bv36_fag

 

Viktige praktiske tilhøve ved avvenning og vinterfôring i ammekuproduksjon med vårkalving.


Karl Oddvar Vie
Nortura


Avvenninga bør i dei fleste tilfelle skje når kalven er omlag sju månadar gammal. Dersom kua mjølkar dårleg bør avvenninga skje før.
Å skilje kalven frå mora er ei stor påkjenning for begge. Dei første dagane vil dei raute etter kvarandre, men etter tre til fire dagar innfinn dei seg med endringa.
Når mora er vekk vil kalven orientere seg mot røktar. Bruker ein litt ekstra tid på å handtera kalven i denne perioden, vil dyra vera tammare og lettare å handtera når dei vert eldre. Det er ei utfordring å unngå at kalven får ein stagnasjon i tilveksten ved avvenning. Det er to tiltak som kan settast i verk for å redusere utfordringane i denne fasen. For det første, la kalven få tilgang til kraftfôr før beiteslepp. La gjerne kalven få ete saman med mora.
For det andre, bruk kraftfôrautomat til kalvane mot slutten av beiteperioden, i alle fall frå august av.
Næringstilgangen kan då oppretthaldast når beitekvaliteten vert dårlegare samstundes som mjølkemengda minkar. Kalvane vil vera tilvande og ha eit godt kraftfôropptak ved avvenning. Å oppretthalde tilveksten i denne overgangsperioden er viktig, enten kalven skal fôrast vidare i eigen buskap eller seljast etter avvenning. Det vil gje gode føresetnader for vidare framfôring.

Mordyra

Hugs å få kyrne drektigheitsundersøkte ved avvenning. Ikkje drektige kyr bør slaktast snarast. Det kan vere aktuelt å sleppe kyrne på beite att etter avvenning. Enkelte har det slik tillaga at kyrne kan gå ute på dagtid heile vinteren. Der det er praktisk mogleg, er dette svært gunstig for dyra, mellom anna i høve til kalvingsforløp.
Ved kalving skal kyrne vere i høveleg hald. Ved starten på innefôringssesongen, bør mordyra delast inn i grupper etter kva fôrstyrke dei vil ha behov for.
Dersom ein har høve til det, bør ein gruppere dyra etter følgjande kriterier:

  • Avvende kvigekalvar som skal bedekkast eller inseminerast
  • Fyrstegongskalvarar
  • Tynne kyr
  • Kyr i godt hald

Er det plassproblem, kan ein gruppere fyrstegongskalvarar og tynne kyr saman.
Gjennom vinteren kan høy eller surfôr vere tilstrekkeleg som einaste fôrmiddel. Dersom kvaliteten på høyet eller surfôret er god, kan det vere naudsynt å erstatte noko av det med halm for ikkje å få mordyra for feite. I periodar der ein gir lite eller ingenting kraftfôr, må ein gje tilskot av mineralar og vitaminer. I tillegg til vitaminer, er særleg minerala kalsium, fosfor og magnesium viktige og bør sikrast gjennom ekstra tilskot. Unngå for all del å få mordyra for feite fram mot kalving. Det kan føre til kalvingsproblem. Feite kyr tåler å bli underfôra ( 80% av vedlikehaldsbehovet) ein periode dersom ein sikrar tilgang på mineraler og vitaminer. For tynne kyr fram mot kalving vil gje dårlegare mjølkeproduksjon. Det kan og vere problem å få dei i brunst til rett tid.
Ha som mål å ha mordyra i høveleg hald til sjuande drektigheitsmånad og legg opp til stabilt hald frå då av og fram til kalving.

Kvigene

Kvigene bør fôrast godt slik at dei kan bedekkast ved 15 månaders alder. Dei bør då vege minst 60 % av vaksenvekt. For å sikre at kvigene vert store nok til ønska bedekningsalder, er tidleg avvenning pluss tilleggsfôring på beite, gode tiltak.
1,5 kg kraftfôr per dag ved middels godt grovfôr kan brukast som ei rettesnor. Ved dårlegare grovfôr eller lågare avvenningsvekter må kraftfôrmengda aukast.

Stikkord denne saka: ,