06_fagartikkel

 

Det er for tida eit stort overskot av fôringskalv. I denne situasjonen vil det være aktuelt å vurdere slakting av oksane ved lågare vekter enn normalt. Særskilt i dei områda der slaktevektene av oksar normalt ligg i høgste laget.

 

Karl Vie
Nortura

 

Det er fleire tilhøve som har skapt denne situasjonen. I mange område er det mindre grôvfôr enn vanleg, noko som medfører mindre trong for fôringskalv til oppfôring. I tillegg er det større salg av fôringskalv frå mjølkeprodusentane på grunn av frikvote på mjølk. Mjølkeprodusentane utnyttar driftskapasiteten til mjølk og får kalv til overs.

Med det overskotet av kalv som vi no har, er vi i ferd med å komme i den situasjonen at fleire må kvitte seg med fôringskalvane og dei kan ende opp som slakt. Det vil være  svært uheldig når prognosane for 2012 viser eit underskot av storfekjøt på landbasis med om lag 10 000 tonn etter avtalefesta import.

Okseskjøtprodusentane bør slik situasjonen no er vurdere å slakte oksane ut noko tidligare enn. normalt. Produksjonsøkonomisk vil det være forsvarleg og for storfekjøtprodusentane som gruppe vil det og vere eit viktig poeng å klare å handtere dette.

Vi reknar med at overskotsituasjonen av foringskalv  vil vare i perioden fram til slutten av mars. Dei som slaktar ut no vil kunne få fylt opp att umiddelbart, og dei vil være sikra fulle slaktefjøs til 2013.

270-290 kg slaktevekt

Mange veit eg har endra fôringsstategi og har fôra oksane sine meir intensivt frå hausten av. Meir intensiv fôring med auka mengde med kraftfôr framskundar slaktemodninga. Desse oksane vil vere slaktemodne  i vektintervallet 270 til 290 kg. Det vil og vere økonomisk gunstig å starte med nye kalvar som produserar eit kg slaktetilvekst med bruk av ca. 6 FEm pr kg slaktetilvekst, framfor å fôre slaktevekter over 300 kg, der det går frå 10 opp i mot 14 FEm pr kg slaktetilvekst.

Oksefôring ved mangel på grôvfôr

Foringsstrategien av kalvane denne vinteren vil og ha betydning for korleis ein kjem ut med grovfôret denne foringssesongen.Det vil vere eit poeng å intensivere fôrstyrken på desse. Eg vil derfor fokusere på generell strategi ved oksefôring ved knapt med grovfôr.

Det som må vere i fokus ved mangel på grôvfôr, er sjølvsagt å redusere tildelinga av grôvfôr og det å redusere det totale fôrforbruket. På Vestlandet er det vanleg at oksane får om lag 50 % av energien i form av grovfôr og 50% i form av anna fôr, då hovudsakeleg kraftfôr.

Så er spørsmålet. Kor store kraftfôrmengder er det forsvarleg å bruke av totalfôret? Økonomisk vil det vere avhengig av pris og mengde av grôvfôr. Ved mangel på grôvfôr og nok fjøsplass vil det heilt klart vere eit poeng å auke kraftfôrmengda for å kunne  fôre oksane, dersom alternativet er sal av fôringskalv.

Fôringsfagleg kan det vere forsvarleg å auke kraftfôrandelen opp mot 65 til 70 %. Då er det imidlertid “balanse på ei knivsegg”.

Tilhøve ein då må vere merksame på er:

– Med store kraftfôrmengder vil det lett bli store Ph-senkningar i vomma som vil medføre at ein stor del av fiberet i fôret ikkje vert fordøyd og fôrutnyttinga vil bli redusert. Ubalanse i vomma vil og føre til at fôropptaket vil gå ned. Derfor er ein viktig føresetnad at kraftfôret vert tildelt fleire ganger i døgnet. Helst ikkje over 2 kg pr. tildeling.

Ein bør bruke kraftfôr med mykje fiber og lite lettløyseleg stivelse (snakk med fôrleverandøren).

Auke  i kraftfôrtildelinga må føre­takast gradvis.

Det er viktig å observere korleis dyra reagerar. Følg med på gjødselkonsistens og reguler fôringa etter denne.

Ved lite grôvfôr er det ein fordel om fôret er fortørka og at det ikkje er finkutta.

Grôvfôret må tildelast over døgnet og helst før tildeling av kraftfôr.

I og med at ein ved eit slikt fôringsregime brukar større del av fôret med høg konsentrasjon vil fôringsintensiteten auke. Den daglege tilveksten vil bli større og feittavleiringa vil starte tidligare, og dyra vil bli tidlegare slaktemodne. Det betyr at oksane bør slaktast med vekter mellom 260 og 290 kg.

 

 

 

 

 

Stikkord denne saka: ,