bv43_fag

Røkt og stell av mink krev dyktige bønder. Mink er eit av landbrukets mest produktive og hurtigvoksande dyr. Dette krev gode fôringsrutinar og godt tilsyn for å unngå mistrivsel og sjukdom.

Sven Gil Westersjø
Rådgjevar i Norges Pelsdyralslag

Nå er hormona i dei unge dyra i godt driv, spesielt hjå hannane. I samband med dette kan det oppstå ein del uro blant dyra. Ver oppmerksam på dette og sørg for å gi ekstra stimulerande tiltak i dei bura dette skjer. Gjerne i form av ekstra aktivitetsobjekt som røyr, halmbrikettar eller anna. Det kan også hjelpe å bytte aktivitetsobjekt mellom bura. Uansett er det svært viktig å ha mykje halm i reirkassa. Dette er eit stimulerande tiltak i seg sjølv, men det gir også ein lun og mørk soveplass som skapar ro i minkgarden. Sjekk også at det er tørt og reint i reirkassa. Det skal nå vere eit stort halmforbruk. På mange måtar kan det virke som bortkasta arbeid å legge på halm ofte. Fordi etter eit par dagar ser ein halmen ligge på bakken under bura. Men dette er bra, fordi då har halmen vore gjennom reirkassa og har derfor reingjort både reirkassa og dyras pels. Det bidreg til at skinnet oppnår betre reinheit i skinnsorteringa. Spesielt på lys mink er det mykje pengar å hente i ein god reinheitsgrad.

Optimal fôring

Lengdeveksten hjå dyra er for lengst avslutta, og den største vektaukinga er tilbakelagt. Tispene avslutta lengdeveksten i starten på september og hannane i midten av september. Nå i midten av oktober er vektutviklinga for tispene på om lag 2-5 g/dag og hannane 8-14 g/dag. Vekstpotensialet vert best utnytta viss kvelpen nå har fôr tilgjengeleg 18-22 timar i døgnet. Ein god fôringsstrategi nå er å tildele fôr to gonger om dagen og i tillegg gå ein runde midt på dagen og fordele fôr mellom dei ulike bura. Fôrmengd vurderast ved å samanlikne mengda fôrrester per burseksjon på eit fast tidspunkt på dagen med kvelpens storleik og trivsel. Ein tommelfingerregel er at det skal fordelast fôr når 2 av 6 bur i seksjonen er utan fôr. Norges Pelsdyralslag anbefaler at alle minkprodusentar har veiegrupper. Veg 10 til 20 dyr kvar fjortande dag. Veg dei same dyra kvar gong og ha gjerne ei veiegruppe for kvar fargetype. Dette gjer at ein lett kan sjå vektutviklinga i minkgarden og er også eit godt verktøy for å vurdere vekstutviklinga frå eit år til eit anna.

Unngå fôrstopp og feittlever

Nå når dyra har stoppa lengdeveksten og tilveksten dalar, legg dyra berre på seg feitt. Det betyr også at risikoen for å fôre for kraftig, med resultat i at dyra blir matleie, er større. Det er ein vanskeleg balanse for røktar å få god tilvekst på dyra, og samtidig unngå at dyra mister matlyst. Varierande fôropptak aukar risikoen for feittlever. Det er svært frustrerande å sjå nå på hausten at store, flotte dyr brått ligg daude, ofte som eit resultat av feittlever.
Den viktigaste årsaken til feittlever er at dyra fôrast for hardt, eller at dei kjem i ein situasjon der dei ikkje spis og derfor byrjar å tære på kroppsfeitt i stort omfang. Feittlever oppstår når levras kapasitet til å omsette feitt vert overskride og difor aukar mengda feitt i levra. Levra er kroppens viktigaste stoffskifteorgan og omsett blant anna feitt frå fôret til kroppsfeitt eller motsett veg at dyra tærer på feittreservar. Som minkbonde bør ein difor fokusere på to hovudområde for å unngå samt å førebygge feittlever. 1. Fôre jamt og unngå fôrstopp. 2. Unngå å sette på ekstremt feite dyr i avl.

Smittsam lungebetennelse

Denne sjukdomen skuldast ein bakterie som heiter Pseudomonas Aeruginosa. Dei fleste utbrota kjem nåseint på hausten, ofte i oktober og november. I fjor såg ein flest tilfelle i november. Bakterien kjem frå miljøet i minkgarden og den kan leve der i mange år før eit utbrot kjem. Korleis den overlever, stridast dei lærde om, men den kan overleve på innsida av røyra i vatningsanlegget. Difor er det viktig å ta vassprøvar frå vatningsanlegget og desinfisere anlegget eit par gonger i året.

Kva bør ein vere på vakt mot?

Typiske døme på smittsam lungebetennelse er at ein finn daud mink utan nokon form for symptom som blod rundt munn og snute eller blodskum. Som oftast finn ein daud mink ute i buret og ikkje i reirkassa. Vi kan også i nokon tilfelle sjå dyr som har vanskeleg for å puste. Desse dyra skal straks avlivast.
Smittsam lungebetennelse kan forvekslast med influensa. Vi ser og høyrer fleire symptom hjå mink med influensa enn kva vi gjer med smittsam lungebetennelse. Med influensa kan dyra få naseblod og ein hører ofte nysing i minkgarden. Smittsam lungebetennelse startar oftast med funn av daude dyr.

Kva gjer du?

Når du brått finn nokre daude dyr i minkgarden og gjerne ute i buret bør du mistenke smittsam lungebetennelse.
Anbefalinga er då følgjande:

  • Viktigaste strakstiltaket er då å ta kontakt med veterinær.
  • Få stilt diagnose. Dette kan Veterinærinstituttet hjelpe deg med.
  • Sett i verk antibiotikabehandling.
  • Ta kontakt med Norges Pelsdyralslag og sett i gong vaksinasjon, anten i delar eller heile minkgarden.
  • Sjekk vatningsanlegget for bakterien. Desinfiser anlegget om naudsynt.
  • Reingjer og desinfiser bur der det har vore sjuke dyr.
  • Vær alltid nøyaktig med den årlege reingjeringa av minkgarden.

Skal ein vurdere vaksinering av delar (soner) i minkgarden, til dømes i eit eller fleire hus, er dette avhengig av utbrottet og kor dei daude dyra er fordelte i anlegget og korleis anlegg ein har. Utbrottet startar ofte i ein del av minkgarden og her kan det vere aktuelt med sonevaksinering. Ta opp diagnosen med veterinæren og i samråd med Norges Pelsdyralslag, og finn den optimale vaksinasjonsstrategien. Minimer spreiing av smitte rundt i minkgarden med god hygiene. Har ein valt sonevaksinering skal det vaksinerte området bli definert som karantene.

Halesår

På hausten kan det oppstå sår på haletuppen til minken. Dette er gjerne dyr som går i klatrebur, og har eit spesielt bevegelsesmønster når dei vandrar mellom toppetasjen til underetasjen. Gjer dei dette raskt, så kan halen slås mot kanten av luka, og sår oppstår. Norges Pelsdyralslag har i år gjennomført nokre feltforsøk for å sjå på ulike tiltak som kan stoppe dette. Det er forsøkt med beskyttande rammer langs kanten mellom buretasjane og tiltak for å bremse farten på dyr som beveger seg mellom dei to etasjane. Eit bra tiltak som vi ser nå er å sette ei liggehylle under etasjeopninga. Dette endrar dyras vandringsmønster mellom etasjane, og ser ut til å ha god effekt. Lesluser på reirkassane er også eit godt alternativ.
Haletuppsår og halerotsår kan vere vanskelege å bedømme frå avstand. Du må ta dyret ut, vaske såret og eventuelt løfte opp skinnet for å kunne sjå omfanget av såret.
For halerotsår, der det dannast «lommar», eller djupe sår der dyr ikkje får bevega seg normalt, er einaste alternativ avliving. Storleiken på eit akseptabelt sår, er sår mindre enn ein 5 krones mynt.
For haletuppsår som er blitt tjukke, eller kor halebeinet kjem fram, er også avliving einaste alternativ. Andre haletuppsår skal behandlast med antibiotikainjeksjon to gonger med tre dagars mellomrom. Berre bruk av sårspray er ikkje god nok behandling. Dette fordi infeksjon kan spreie seg oppover i ryggmargen og til indre organ.
Hausten er siste innspurten til ein vellukka minksesong. Ikkje mist fokus nå. Maksimalt fokus heilt fram til pelsing gir best dyrevelferd og best økonomisk resultat. Lykke til.

Stikkord denne saka: