36_fagartikkel

Det mest vanlege driftsopplegget i ammekuproduksjonen er det vi kallar tradisjonelt driftsopplegg, der alle kalvane vert framfôra til rekruttering eller til slakt. For å optimalisere drift og økonomi vil det for mange vere betre å velje det vi kallar utradisjonell ammekuproduksjon.

Tradisjonell ammekuproduksjon

Her vert alle kalvane fôra fram. Kvigekalvar som skal brukast til rekrutering av nye ammekyr vert påsette. Med brukstida som er på mordyra i denne produksjonen kan det dreie seg om 20 til 30% av kalveårgangen. Resten av kvigene vert anten selde som livdyr eller fôra fram til slakt. Alle oksekalvane vert fôra til slakt.

Utradisjonell ammekuproduksjon

Ved eit slikt driftsopplegg vert alle kalvane som ikkje skal gå til rekrutering selde etter avvenning. Avvenninga bør skje seinast ved 7 månaders alder.

Økonomi

Ein stor del av inntekta i ammekuproduksjonen kjem gjennom tilskot over jordbruksavtalen. Produksjonen er ekstensiv og treng støtte gjennom tilskot. Ein auka ammekuproduksjon vil vere viktig for å dekke opp trongen for norskprodusert storfekjøtt og for å ta vare på kulturlandskapet. Denne jobben er det mordyra som hovudsakeleg gjer gjennom bruk av grovfôr og beite. Tilskotta er derfor i stor grad knytte opp i mot husdyr og beitetilskot til mordyra. I oksekjøttproduksjonen har husdyrtilskotet meir marginal betydning. Ved å selje kalvane etter avvenning vil ein spare fôr som i staden kan brukast til fleire mordyr. For dei fleste bruk vil dette gje betydeleg betre totalinntening.

Størst utslag gjev dette ved buskapar som får maks tilskot ( under 25 ammekyr).

Grovt sett kan ein seie at ved sal av 10 oksekalvar ved fråvenning vil ein kunne spare grovfôr til 5 ammekyr. Der­som ein buskap som har 20 ammekyr sel 10 oksekalvar ved avvenning vil det gje forgrunnlag til 25 ammekyr.

Ved sida av betre driftsøkonomi er det òg andre fordelar med utradisjonelt driftsopplegg:

Trong for bygning

Ved utradisjonelt opplegg vil det berre vere aktuelt med oppstalling av mordyra og rekrutteringskvigene. Ved nybygg eller ombygging vil kostnaden av den grunn bli vesentleg lågare enn ved å også måtte bygge oppstallingsplass til oksar. Utradisjonelt opplegg vil òg vere lettare å få til i eksisterande mjølkekufjøs der det er aktuelt å gå over til ammekuproduksjon. Her vil ein kunne få til bra planløysing til ein akseptabel kostnad.

Arbeid og ferie

Utradisjonell ammekuproduksjon vil medføre at ein slepp å ha dyr oppstalla inne om sommaren, med alle dei fordelane det medfører med omsyn til ferie og fritid.

Hugs likevel på at dersom ein reiser bort, må ein alliere seg med andre for å gje dyra forsvarleg ettersyn på beite.

Arbeidsdeling

Det vil vere mange fordelar med ei arbeidsdeling i ammekuproduksjonen der nokre bruk konsentrerer seg om mordyrproduksjonen og andre om framfôringa av oksane. Ei slik spesialisering vil optimalisere økonomien ved at vi kan ta ut meir tilskot til mordyrproduksjonen.

Framfôringa av okseslakta vil vi ha kapasitet til i spesialiserte oppforingseiningar, der økonomien vil vere meir knytt opp i mot volum og effektivitet.

 

 

Stikkord denne saka: