser dei på korleis dei kan betre smittebarrierane på eggsal, seier Myhrene.

Ho er ikkje i tvil om kva som er viktigaste grep for å vere rusta til neste smittetrugsel:

– Smittevern, smittevern, smittevern.  

Stikkord denne saka: