Grøn, grønare: Her ser me korleis ulike arter tålte tørken i fjor. Strandsvingel til venstre står mykje friskare enn timotei til høgre.

Det er utfordrande å drive plantedyrking under skiftande tilhøve. Men ein del punkter står likevel fast, og mykje kan sporast tilbake til solid agronomi.

Geir Paulsen
Avdelingssjef såvarer FKRA

Etter fleire år med utfordrande dyrkingsforhold spør mange seg korleis dei skal drive grovfôrproduksjonen i framtida. I 2017 hadde me rekordlang regnperiode, med svært få opphaldsdagar innimellom. Innhaustinga var svært vanskeleg, og i tillegg vart det store problem med jordstrukturen når jorda aldri fekk tørke opp.
For å rette opp dårleg jordstruktur trengst det nokre lengre periodar med tørt vær i løpet av vekstsesongen. Dette fekk me til gangs i 2018. Plantene sitt rotsystem gjekk langt nedover i jordprofilet, samtidig med at jorda smuldra og sprakk opp på grunn av tørken.
På enkelte jordarter drar me fordelar av dette ennå.
For mykje og for lite skjemmer alt, heiter det. I 2018 vart det for lite regn, og avlingssvikt vart resultatet.

Kalktilstand

Ein viktig faktor i engdyrkinga er å ha god kalktilstand i jorda, og i normal engdyrking bør pH ligge mellom 6,0 og 6,5. Under slike forhold er tilgangen på næringsstoff optimal. God kalktilstand gir også betre jordstruktur, og dermed betre forhold for planterøtene til å søkje nedover. Planter med djupe røter er mindre utsette for tørke, samstundes som jorda blir betre drenert, og vatnet finn lettare vegen nedover og inn i grøftesystemet.

Fornying av enga

Enga må fornyast med jamne mellomrom. Her ligg nøkkelen til gode avlingar. Med god engdrift går det an å halde opp gode avlingar i mange år. Men i mange tilfelle vil avlingsnivået etter 5-6 år gjerne vera halvert i forhold til første engåret. Fornying kan skje ved tradisjonelt opplegg med pløying og harving, men også med enklare jordarbeiding/harving, eller med såing direkte i enga. For dei som tenkjer direktesåing, er det viktig å vera tidleg ute om våren, og nokre er i gang med dette i desse dagar. Direktesåing om hausten etter 2. slått er også eit godt alternativ.
Det er likevel ingenting som kan erstatte plogen til jordarbeiding. Med plogen snur du jorda på ein måte som løysnar jord med dårleg struktur. I tillegg kan du på den måten pløye ned kalk, og på den måten få kalken lenger ned i jorda.

Val av frøblanding

Våre frøblandingar er utvikla over mange år, med tanke på vekslande forhold og ulike driftsforhold på Sør- og Vestlandet. Forsøk viser at det å ha mange arter i ei blanding kan ha gunstig effekt på avlingsnivået. Mange arter med ulike eigenskapar vil utfylle kvarandre og blandinga tåler betre ulike klimaforhold. Dette vil særleg gjelde langvarig eng.

Spire Surfôr Robust

FKRA lanserer i år ei blanding som me håpar kan vera med på å hjelpa på nokre av utfordringane med skiftande klima. Denne blandinga har fått navnet Spire Surfôr Robust. Blandinga er først og fremst tiltenkt langvarig eng og utfordrande areal, som er utsett for tørke, flaum e.l. Dette er ikkje ei blanding som vil gje topp kvalitet og energi, og vil ikkje vera aktuell som einaste fôr til mjølkeku. Kanskje meir aktuell til ammeku og liknande. Blandinga inneheld ei lang rekke arter. I tillegg til timotei, engsvingel og raigras, er det både engrapp, strandsvingel, raisvingel, raudsvingel, raudkløver og kvitkløver i blandinga.

Strandsvingel

Strandsvingel er ein ny art i Norge, ein art med djupt rotsystem som tåler tørke betre enn mange andre. Samstundes tåler den å stå under vatn i periodar, for eksempel ved flaum på elvesletter. Den gir liten avling dei første åra, men kan stå lengre enn dei fleste andre arter. Strandsvingel har ikkje dei same kvalitetseigenskapane som f. eks timotei og raigras når det gjeld fordøyelegheit. Engrapp og kvitkløver er eksempel på andre langvarige arter.
Timotei, engsvingel og raudkløver er arter som har forholdsvis kort levetid i eit system med 3 slåttar. Fleirårig raigras er veldig avhengig av vinterforholda, men kan ha relativt lang levetid ved milde vintrar, og litt skånsam behandling seint på hausten.
Raudkløver har eit djupt rotsystem og gir betre kvalitet på grovfôret. For å lukkast med kløver må pH i jorda vera minst 6,0.

Såbed

Etablering av eit jamt plantedekke er avhengig av jamn og god spiring. Det er heilt avgjerande at frøet får god kontakt med jord. Ofte ser me at såbedet er for laust, frøet kjem for djupt, eller får dårleg kontakt med jorda, og det blir ujamn spiring. For djup og for grunn såing er dei vanlegaste årsakene til dårleg etablering. Tromling før såing er eit godt tiltak dersom såbedet er litt laust. Smått frø av f.eks. timotei skal ikkje djupare enn 1-2 cm. I ei frøblanding er det vanskeleg å finne den optimale sådjupna, men i dei fleste tilfella vil det vera rett å ta omsyn til det frøet som skal såast grunnast.

Stikkord denne saka: ,
Share This