Bv07_fag
Intensiv fôring framskundar feittavleiringa og slaktemogenheita. – Ei slaktevekt på 300 kilo på NRF-oksane er økonomisk gunstig, meiner artikkelforfattaren.

Ein viktig økonomisk faktor i oksekjøttproduksjonen er kor mykje fôr ein brukar for å produsere 1 kg slaktetilvekst. Med dei prisane som er på fôret no vil det, for dei aller fleste, vere eit viktig poeng å redusere fôrforbruket ved å intensivere fôringa og å auke den daglege tilveksten.


Karl Vie
Nortura

Eg har sett på tal frå Tine sin faglege rapport for 2011. Desse tala syner at det for Vestlandsområdet er eit ikkje ubetydeleg forbetringspotensiale når det gjeld slaktealder og tilvekst. (Sjå tabell 1).

Det er her sjølvsagt nøye samanheng mellom parameterane i tabellen. Høgare dagleg tilvekst vi gje lågare slaktealder ved same slaktevekt. Fôrstyrke og tilvekst bør òg påverke slaktevekta. Intensiv fôring framskundar feittavleiring og slaktemogenheit. For å unngå feittrekk og kostbar fôring bør dette resultere i redusert slaktevekt.

Fornuftig fôrstyrke, slaktealder og vekt for NRF oksar:

Dagleg slaktetilvekst gram. 550>
Slaktealder            14 til 16 mnd.
Slaktevekt             275 til 300 kg

Økonomi i høve til fôrstyrke og tilvekst

Sett i høve til dagens snitt-tilvekst vil det vere smart å auke slaktetilveksten med minst 50 gram pr. dag.

Fôrkostnadane utgjer om lag 75 % av dei variable kostnadane i oksekjøttproduksjonen. Kostnadane vert påverka av pris og kvalitet på grovfôret, og av det totale fôrforbruket. Pris og kvalitet er faktorar ein må vurdere nøye men mest utslag gjer oftast det totale fôrforbruket.

Kva er det så som påverkar det totale fôrforbruket? Enkelt summert fylgjande:

Sterk fôrstyrke og kort framfôringstid gjev lågt fôrforbruk.

Svak fôrstyrke og lang framfôringstid gjev høgt fôrforbruk.

Sterk fôrstyrke med kort framfôringstid reduserer det totale fôrforbruket fordi andelen av totalfôret som går til vedlikehald på den måten vert redusert. Det er den delen av fôret som går til tilvekst ein tenar pengar på. Fôret som går til vedlikehald er med på å dra ned innteninga. Derfor er det viktig at vedlikehaldsfôret utgjer minst mogeleg av totalfôret.

Pris på grovfôret vil vere avgjerande for kor mykje det vil lønne seg å auke den daglege tilveksten.

For å auke tilveksten må ein få oksane til å ta meir energi. Det kan gjerast enten ved å forbetre kvaliteten på grovfôret og/eller auke kraftfôrandelen i fôrrasjonen.

Mengde tildelt kraftfôr pr. dag vil auke, men forbruket pr. okse vil vere relativt stabil fordi ein fôrar kraftfôr i færre dagar. Ein vil derimot bruke betydelig mindre grovfôr totalt pr. slakteokse.

Ein annan faktor som òg påverkar produksjonsøkonomien er slaktevekt. Eg ser av talla til Tine at mange oksekjøtprodusentar har medel slaktevekt opp mot 350 kg. Det vil vere økonomisk gunstig å slakte ut oksane rundt 300 kg slaktevekt. Ein kan då starte med nye kalvar som produserer 1 kg slaktevekt med bruk av ca. 6 FEm pr. kg slaktetilvekst framfor å fôre slaktevekter over 300 kg der det går frå 10 opp i mot 14 FEm pr. kg slaktetilvekst.

Praktiske råd ved intensivering av fôringa

Med større kraftfôrmengder vil det lett bli store pH senkingar i vomma. Dette vil medføre at ein stor del av fibrane i fôret ikkje vert fordøya og fôrutnyttinga vil bli redusert. Ubalanse i vomma vil føre til at fôropptaket går ned. Derfor er det ein fordel å tildele kraftfôret fleire gonger. Helst ikkje over 2 kg pr. tildeling.

Ein bør bruke kraftfôr som er tilpassa grovfôret (snakk med fôrleverandør).

Det er viktig å observere korleis dyra reagerer. Følg med på gjødselkonsistensen og reguler fôringa etter denne.

Ved lite bruk av grovfôr er det ein fordel om fôret er fortørka og at det ikkje er for finkutta.

Grovfôret må fordelast gjennom døgnet og helst før tildeling av kraftfôr.

Tilrådingane i denne artikkelen gjeld NRF-oksar. For kjøttfeoksar vil det vere andre nivå som gjeld.

 

Stikkord denne saka: ,