BN+

Stor produksjon: Erik Ravndal har for tida 33 ammekyr og totalt 64 storfe, samt 300 vinterfôra sauer og full konsesjon på slaktegris.


Kjenner du fôrbehovet til dyra dine og har analyser av grovfôret – då kan du sikre god fôring både i gode og krevjande fôrår.


Liv Kristin Sola


– Elendig, svarar Erik Ravndal, på spørsmål om å summere årets grovfôrsesong.


– Fjoråret var ille, men dette året vart enda verre her hjå oss, seier bonden, som driv med slaktegris, sau og ammekyr på Ravndal i Gjesdal kommune i Rogaland. Erik disponerer kring 1000 dekar kulturbeite og lågheibeite i Sirdal og 180 dekar dyrka mark.
I normale år tek Erik to slåttar. Ein sein førsteslått kring 15. juni sikrar vinterfôr med låg energiverdi til ammekyrne. Ein god andreslått i midten av august sikrar næringsrikt fôr til sauene i tida rundt lamming. Tredjeslåtten vert beita. Det er strategien i såkalla normale år.

Årets grovfôrsesong

Førsteslått vart kring 60 prosent av normal avling, men ein kanonslått med tanke på kvalitet. Tilveksten før andreslått tørka vekk og avlinga vart 30-40 prosent av normalt. Lenge såg det ut til at ein god tredjeslått skulle berge heile fôråret. Så kom regnet.

Vil du lese denne og andre artiklar på nett?
LES BONDEVENNEN DIGITALT FRÅ 60,-


Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.
Logg inn med brukarnamn og passord.



Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: , , ,
Share This