Rådgjevaren i Norsk Pelsdyralslag skriv at bonden bør ha fokus på eigen produksjon. (Illustrasjonsfoto: Bondevennen)

Rådgjevaren i Norsk Pelsdyralslag skriv at bonden bør ha fokus på eigen produksjon.
(Illustrasjonsfoto: Bondevennen)

Bonden sitt fokus må vere å oppnå eit best mogleg avlsresultat for å vere konkurransedyktig i ein tøft marknad.

Sven Gil Westersjø
Rådgjevar i Norges Pelsdyralslag

Når næringa sel sine landbruksprodukt på den internasjonale verdsmarknaden har det sine fordeler og ulemper. I det siste 10-året har det ikkje vore anna husdyrproduksjon i Noreg som har vore meir lønnsam enn minkproduksjon. Ei rivande økonomisk utvikling i verda har gitt stor etterspurnad etter våre produkt. Nå kjem ei priskorrigering, som var venta hjå oss. Denne prisreduksjonen er mindre i Noreg enn i andre land. Dette fordi ein svak kronekurs gjer at dei norske minkprodusentane styrkar seg i konkurransen med Danmark, Finland, USA og dei andre minkproduserande landa.

Riktig fokus

Den enkelte minkbonde kan ikkje, og bør ikkje, ha anna fokus enn på eigen produksjon. Her kan vi kvar enkelt gjere ein forskjell, ved å gjere dei rette tinga til rett tid. Sett fokus på å bli dyktigare i år enn i fjor. Slik kan du utlikne og styrke økonomien og auke konkurransekrafta på din minkgard. Kva gjorde eg godt i fjor og kva gjorde eg dårleg? Sjå etter moment som kan gjere deg dyktigare. Snakk med, og besøk, dyktige produsentar, og gjer endringar for å bli betre.

Haldstyring

Det er ingen tvil om at ein av dei viktigaste faktorane for å oppnå gode reproduksjonsresultat er at dyra er i riktig hald før paring. Samstundes er det viktig å halde igjen på fôringa slik at dei ikkje blir i for godt hold til kvelpinga.
Styring av haldet på dyra starter straks etter pelsing, og dyra bør snart vere i riktig hold. Men pass på, «skinnet bedrar». Det kan vere ganske vanskeleg å sjå at dei store hannane har gått ned i vekt. Det er ikkje til å unngå at det vil vere noko laust skinn når kroppsfett gradvis forsvinn.
Det kan i første augekast sjå ut som at hannane framleis er for feite. Er du i tvil om det er feitt eller laust skinn så må du ta dyra ut av buret og kjenn på dei. Sjekk om testiklane er fri for kroppsfett. Er dei det så kan du ta det roleg. Hannane manglar då berre den siste trimmen. Det er eit viktig mål at dyra dine er i einsarta hald. Dess meir einsarta haldet på dyra dine er, dess lettare er det å fôre.

Veging

Som tidlegare skrive i Bondevennen er veging av dyr er ein nøkkelfaktor i vårt dyrehald. Har du ikkje veid dyra dine før, så har du ein gylden sjanse no, når ny sesong er i startgropa. Veging er eit styringsreiskap, og for at du kan få eit klart overblikk over kor raskt dine dyr går ned eller opp i vekt. Du skal ikkje vege alle dyr, men veg eit lite utval frå kvar fargetype. Veginga skal alltid supplerast med ei haldvurdering av kvart einskild dyr. Dyra har jo ikkje behov for same mengd fôr, men ditt mål er at dyra skal vere i passe hald og einsarta. Haldvurdering gjer du minst ein gong i veka. Kryp gradestokken ned på minus, må du gjere dette to gonger i veka.

Huskeliste for haldvurdering

  1. Bruk same metode for å vurdere dyra kvar gong, enten frå fôrgangen eller frå gjødselgangen.
  2. Det er lettast å vurdere haldet like før fôring. Då er dyra ute av reirkassa og mest aktive.
  3. Sjå fleire plassar på minken, både hals, rygg og hofter.
  4. Hannane kan vere vanskelige å vurdere haldet på, då dei kan ha mykje bukskinn.
  5. Bruk di eige hand som rettesnor for det du ser med auga.
  6. Har du mykje dyr kan du dele besetningen opp i grupper som blir vurdert på ulike dagar.
  7. Hald fram med det same vurderingsmønsteret til paring.

Riktig hald

I Rogaland har vi hatt ein god kuldeperiode, med overgang til mildver att. Rogalendingane er kjent for å hente kunnskap og tips frå minknasjonen Danmark. Når det gjeld haldvurdering er det viktig at vi ligg noko over deira anbefalingar. Dette fordi vi har ein kaldare vinter og det er viktig at vi har noko å «gå på» om det kjem ein kald periode. Danske anbefalingar er at hannane bør vere i hald 2 i slutten av januar. Dyr som er i hald 2 er slanke og «røyrforma», med ei markert stripe mellom bakbeina. Ser dei ikkje slik ut er det høgare risiko for tome tisper og dårlegare paringslyst. For feite enkelthannar i slutten av januar bør få meir tid på seg, og derfor ikkje bli brukt før noko ut i paringa. Eventuelt bør dei plasserast saman med reservehannane. Etter danske anbefalingar bør hannane haldast i hold 2 fram til midten av februar.
Tispene går også frå hald 3 til hald 2 i slutten av januar. Sett inn lesluser til dei tispene som først kjem ned i ønska hald. Dette gjer det lettare å ha riktig hold i og fôre ei einsarta besetning. Husk at du alltid må ta omsyn til vêret. I kalde periodar må du auke fôret. Kulde og vind aukar fôrforbruket med om lag 4 gram per grad gradestokken går ned. Eitt døme: Har du oppnådd riktig hold og funne mengde fôr for å halde denne holdklassen. La oss seie at temperaturen i denne perioden er 5 varmegrader. Om temperaturen går frå + 5 til 0 vil det krevje 20 gram meir fôr per dyr per dag å halde minken på same vekt (4 * 5 grader). Den same effekten har du om det bli vind. Om vinden aukar frå laber bris til frisk bris aukar også fôrforbruket med 20 gram per dag. Husk å bruke godt med halm over reirkassa slik at dei får eit lunt og godt reirmiljø å søke ly i. Legg deg på minne at det sjølvsagt er forskjell på opne 2 rekkers hus og lukka hallar. Vinden har ikkje same effekt i hallar.
Januar og februar er viktigare enn mange produsentar tenker på. Lukke til med å legge eit godt grunnlag for årets avlssesong.

Det er ingen tvil om at ein av dei viktigaste faktorane for å oppnå gode reproduksjonsresultat er at dyra er i riktig hald før paring, er eit av råda frå Sven Gil Westersjø. (Illustrasjonsfoto: Bondevennen)

Det er ingen tvil om at ein av dei viktigaste faktorane for å oppnå gode reproduksjonsresultat er at dyra er i riktig hald før paring, er eit av råda frå Sven Gil Westersjø. (Illustrasjonsfoto: Bondevennen)

Stikkord denne saka: