Næringsrikt: Overskotslam får mjølkeerstatning.

For å få økonomi i eit overskotslam-oppdrett, er det viktig at du alt før lamming har tenkt igjennom korleis du ynskjer å ta vare på overskotslamma.

Finn Avdem, fagsjef småfe, Nortura

Eit overskotslam er eit lam som ikkje har mor eller ikkje får nok mjølk frå mora til at det får tilfredsstillande tilvekst og blir difor teken frå søya og fôra opp på mjølkeerstatning, kraftfôr, grovfôr og beite. Alt før lamming er det viktig at du har tenkt igjennom korleis du ynskjer å ta vare på overskotslamma, for at det også skal løne seg økonomisk.
Det fyrste du bør gjera, er å utnytte muligheitene til adopsjon av lam slik at alle friske vaksne søyer minimum går med to lam. Du bør så vurdere om støttefôring med kraftfôr om våren er nok til å gje tilfredsstillande tilvekst på lamma. Dette er særleg aktuelt dersom du har gode sommarbeite. Når desse muligheitene er brukt opp, vil det som regel vera ein del lam som blir overskotslam. Desse bør vi ha eit gjennomtenkt opplegg for.

Viktig for alle overskotslam

Pass på at lamma får nok råmjølk, helst frå mora, det vil seia 1,5 til 2 dl når dei er fødde, og ca. éin liter råmjølk det første døgnet for eitt lam på 5 kg.
Ta bort lamma som skal bli overskotslam når dei har gått med mora i ca. eitt døgn. Ha gjerne ei tilvenningsavdeling der det er enkelt å fylgje opp lamma når dei skal lære seg å drikke mjølkeerstatning av smokk. Når alle lam er godt tilvent smokken, så kan dei sleppast inn i fellesbingen. Ein smokk frå ein mjølkeautomat der det alltid er mjølk tilgjengeleg, kan betjene opptil ti lam. Overskotslamma vil ha ulik fødselsvekt og alder. Difor bør du ha minst to grupper der du sorterer lamma etter storleik slik at dei minste lamma ikkje blir taparar i kampen om smokken. Dersom du bruker vanleg ”lammemor” med manuell blanding av mjølk og ikkje full appetittfôring, bør du ha maks to lam per smokk og ha oppsyn med at alle lam får mjølk. Bingane til overskotslamma må vere tørre og utan trekk. Lamma må ha tett liggjeunderlag som isolerer. Tørr halm og flis er bra liggjeunderlag for overskotslam.
Gje lamma appetittfôring på mjølkeerstatning, reint vatn, kraftfôr og litt fint grovfôr dei fyrste vekene. Vanleg lammekraftfôr kan brukast heilt frå starten av.
Overskotslam som ikkje har fått råmjølk frå vaksinert sau, må vaksinerast mot pulpanyre ved ca. tre vekers alder. Vurder også om lam som har fått råmjølk frå vaksinert sau, bør bli vaksinert.

Oppdrett av dielam

Vi har ein del kundar med ferskvaredisk, som kjøper eit mindre volum dielam av oss. Ved produksjon av dielam, så blir lammet fôra hovudsakleg med mjølkeerstatning heilt fram til slakting. Slike lam har difor lita vom og høg slakteprosent, kanskje rundt 50. Lammet bør ha minst 13 kg slaktevekt for å få grunntilskotet på kr 4,70 pr kg, det vil seia ca. 26-27 kg levandevekt. Når så intensivt fôra lam blir såpass tunge, kan dei fort bli for feite. Ved fare for feitt-trekk bør du avgrense mjølkefôringa siste veka før levering – med lik konsentrasjon to gonger per døgn. Med prisane på lam som vi forventar i juni, og dersom du er i sone 2 for distriktstilskot, kan du rekne med å ha igjen ca. kr 330 til arbeid og mjølkeutstyr dersom du oppnår lammeslakttilskot (klasse O+ eller betre), grunntilskot (slaktevekt 13,0 kg og meir) og unngår feitt-trekk. Vi reknar eit forbruk på ca. 22 kg mjølkeerstatningspulver per lam.

Populært: Kraftfôrautomat på vårbeite. Foto: Hans Hjelstuen.

Kraftfôrbasert oppdrett

Du kan avvenne lamma frå mjølk når dei er ca. fire veker og ca. 15 kg levandevekt (vurder både alder og vekt når det er fornuftig å avvenne). Lamma skal då vera godt i gang med å eta kraftfôr. Det er best at lamma får ei gradvis avvenning frå mjølkeerstatning med avgrensa fôring morgon og kveld i fire til fem dagar.
Det er også mogleg med brå avvenning, men då kan lamma stagnere meir. Det er viktig at lamma får fri tilgang på friskt vatn heile tida, og spesielt når du trappar ned på mjølka.
Fortsett vidare inne med vatn, kraftfôr og grovfôr til lamma er ca. seks veker. Du har da god kontroll på at lamma veks og er friske før dei blir sleppte på beite. Du bør helst ikkje bruke eit beite som nyleg er vårbeita med sau. Slike beite vil ha mykje parasittsmitte. Eit vårbeite som er beitepussa, gjødsla og det er kome opp litt gjenvekst, vil vera eit flott beite til overskotslamma.
Hald fram med kraftfôr etter appetitt frå ein kraftfôrautomat, også ute på beite. Tilveksten vil då bli høg sjølv om beitekvaliteten varierer. Lamma vil kompensere med å eta meir kraftfôr dersom det blir for lite beite eller kvaliteten på beite blir dårleg. På den andre sida, vil lamma eta mindre kraftfôr dersom ein er flink til å fylgje opp med beitepussing og gjødsling slik at lamma stadig har tilgang på ferskt, proteinrikt og lettfordøyeleg beitegras. Dette er ei forholdsvis intensiv fôring, og det er viktig å passe på at lamma ikkje blir for feite, spesielt søyelamma.
Overskotslam på heimebeite er utsette for koksidiar og bør behandlast for dette. Overskotslamma bør også få vanleg behandling mot rundormar dersom ein nyttar beite som blir brukt til sau år etter år. Sett opp ein plan for vaksinering og snyltarbehandling saman med veterinæren din.

Beitebasert oppdrett

Dersom du ynskjer å dyrke meir av fôret til lamma sjølv, er det godt mogleg å få god tilvekst på overskotslam på berre godt beite. Italiensk raigras (toårig rai gras) i kombinasjon med noko meir fiberrikt kulturbeite, er eit godt beitegras til overskotslam. Kulturbeitet bør ha ein del vegetasjon slik at lamma finn skugge og ly. Eit grønfôrbeite vil også ha mindre parasittsmitte.
I eit feltforsøk gjort hjå fem saueprodusentar i Nord-Hedmark og Sør-Trøndelag, var middel tilvekst frå 265 – 330 g/dag på eit slikt beite. Ca. 10-12 vekers alder ser ut til å vera passande alder å venne lamma av med kraftfôr og gå over til berre beite. Vi understrekar endå ein gong at beitebasert oppdrett krev god beitekvalitet.
Du bør trappe ned kraftfôrrasjonen gradvis ved å gje kraftfôr morgon og kveld i ei vekes tid. Skal tilveksten bli god, bør du gjennomføre skiftebeiting, beitepussing og gjødsling etter kvar avbeiting. Til gjengjeld slepp du å fylle etter kraftfôrautomaten kvar dag, og du får redusert utgiftene til kraftfôr betydeleg fordi det er dei siste vekene før slakting lamma verkeleg et mykje kraftfôr.
Eit alternativ kan også vera å gje avgrensa mengder kraftfôr, for eksempel 0,2-0,3 kg ein gong per dag, i tillegg til godt beite. Du er då ikkje så sårbar for variasjon i beitekvaliteten.
Desse lamma bør også bli behandla mot koksidiose og få vanleg behandling mot rundormar i samråd med veterinær.

Balanse: Tilgang på kraftfôr og godt grovfôr stimulerer utviklinga av vomma hjå overskotslamma.

Oppsummert:

Fødsel – ca. 1 døgn
Tiltak: Sørg for at lammet får rikeleg med råmjølk. Ta lammet frå søya og over i overskotslam-bingen. Ha gjerne ei tilvenningsavdeling der det er enkelt å fylgje opp at alle lærer seg å drikke av smokk. Del overskotslamma i to grupper etter storleik, slik at dei minste lamma ikkje blir taparar i kampen om smokken.

1 døgn – ca. 4 veker/ca. 15 kg levandevekt
Tiltak: Appetittfôring med mjølkeerstatning i ein lun og tørr overskotslam-binge. Sørg for tilgang på reint vatn, litt høy og kraftfôr

Ca. 4 veker – ca. 6 veker
Tiltak: Fôr lamma inne med kraftfôr, reint vatn og godt grovfôr etter appetitt

Ca. 6 veker- ca. 11 veker
Tiltak: Slepp lamma ut på godt beite saman med kraftfôrautomaten

Ca. 11 veker til slakting
Tiltak: Ved beitebasert oppdrett: Avvenning frå kraftfôr og sørg for rikeleg tilgang på godt beite

Økonomi

Vi har prøvd å rekne på økonomien i kraftfôr- og beitebasert oppdrett. Her er det mange ukjente faktorar, mellom anna kva pris det blir på lam i komande slaktesesong og kva distriktstilskot du har. Ved slakting midt i august i distriktstilskotssone 2, kan du sitje att med ca. kr 1000 per lam til å betale for mjølkeutstyr, grovfôr/beite og arbeid. I eit beitebasert oppdrett og slakting i fyrste halvdel av september, kan du sitje att med ca. 1200 kr per lam til å betale for mjølkeutstyr, grovfôr/beite og arbeid.

Avvenning av overskotslam ved slepp på utmarksbeite

Vi har også prøvd å la overskotslamma gå med søya og støttefôre med kraftfôr heilt til slepp på utmark. Dette fungerte også bra og er eit godt alternativ for den som har god fôring og gode vårbeite, men som samstundes har for dårlege sommarbeite til at søya kan gå med tre lam i utmarka.

Stikkord denne saka: