Gras: Overskotslam på raigrasbeite.

Ein god plan for overskotslamma alt før lemming er avgjerande for økonomien. Her følgjer råda:

Finn Avdem, fagsjef småfe Nortura

Eit overskotslam er eit lam som ikkje har mor eller ikkje får nok mjølk frå mora til at det får tilfredsstillande tilvekst og blir difor teken frå søya og fôra opp på mjølkeerstatning, kraftfôr, grovfôr og beite.

Viktig for alle overskotslam

Pass på at lamma får nok råmjølk, helst frå mora, det vil seie 1,5 til 2 dl når dei er fødde og cirka ein liter råmjølk det første døgnet for eit fem kilos lam.
Ta bort lamma som skal bli overskotslam når dei har gått med mora i om lag eitt døgn. Ha gjerne ei tilvenningsavdeling der det er enkelt å fylgje opp lamma når dei skal lære seg å drikke mjølkeerstatning av smokk. Når alle lam er godt tilvent smokken, så kan dei sleppast inn i fellesbingen. Ein smokk frå ein mjølkeautomat der det alltid er mjølk tilgjengeleg kan betjene opptil ti lam. Overskotslamma vil ha ulik fødselsvekt og alder. Difor bør ein ha minst to grupper der ein sorterer lamma etter storleik, slik at dei minste lamma ikkje blir tapar i kampen om smokken. Dersom ein bruker vanleg ”lammemor” med manuell blanding av mjølk og ikkje full appetittfôring, bør ein ha maks to lam per smokk og ha oppsyn med at alle lam får mjølk. Bingane til overskotslamma må vere tørre og utan trekk. Lamma må ha tett liggeunderlag som isolerer.
Gje lamma appetittfôring på mjølkeerstatning, reint vatn, kraftfôr og litt fint grovfôr dei fyrste vekene. Vanleg lammekraftfôr kan brukast heilt frå starten av.
Overskotslam som ikkje har fått råmjølk frå vaksinert sau, må vaksinerast mot pulpanyre ved tre vekers alder. Vurder også om lam som har fått råmjølk frå vaksinert sau, bør bli vaksinert.

 

Mjølk: Overskotslam på lammemor.

Kraftfôrbasert oppdrett

Ein kan avvenje lamma frå mjølk når dei er kring fire veker og rundt 15 kilo levandevekt (vurder både alder og vekt når det er fornuftig å avvenje). Lamma skal då vera godt i gang med å eta kraftfôr. Det er best at lamma får ei gradvis avvenjing frå mjølkeerstatning med avgrensa fôring morgon og kveld i fire til fem dagar. Det er også mogleg med brå avvenjing, men da kan lamma stagnere meir. Det er viktig at lamma får fri tilgang på friskt vatn heile tida, og spesielt når ein trappar ned på mjølka. Fortsett vidare inne med vatn, kraftfôr og grovfôr til lamma er kring seks veker. Du har då god kontroll på at lamma veks og er friske før dei blir sleppte på beite.
Beite som nyleg har vore beita med sau vil ha mykje parasittsmitte, og er lite eigna til overskotslam. Vårbeite som er beitepussa, gjødsla og med litt gjenvekst, vil vera ypparleg. Hald fram med kraftfôr etter appetitt frå ein kraftfôrautomat også ute på beite. Tilveksten vil då bli høg sjølv om beitekvaliteten varierer. Lamma vil kompensere med å eta meir kraftfôr dersom det blir for lite beite eller kvaliteten blir dårleg. Dette er ei intensiv fôring, og det er viktig å passe på at lamma ikkje blir for feite, spesielt søyelamma!
Overskotslam på heimebeite er utsette for koksidiar og bør behandlast for dette. Overskotslamma bør også få vanleg behandling mot rundormar dersom ein nyttar beite som blir brukt til sau år etter år. Sett opp ein plan for vaksinering og snyltarbehandling saman med veterinæren din.

Beitebasert oppdrett

Dersom ein ynskjer å dyrke meir av fôret til lamma sjølv, er det godt mogleg å få god tilvekst på overskotslam utan kraftfôr dersom dei får tilgang på beite av god kvalitet. Italiensk raigras (2-årig raigras) i kombinasjon med noko meir fiberrikt kulturbeite, er eit godt beitegras til overskotslam. Kulturbeitet bør ha ein del vegetasjon slik at lamma finn skygge og ly her. Eit grønfôrbeite vil også ha mindre parasittsmitte.
I eit feltforsøk gjort hjå fem saueprodusentar i Nord-Hedmark og Sør-Trøndelag, var medel tilvekst frå 265 – 330 g/dag på eit slikt beite. Omkring 10-12 vekers alder ser ut til å vera passande alder å venje lamma av med kraftfôr og gå over til berre beite.
Ein bør trappe ned kraftfôrrasjonen gradvis ved å gje kraftfôr morgon og kveld i ei vekes tid. Skal tilveksten bli god, bør ein gjennomføre skiftebeiting, beitepussing og gjødsling etter kvar avbeiting. Til gjengjeld slepp ein å fylle etter kraftfôrautomaten kvar dag, og ein får redusert utgiftene til kraftfôr betydeleg fordi det er dei siste vekene før slakting lamma verkeleg et mykje kraftfôr. Eit alternativ kan også vera å gje avgrensa mengder kraftfôr, for eksempel 0,2-0,3 kg ein gong per dag i tillegg til godt beite. Då er ein ikkje så sårbar for variasjon i beitekvaliteten.
Desse lamma bør også bli behandla mot koksidiose og få vanleg behandling mot rundormar i samråd med veterinær.

Økonomi

Arnfinn Gjerdåker og Anne Rivenes, frå Voss, har eit beitebasert driftsopplegg for overskotslamma sine. (Sjå bladet ”Lammesesongen 2017” frå Nortura). Arnfinn driv eige rekneskapsfirma og har difor god greie på økonomi. Han har rekna ut at han har ca. kr 1000 i arbeidsvederlag per overskotslam han sender til slakt i starten av september.

Avvenning av overskotslam ved slepp på utmarksbeite

Vi har også prøvd ut å la overskotslamma gå med søya og støttefôre med kraftfôr heilt til slepp på utmark. Lamma vart då teken frå søya og fôra vidare heime på beite og kraftfôr. Dette fungerte også bra, og er eit godt alternativ for den som har god fôring og gode vårbeite, men for dårlege sommarbeite til at søya kan gå med tre lam i utmarka.

Stikkord denne saka: