Bv03_fag

Utnytt tida mellom innsetta til god vask og desinfeksjon. Gløym heller ikkje kontroll og vedlikehald av det tekniske utstyret. Illustrasjonsbilete frå Bondevennen sitt arkiv.

Ver på hogget. Ingen produksjonar innan jordbruket har så mange produksjonsdata som slaktekylling. Dei aller fleste produsentane er med i Slaktekyllingkontrollen som har data frå tidleg på 90-talet. Det skulle med andre ord vera svært enkelt å finna fasiten på spørsmålet om korleis ein får eit godt økonomisk resultat.

 

Reidun Kristiansen
Nortura

Når det likevel er vanskeleg å finna eit fasitsvar, så er det nok fordi det er mange faktorar som spelar inn. Her vil eg prøva å trekkja fram dei viktigaste punkta.

Slaktekyllingkontrollen 2012.
Vanleg kylling. Slakta på Nortura Hå

DB1/kr

Tilvekst
gram/dag

% døde

%
kasserte

Fôrforbruk/kg

Tråputepoeng

Dårlegaste 25 %

5,38

36,9

3,81

1,46

2,28

73

Gjennomsnitt

5,96

39,7

2,61

0,91

2,15

25

Beste 25 %

7,26

42,5

1,67

0,49

2,04

1

Diff  beste og dårlegaste 25 %

1,88

5,6

2,14

0,97

0,24

72

I tabellen ovanfor ser ein at det er store forskjellar mellom beste og dårlegaste fjerdedel i slaktekyllingkontrollen. Eg har tatt med deknings­bidrag 1. Utgifter til variable kostnader som straum, gass, forsikring, vask og desinfeksjon er ikkje trekt frå. Det var prisauke i juli, og sidan eg har tatt med heile 2012, vert ikkje samanlikninga heilt reell. Men sjølv om differansen “berre” er ei krone, så utgjer det kr. 120.000 i året for ein konsesjonsbesetning.
Mange av dei som ligg inne med det høgaste fôrforbruket har brukt eit svakare og billegare fôr. Men fôret er uansett den største utgiftsposten. Så å ha låge fôrutgifter og god tilvekst er dei viktiagaste faktorane for å få god økonomi. Men ein må ikkje gløyma å ha tal daude og kassasjon under kontroll også. Spesielt vil for mange daude siste veka og mange kasserte ha ein negativ innverknad på dekningsbidraget.
Kva er så årsaka til dei store forskjellane i økonomisk resultat? Ein del vil med ein gong svara: -Det er fôret som ikkje har stabil nok kvalitet! eller; – Dei daggamle kyllingane har altfor ujamn kvalitet!  Andre vil gjerne seie: – Det går ikkje an å få det tørt inne i huset når det striregnar heile tida!
Det er klart at både fôr, daggamle kyllingar og miljø har mykje å seia for produksjonsresultatet. Men den viktigaste grunnen til forskjellen er likevel det me på godt norsk kallar management. Produsenten må til ei kvar tid tilpasse stellet av kyllingane ut frå den gjeldande situasjonen. Ein god produsent får brukbart resultat sjølv om utgangspunktet er dårleg. Og ein mindre dyktig produsent kan få eit heller dårleg resultat sjølv om utgangspunktet er heilt perfekt.

Korleis skal ein få ut potensialet i ein kyllingflokk?

  • God vask og desinfeksjon raskt etter utslakting. Tomtida er tida mellom desinfeksjon og nytt innsett, så ikkje vent med å gjera denne jobben.
  • God oppvarming før nytt innsett. Temperaturen i govet skal vera minst 26˚C før strøet vert lagt ut. Dette for å hindra kondens, fuktig strø og tråputeskader.
  • Sjekk at alt det tekniske utstyret verkar.
  • Bruk mykje tid på kyllingane dei første dagane. Set deg gjerne ned og observer kyllingane. Sjekk om det er område dei ikkje vil vera på. Reguler ventilasjonen om det er trekk der.
  • Ha kontroll på utviklinga. Noter på daglista og sjekk notatane mot tidlegare innsett.
  • Reager raskt om noko unormalt oppstår!
  • Kalibrer utstyr, ventilasjon og følarar med jamne mellomrom.
  • Tilpass drifta til den flokken du til ei kvar tid har!
    Kyllingen har potensiale i seg til å oppnå ein kombinasjon av høg tilvekst, lågt fôrforbruk og få daude og kasserte dyr.

Gode kjenneteikn

Det er produsenten sjølv som er den viktigaste faktoren for å ta ut dette potensialet. Kjenneteikn på ein dyktig produsent er:

  • Har gode rutinar og førebuingar, fullt fokus gjennom heile innsettet.
  • Er i forkant og oppdager avvik frå det normale på eit tidleg tidspunkt.
  • Flink til å innhenta ny kunnskap, møter fram på fagmøte og har god kontakt med andre produsentar.
  • Bruker syn, hørsel og lukt for å overstyre det førehandsinnstilte dataprogrammet.
  • Tilpassar stellet ut frå det kyllingmaterialet ho/kan har mottatt.

Mindre gode

Ein produsent med resultat generelt under gjennomsnittet, kan ein karakterisera slik:

  • Har lett for å tru at det er “alle andre” sin feil at det går galt.
  • Søkjer sjeldan hjelp om det oppstår eit problem.
  • Rutinar vert ikkje endra sjølv om det same problemet dukkar opp i innsett etter innsett.
  • Er ofte i etterkant, og må løysa akutte problem i staden for å førebyggja.
  • Feil og manglar i huset vert ikkje retta opp før ein absolutt må.

Sjølvsagt er det ingen regel utan unntak. Men kyllingproduksjonen er ein så rask og intens produksjon at ein har ikkje råd eller tid til å venta i 2-3 dagar før ein rettar opp eit problem. Det er heile tida noko nytt å læra, både for erfarne produsentar og for nye. I denne produksjonen gjeld denne regelen fullt ut:
Dei som seier dei er ferdig utlærte, er ikkje utlært, men berre ferdig!

Dersom kyllingprodusenten er “på hogget”, er sjansen for å få jamt gode resultat svært gode.

Stikkord denne saka: