OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Minkhald er landets mest lønnsame husdyrnæring syner fleire undersøkingar. Likevel ser vi at lønnsemda varierer mykje frå ein middels produsent til den dyktige produsenten. For å bli flink med mink er du avhengig av å bruke mykje tid i minkgarden på rett tid av året.

Sven Gil Westersjø
Rådgjevar i Norges Pelsdyralslag

 

Det er mange døme på at bønder er dynamiske personar som er dyktige og endringsvillige. Når lønnsemda vert dårligare i tradisjonelt landbruk, søker bonden nye vegar for å oppretthalde innteninga. Somme reduserer landbruksdrifta og tar jobb utanom garden, men mange søkjer andre måtar å auke inntekta på garden.

1 2012 har innteninga i pelsdyrnæringa vore fantastisk god med ein gjennomsnittspris på minkskinn på 484 kr. Den høgaste prisen som har vore på mange tiår. Dette har ført til stor interesse frå bønder rundt mink som ny næringsveg på mange gardsbruk.

Korleis tenkjer pelsdyrnæringa?

Pelsdyrnæringa ser svært positivt på at mange nye bønder nå satsar på mink som næringsveg. Dette fordi vi har stort vekstpotensial i Norge. Dei siste 20 åra har minkproduksjonen i Norge meir enn dobla seg, til dagens 650 000 minkskinn. Likevel har vi berre 1,2 % av verdsproduksjonen. Sjølv om mink­næringa i Norge skulle dobla seg enno ein gong, så utgjer ikkje dette meir enn ein variasjonen på 0,2 kvelp i kvelperesultat i Danmark, som er verdas største minkprodusent. At Norge også har rikeleg av restavfall frå slakteri og fiskeoppdrett, gjer at næringas råstofftilgang er stor. Samstundes som vi har eit svært gunstig klima her i landet for minkproduksjon. Når nye produsentar startar, er det viktig at dei utnyttar sitt eige potensiale og blir dyktige. Det som kjenneteiknar dyktige produsentar, er at dei har kunnskap og at dei legg ned tid, innsats og nøyaktigheit i sitt arbeid. Næringas oppgåve er difor å gi nye produsentar tilgang til kunnskap og gi dei innføring i gode rutinar. Pelsdyrnæringa har difor fått gode tilbakemeldingar på at vi tildeler ein fadder som følgjer vederlagsfritt opp nystartaren det første året.

Nøkterne kalkylar

På 80-talet var det ei kraftig satsing på rev. Den gongen la pelsdyrnæringa inn at dåverande skinnpris skulle halde seg. Klok av skade er næringa i dag mykje meir fokusert på fallgruver som ein nyetablerar kan gå i. Næringa lagar i dag driftsplan for alle nystartarar, der vi legg gjennomsnittspris for siste 10 år inn som inntektsgrunnlag. Dette er viktig for at inntektene svingar i vår næring, då det er dei frie marknadskreftene som bestemmer skinnprisen år for år. Elles legg ein inn middels resultat slik at det skal vere relativt greitt å oppnå måla i driftsplanen.

Tid er pengar

Som for mange andre husdyrnæringar så får ein ekstra betalt for å legge meir flid i arbeidet. Dette kan vi enkelt illustrere ved korleis lønnsemda varierer avhengig av dugleik, slik som i tabell 1. Det er interessant å sjå at arbeidsfortenesta stig frå 317 000 kr til 493 000 kr om du har 10% betre kvelperesultat og 10 % høgare skinnpris enn landsgjennomsnittet. I tabellen synliggjer vi at dette krev at ein bruker meir tid i minkgarden. I dette dømet har vi sagt at dette krev 15 % meir arbeid. Her syner det seg at desse 15% ekstra tim­ane gir ei lønnsemd på 880 kr for kvar ekstra­time. (sjå tabell 1)

Tabell 1. Variasjon i lønsemd
Føresetnader/resultat

Dårleg

Middels Dyktig
Fôrpris 2,60 kr
Arbeidsforbruk

1100 timar

1300 timar 1500 timar
Skinnpris (snittpris siste 10 år)

278 kr/skinn

309 kr/skinn 340 kr/skinn
Kvelperesultat pr tispe

4,5 kvelp

5 kvelp 5,5 kvelp
Tal avlstisper

1100 stk

1000 stk 900 stk
Salsinntekter

1 376 000 kr

1 545 000 kr 1 683 000 kr
Variable kostnader

914 000 kr

891 000 kr 854 000 kr
Tilskott

0

0 0
Dekningsbidrag

462 000 kr

654 000 kr 829 000 kr
Avskivingar

150 000 kr

150 000 kr 150 000 kr
Faste kostnader

57 000 kr

57 000 kr 56 000 kr
Driftsoverskott

255 000 kr

447 000 kr 623 000 kr
Renteutgifter

130 000 kr

130 000 kr 130 000 kr
Arbeidsforteneste

125 000 kr

317 000 kr 493 000 kr
Timelønn

113 kr/t

243 kr/t 328 kr/t

Tabellen syner korleis lønnsemda kan variere i ein hall med 330 standard klatrebur-seksjonar. Talet på tisper varierer ettersom hallen har eit gitt tal bur. Er kvelperesultata gode, må talet på  avlstisper reduserast for å ikkje spenge kapasiteten.

Planlegging og rutinar

Pelsinga startar om 14 dagar. Nå avsluttar ein sesongen 2012. For å lukkast enno betre neste år – for det kan både den dyktige og den dårlege – er det viktig å ha gode rutinar. Grunnlaget for eit godt år startar tidleg. For å ikkje miste fokus, er det laga ei hugseliste for 1 halvår. Den er på ingen måte den einaste fasitten for å oppnå eit godt resultat. Men den er vonleg eit godt hjelpemiddel og ei god hugseliste for at viktige arbeidsoppgåver vert gjort til rett tid.

Sluttord

Aksjemeklarar nyttar ofte uttrykket at ein aksje har ei oppside. Denne artikkelen er på mange måtar ei påminning på at minknæringa har også ei oppside. Det er fullt mogleg å hente ut ein vesentleg verdiauke ved å søke kunnskap, og legge ekstra arbeid ned i stellet og tilsynet med dyra. Dette er i vår næring meir lønnsamt enn å ta seg ein godt betalt ekstrajobb. Legg ned ekstra tid. Etter mi vurdering er månadane mars, mai og juni dei viktigaste i heile året. Som sauebøndene seier, slepper du eit lite lam til fjells, er det framleis lite når du sankar det heim på hausten. Lykke til.

Hugseliste 1. halvår

Januar

Hannar og tisper fôrast moderat for å haldast slanke. Dyra skal ete opp kvar dag. Kjem det frost, må fôret trykkast ned i nettingen. Viktig at tispene et opp heile fôrrasjonen gjennom vinteren, spesielt i periodar med frost. Plasmacytosetesting av alle kvelpetisper må vere gjennomført seinast 15. januar. Vert det under minus 10 grader, ta kontakt med laboratoriet for å få utsett leveringsfristen. Hugs godt med halm på reirkassane, for å gi eit varmt og trekkfritt miljø. Bruk også lesluser framføre kvelpekassa.

Februar

I februar gir du ikkje tispene meir fôr enn du akkurat dekker vedlikehaldsbehovet. I områda med kalde vintrar gir du noko meir. I perioden 20. februar til 28. februar reduserer du fôrmengda med 20 % . Hugs at dette berre kan gjerast om tispene er i middels hold. For tynne tisper må dette ikkje bli gjort. Hannane får auka fôrmengd frå 15. februar for å vere rolege og i god paringskondisjon til paringa startar. Testiklane på hannane kontrollerast for siste gong. Hugs på å ikkje få tispene for slanke, spesielt om du får streng kuldeperiode. Husk mye halm på reirkassane. Det er viktig for å gjere kassa lun og varm.

Mars

Paringa starter 3.- 6. mars. Dei siste 4-5 dagane før planlagt paring aukar du fôrrasjonen med 300 % i forhold til det du gav i starten av februar. Dette blir gjort for at tispene skal produsere flest modne egg ved eggløysing. Er det behov for å flytte tisper, så gjer dette så nære paringa som mogleg. Flytting kan framprovosere eggløysing. I paringsperioden fôrar du 20 % over vedlikehaldsbehovet. Paringa startar, og tisper som ikkje vil ta hanne etter første forsøk prøver du på nytt etter 3 dagar. Erfaring og forsking seier at du får fleire kvelp om tispene parast 2 gonger. Para tispa difor oppatt 9 dagar etter første paring. 85 % av kvelpen er etter 2 paring. Bruk difor same hanne på begge paringane, eventuelt ein annan fargetype, slik du ser kva hanne avkommet er etter. Det må vere eit mål at du klarer å para 85 % av tispene to gonger. Tisper som ikkje er para 1 gong før 22. mars, blir pelsa. Alle hannar, kanskje med unntak av dei beste kvalitetshannane som har gjort ein god jobb i paringa, vert pelsa. Alle upara tisper og hannar blir pelsa 25.-26. mars. Tispene skal frå denne datoen og 10 dagar framover få 50 % meir fôr enn vedlikehaldsbehovet. Dette fordi i denne perioden festar dei befrukta egga seg til livmora.

April

Frå 5. april reduserast fôrmengda frå 50% til 20 % over vedlikehaldsbe­hovet. Om lag den 20. april skal tispene vege 1,5-1,6 kg. Den 20. april reduserer du fôrmengda til vedlikehaldsbehovet. Skal du flytte tisper, er det ideelle tidspunktet i perioden 15.-20. april. Den 20. april skal kvelpenettet vere lagt inn i buret. Legg gjerne eit avispapir under kvelpenettet aller nærast reirkassa. Dette hindrar trekk opp mot kassa. Reirkassa skal klargjerast for kvelping. Legg gjerne ein murstein i kassa for å minske kassebotn. Legg i ei blanding av halm og flis, gjerne også easy-strø. Legg loppemiddel i kassa. Undersøk nøye loppestatus i minkgarden. Finn du lopper, behandlar du mot både egg og vaksne lopper. Hugs at du må vere ferdig med all klargjeringa til kvelping seinast 21. april. Frå denne dato og nokre dagar framover kan enkelttisper komme med kvelp. Kvelpinga startar for fullt 25.-26. april. Den dagen dei kvelpar gir du halv fôrrasjon, pass på at tispene et opp alt dei får.

Mai

Kvelpinga føregår fram til 10. mai, men enkelttisper kan komme med kvelp heilt fram til 17. mai. Bruk heile dagane i minkgarden, Kvelp som ligg ute på kvelpenettet blir fort kalde og dei går inn i ein «dvale»-fase. Gå mykje i minkgarden og leit etter slike. Legg du desse i kuvøse, vil dei på kort tid gå frå å vere livlause og daude, til å sprelle av kraft og energi. Minktispene har 8 gode mjølkekjertlar/spenar. Ideell kullstorleik er difor 6-8 kvelp for kvar tispe. For at minktispene skal mjølke godt må dei ha minst 3-4 kvelp kvar. La tispene få ro det første døgnet etter kvelping. Flytt over kvelp frå store kull til små kull. Legg du kvelpen i kasseopninga/leslusa, vil du raskt sjå om adoptivmora tek vel i mot ny kvelp. Fôrmengda aukast om lag 4 % kvar dag frå dagen etter kvelping og til kvelpen byrjar å ete sjølv. Husk likevel at det bør vere ei tomtid for fôr på 5-6 timar i døgnet. Ha godt med halm på reirkassene heilt fram til 27.-28. mai. Då tar du av halmen og leslusa og starter å fôre på kasselokket. Er det surt og kaldt, så vent nokre dagar med å fôre nede på lokket. Du bør tilsette ekstra vatn i fôret i heile dieperioden. Når du startar å fôre på kasselokket, blander du inn gjennom fôringsmaskinen maksimalt med vatn i fôret, men ikkje så mykje at kassane blir tilgrisa nede i reiret. Hugs at feil fôring og varmt og fuktig i reirkassa kan gi fettete kvelp. Ta kontakt med veterinær og start rask behandling. Hugs god handhygiene, dette er ein bakterie som spreiest lett frå reirkasse til reirkasse.

Juni

Frå 1. juni tek du ut kvelpenettet frå alle tisper som har fødd i april. Deretter dato for dato. Fjern regelmessig gjødsel frå kvelpenettet slik at kvelpen raskast mogleg kan komme ut til drikkenippel. Slåsting i juni kan som oftast vere relatert til eit tørstebehov. Tilgrisa kvelpenett sørgjer før at kvelpen seinare søker ut til drikkenippelen. Vasstilgang direkte i kvelpekassa via ein fjørfeventil har vist seg å redusere at kvelpen startar å slåst. Kull med slåsting delest. Har kvelp fått sår, skal kvelpen settast på eige bur for oppfølging og behandling. Noter ned i helsejournalen bur og dato for behandlingar. Syner ikkje kvelpen god framgang av behandlinga i løpet av 3 dagar, bør kvelpen avlivast. 12 – 13. juni kan du ta vekk tispa frå kull fødde i april. Sett tispa saman med to hannkvelpar. Vaksinering mot botulisme og eventuelt lungebetennelse startar ein med 25. juni. For at vaksinen skal virke, må kvelpen vere minimum 6 veker gamal. Hugs å teste alle tomtispene for plasmacytose.

 

Stikkord denne saka: