image description

På møte høyrer vi ofte at landbruket må få betre avskrivingsvilkår, spesielt på bygningar. Dette er vel og bra, men vi som sit og lagar forslag til årsoppgjer i landbruksforetaka ser dessverre at skattemessig effekt av avskrivningane er svært låg, og vi endar ofte med å halda igjen på desse.

 

Harald Selsaas –
Tveit Regnskap AS

Grunnane til at vi sparer på avskriving er fleire , og det er mange andre faktorar vi er bevisste på når vi går i gang med eit årsoppgjer. Vi vil i denne artikkelen koma inn på nokre av dei momenta vi har stort fokus på når vi gjennomfører ei årsavslutning av rekneskapen.

Tilpassing til pensjon

Pensjonsreforma har som resultat at all pensjonsgjevande inntekt du har fram til du vert pensjonist tel i utrekninga av pensjonen din. Denne reforma gjeld 100% for dei som er fødde frå 1963 og utover. Dette medfører at rekneskapsføraren din ynskjer at du skal oppnå minst ei inntekt opp mot toppskattgrensa, som er kr 490 000,- for 2012.

Dette kan gjerast for å få høgare pensjonsgjevande inntekt (personinntekt):

  • Halda igjen på avskrivingar aukar overskottet.
  • Føra vedlikehald som påkosting. Har du skifta ut mjølkeanlegget, kan for eksempel heile kostnaden førast som nyinvestering og du kan velga opptil 20 % årleg avskriving istadenfor ei fordeling mellom vedlikehald og nyinvestering.
  • Ikkje dela med ektefelle.
  • Flytta gjelda frå næring til privat vil minka rentefrådraget på personinntektsskjemaet.
  • Setta skjermingsrenta på personinntektsskjemaet til null.

For dei som er i motsett situasjon, altså har høg inntekt eller “drit” i pensjonen, må rekneskapsføraren tenka heilt omvendt.

Alle desse tiltaka er aktive tilpassingar som skal gjerast. Ofte overlet kunden til rekneskapsføraren aleine å gjera desse vurderingane. Dette kan vera vanskeleg når kunden ynskjer best mogleg likviditet på kort sikt. Ei optimal tilpassing til pensjon vil kunna gi høgare skattetrykk enn å utnytta alle fradrag.

Jordbruksfrådrag

Jordbruksfrådraget er svært viktig å nytta optimalt. Dei som nyttar dette heilt, vil spare kr 46 592,- i 2012 i skatt. For å få full utnytting, må overskott frå jordbruk vera minst kr 334 289,-

Har ein ikkje så høgt overskott, er det viktig å sjå på eventuell fordeling mellom jordbruk, og anna næring og skogbruk.

Har du produksjon av ved eller anna biobrensel, kan 55 % av brutto omsetning flyttast frå skogen til jordbruket og du får jordbruksfrådrag også for dette.

Mange jordbruksforetak klarer ikkje å nytta heile jordbruksfrådraget. Sett i lys av dette, undrast vi som driv med økonomisk rådgjeving over den sterke auken av leasing som finansieringsform. Leasing er ikkje gunstigste finansiering for dei som ikkje nyttar jordbruksfrådraget 100%.

Sjukeavløysing

Velferdsordningar i landbruket er òg viktig å ha i minne. For å ha rett til refusjon av sjukeavløysar må du ha minst ein ½ G i næringsinntekt. Dei med full jobb utanom bruket vil som regel ikkje ha nytte av denne ordninga, da sjukepengar eller løn blir trekt inn som eigendel ved tildeling av dette tilskottet.

Skattemessig tilpassing

Vi var innleiingsvis inne på avskrivingar, som er definert som kostnadsfordeling over tid. Pga at vi i Norge for dei fleste driftsmiddel har saldoavskriving med valbar prosentsats innan gitte rammer, vil vi kunne påvirke kor langt tidsrom kostnadsfordelinga skal skje. Pga rentetap er det ikkje gunstig med lang avskrivingstid.

Som hovudprinsipp bør avskrivningar tilsvara avdrag på lån for å unngå tæring på eigenkapitalen.

Å betala løn for arbeid utført av eigne born, reduserer resultatet. Men dei er ofte i ein betre skatteposisjon enn foreldra og familien kan spara skatt sjølv om ein må betala arbeidgjevaravgift. For born under 13 år er det spesielt gunstig med inntil kr 10 000,- i løn, som òg er fritatt arbeidsgjevaravgift. Det må vera realisme i dette, og det vil etter mi meining vera søkt å føra løn på ungar som enda er på bleiestadiet. Det vil òg vera naturleg at dei som har hatt løn før fylte 13 år, også har det i åra etter.

Deling med ektefelle vil ofte vera aktuelt. Ein har litt handlingsrom her, då ein kan ha den eine som hovudutøvar og ikkje dela. Ved deling må ein utøva skjønn over arbeidsmengde og art. Sambuarar får ikkje dela inntekt. Dei må danna eit selskap, eller den som ikkje eig i foretaket må bli tilsett.

Varetelling

Det er svært viktig å ha ei skikkelig varelagerliste, samt oversyn over alle dyr ved årsskifte. Verdien av varelageret kan gi store utslag på resultatet. Vare- og dyrestatusauke er inntekt og nedgang er kostnad.

Å låna pengar til privat forbruk er dyrt. Når ein tærer på egenkapitalen, så er det dette som skjer. Det er svært viktig å tilpassa det private forbruket til disponibel inntekt etter skatt. Om du ikkje klarer dette, vil du få problem med å gjera opp for deg. Å betala ned lån minst like raskt som du avskriv driftsmidla, er svært viktig for at du skal ha økonomisk handlekraft til nye investeringar eller privat forbruk.

Sitat fra et budsjettmøte til slutt: “Eit budsjett er ein metode for å bekymra seg så vel før eg bruker pengar, som etterpå “.

Stikkord denne saka: