HØYR!

Vil ha nye jordprøvar

3. desember 2021 | Dessutan

Mange konvensjonelle bønder har byrja bli gira på dette.

Viss jordprøvane hadde vist meir av kva jordbiologien kan bidra med, kunne ein redusert gjødselmengda og oppnådd same resultat, seier kornbonden Hellek Berge.

Anne Rivenes, frilansjournalist

– Me treng jordprøvar som er meir relevante for å måle biologiske eigenskapar i jord, for å kunne ta omsyn til det når ein vurderer kor mykje ein skal gjødsle, seier Hellek Berge.

Kornbonden i Sauherad i Midt-Telemark er meir enn middels oppteken av jord. Etter at han oppdaga kva gratishjelp mikrolivet i jorda kan bidra med, er han ikkje i tvil om at norsk landbruk kan tene mykje på å spele på lag med biologien.

– Kva er gale med dagens jordprøvar?

– Dei vanlege jordprøvane som ein har halde på med i mange år, kikar ikkje på biologien, men er meir kjemiske og fysiske prøvar, som viser tilgjenge av næringsstoff i jorda. Viss prøvane hadde vist meir av mikrolivet i jorda, og kva jordbiologien kan bidra med, kunne ein redusert gjødselmengda og oppnådd same resultat, meiner Berge.

Han har sjølv erfart det han kallar 80/20-landbruk. Han oppnådde 80 prosent av gjennomsnittsavlinga i landet på havre, med berre 20 prosent av gjødslingsnorma for nitrogen.

– Det er kjempespennande, og viser at det er stort potensial for vinn-vinn, som få kjenner til. Bønder kunne spart mykje pengar på kunstgjødsel, dersom ein fekk prøvar som viste den aktive biologien i jorda, og kva den kan bidra med.

– Er det ikkje rart at livet i jorda ikkje blir teke meir omsyn til?

– Jau, men tankegangen er relativt ny. I USA kan ein ta slike jordprøvar. Det er ofte nye ting blir litt omstridt. Somme meiner at «slik ser jorda ut – punktum». Biologien har vore neglisjert i mange år.

– Kvifor er dette så viktig?

– Det kunne hjelpt oss mykje med det grøne skiftet. Å spele på lag med naturen er vinn-vinn. Som bonde får eg gratishjelp frå naturlege prosessar. Desse kan ikkje kommersialiserast, og difor er det ikkje interesse for å investere pengar. Det ligg litt utanom tankegangen vår om at menneske skal ta kontroll på alt.

– Kan norske bønder nok om jord?

– Nei. Det er mitt korte og klare svar.

– Er det håp?

– Ja, trenden er heldigvis oppadgåande dei siste åra. Mange konvensjonelle bønder har byrja bli gira på dette. Og landbruksrådgjevinga har vakna, fordi bøndene spør om det.

– Ditt beste jord-råd til andre bønder?

– Til grasbønder vil eg seia: Få opp mangfaldet på jordet, for å stimulere mikrolivet. For kornbønder: Hald jorda grøn heile året, og skap mangfald med vekstskifte og fangvekstar.

Stikkord denne saka: