Bv12_fag

Utegangere skal ha tilgang til ly mot vind og regn. Illustrasjonsbilde fra Bondevennens arkiv.

Alle mjølkeprodusentar opplever frå tid til anna problem med sjukdom på kalv.
Nokon erfarer også at kalvar døyr. Landsdekkjande tal frå Kukontrollen i 2012,
viser at 3,8 prosent av dei fødde kalvane døydde.


Hallgeir Herikstad
Regiondirektør i Mattilsynet

Forskjellen i å lukkast med kalvane ligg i om problema får halde fram, eller om dei blir gripne fatt i. Her viser undersøkingar at mjølkeprodusentane tenkjer forskjellig.

Den eine gruppa stillar seg spørsmål når kalvane sturar:

  • «det må jo vere ein grunn til …»
  • «kalvane står nå ikkje her og bare vert sjuke av seg sjølv..».

Den andre gruppa forklarer kalveproblema sine med at:

  • «slik har det alltid vore, og slik var det òg då mine foreldre dreiv garden for 20 år sidan»
  • «det pleier å døy ein kalv på denne tida kvart år»
  • «i dei systema vi har nå til dags, kan det ikkje unngåast at det stryk med en kalv eller to eller fem…»
    Kven høyrer du til?

Tenker du som den første gruppa, tyder det på at du veit det er løysingar på problema, og at problema er noko du kan komme til livs. Kjenner du deg igjen i kommentarane til den andre gruppa, vil det viktigaste vere at du får tru på at problema kan løysast, og tru på at du kan lukkast betre. Må du stadig nytte deg av Diakur eller antibiotika på kalvane, skal du starte med å være hundre prosent stabil og konsekvent med råmjølk, hygiene og underlag. Vidare skal du ha tru på eigne evner til fortløpande vurdera behov for tiltak. Ikkje ver redd for å ta kontakt med oss i Tine dersom du slit med å lukkast.

Tolv råd for godt kalvestell:

  1. Ver tilstades når kua kalvar.
    a. Mistenker du kalving om kort tid, skal du sjekke med korte mellomrom. Dersom kua står på bås, er det svært viktig at du tar i mot kalven ved fødsel, og sikrar at han får frie luftveger. Altfor mange mister kalvar som vert liggande i fostervatnposen.
    b. Bruk eige kalvingsareal dersom du har. Dette for å sikre kua fred under kalving, og kalven eit minimum av gode hygieniske forhold. I lausdriftsfjøs er det få fødebingar som er ideelt laga for kalving, og mange bingar vert difor ikkje nytta. Kalvinga skjer så ute i gangarealet. Dette er inga god løysing. Prøv å finne eit areal som kan nyttast til kalving, slik at både ku og kalv får god komfort. Også i båsfjøs kan ein lage seg kalvingsbinge, dersom det er areal å ta av.
  2. Hald klar kalveboksen. Plasser kalven i tørr kalveboks. La gjerne boksen vere strødd med halm eller tørt høy.
  3. Dypp navlen til kalven i jodløysing like etter fødsel. Navlen er inngangsport for bakteriar, og jodløysing gjer det vanskelegare for bakteriane å komme inn.
  4. Gi råmjølk! Sørg for at kalven har fått råmjølk før han er tørr! Du kan gi så mykje kalven orkar å drikke på dette første måltidet. Prøv å få gitt kalven råmjølk minimum 3 gonger fyrste døgnet. Skaff deg et kolostrometer dersom du frys ned mykje råmjølk, slik at du sikrar god kvalitet på den råmjølka du har tilgjengeleg.
  5. Hald stabil temperatur på mjølka (40oC). Varm alltid mjølka i vassbad, spe aldri mjølka ut med varmt vatn. Tilsetting av vatn skal berre gjerast i pulvermjølk. Hald fram med å gi kalven mjølk fleire gonger dagleg. Mjølkemengda heng saman med kalven sin størrelse og kan variere etter svolt og kor raskt kalven veks. Mange held igjen på mjølkemengda for å hindre at kalven får diaré. Resultatet vert at kalvane får for lite mat i seg til å utnytte den gode veksten dei kan ha. Dette blir feil. Prøv å finn løysing som sikrar kalvane nok mjølk til å vekse godt, utan at du må springe å fôre kalvar heile døgnet.
  6. Tilby kalven både kraftfôr, høy og vatn. Tidspunktet for opptak av anna fôr enn mjølk er svært individuelt. Medan nokre kalvar prøvar seg på kraftfôr og høy få dagar gamle, er det andre som treng lang tid før dei vil ha anna fôr enn mjølk.
  7. Hald flasker, skåler, mjølkebar og liknande reine. Restar etter mjølk er grobotn for bakteriar.
  8. Fyrst når kalven tek godt til seg av kraftfôr og høy, kan mjølketildelinga reduserast. Mjølkefôringsperioden varer rundt 8 veker (minimum 6 veker), men har du rikelieg med råstoff, kan du godt halde fram med mjølk lengre.
  9. Sjekk underlaget i kalveboksen kvar dag. Gå ikkje på kompromiss med underlaget. Kalvar må liggje tørt.
  10. Ha kalveboksane plassert ein stad det er god luft, men ikkje trekkfullt. Altfor mange trur at luftige forhold gir trekk, og har derfor kalvar ståande der det er lite luftskifte. På slike stader må kalven konkurrere mot eit høgt bakterienivå og resultatet er ofte diaré og hoste. Dess høgare luftskifte, dess betre forhold! Her er det viktig at du får sjekka ut at dei ikkje blir ståande med nedslag av kald luft på seg. Dette kan Tine hjelpe deg med. Er det mogleg å ha oppstallinga av kalvane utandørs, så gjer det! Her er det mykje å vinne då luftskiftet sikrar minimum bakteriepress, og gir auka fôropptak. Ver derimot obs på at kalvehytter o.l., kan fungere fint i vinterhalvåret, men er ikkje til å halde ut ein varm sumardag, om dei ikkje står i skyggen.
  11. Få til eit godt oppstallingsystem for dei litt eldre kalvane. Mange opplever at problema med kalvane først startar når kalven skal venjast av med mjølk, eller når han vert flytta over i større fellesbinge med andre. Fortset å ha tørt liggeunderlag i bingen kalven skal flyttast til, og la kalven ta få endringar om gongen. La han få halde fram med same grovfôr og kraftfôr ei stund, slik at ikkje alle endringar skjer på ein gong.
  12. Sjølvpassar-system for kalv finst ikkje! La deg aldri lurast til å tru at kalven kan gå i system kor han skal klare seg sjølv med minimalt tilsyn. Sjekk alltid at kalvane dine er ivrige på mjølk, tek til seg høy og kraftfôr og er kvikke i blikket. Det er så mykje meir fornøyeleg å stelle friske og raske kalvar, som drikk mjølka si på eit blunk, enn å flytte rundt på sjuke dyr eller slepe ein død kalv ut fjøsdøra.

 

Stikkord denne saka: ,