Forsøksruter med høgt innhald av raudkløver. Foto: Anne Kjersti Bakken.

Forsøksruter med høgt innhald av raudkløver. Foto: Anne Kjersti Bakken.

I eit fireårig forskingsprosjekt har vi fokusert på utfordringar knytt til intensiv hausting av eng, konservering og utnytting av surfôret hos mjølkekyr i økologisk produksjon. Her er nokre av resultata.

 

Håvard Steinshamn, NIBIO, Norsk Institutt for Bioøkonomisk forsking, Tingvoll,
Mats Höglind, NIBIO Særheim, Liv Østrem, NIBIO Fureneset,
Sondre S. Naadland, Institutt for husdyr- og akvakulturvitenskap, Norges miljø- og biovitenskapelige universitet, Ås,
Åshild T. Randby, Institutt for husdyr- og akvakulturvitenskap, Norges miljø- og biovitenskapelige universitet, Ås
Anne Kjersti Bakken, NIBIO Kvithamar.

 
Årsavdråtten per ku i økologisk mjølkeproduksjon har i gjennomsnitt auka med 18 prosent, i frå 5.890 kg i 2007 til 6.960 kg i 2013. I stor grad skuldast auken ei sterkare fôring med kraftfôr, og at mengde kraftfôr gitt per årsku har auka med 28 prosent i same tidsperiode. Vi ser ein tendens til at førsteslåtten blir hausta på eit tidleg utviklingsstadium hos plantane, og at det derfor mange stader blir teke ein slått til i året. Det gjer også at ein større del av totalavlinga kjem frå dei andre slåttane, etter førsteslåtten. I ei økologisk dyrka eng vil gjenvekstane oftast ha mykje kløver, og meir enn i førsteslåtten. Avlinga frå gjenvekstane har derfor vanlegvis høgare proteininnhald enn førsteslåtten, medan førsteslåtten har høgare energiverdi (fôreiningskonsentrasjon) men lågare proteininnhald enn andreslåtten. Tredje- og ein eventuell fjerdeslått har oftast både høg energiverdi og høgt proteininnhald. Avlingsnivå og avlingskvaliteten varierer såleis mye mellom slåttane, noko som kan vere utfordrande i fôringa av høgtytande mjølkekyr. Det ideelle er jamn avling og fôrkvalitet mellom slåttane. Dersom avlinga er ensilert i rundballar, kan det vere mogleg å utnytte ulik kvalitet ved å blande rundballar frå ulike slåttar i rett høve til kvarandre. Desse utfordringane undersøkte vi nærmare i eit fireårig prosjekt. Vi testa om vi ved hjelp av ulike artar og sortar i enga kan oppnå jamnare kløverinnhald og kvalitet mellom slåttar. Det kan tenkast at raudkløversortar som er raske i utvikling om våren og grasartar som er mindre synkrone i utvikling om våren, vil gi jamnare avling og avlingskvalitet. Vidare undersøkte vi nærmare kor lang vekstperioden bør vere mellom slåttane etter ein tidleg førsteslått for å oppnå høg avling og fôrkvalitet av gjenvekstane, og korleis ein best kan ta vare på energi- og proteinverdiane ved ensilering. Vi testa også kva blandingsforhold mellom første- og andreslåttssurfôr som var best for høgtytande mjølkekyr.

Artar og sortar i enga

I ein analyse av eldre forsøksdata fekk vi talfesta kor viktig kløver er for avlingsnivået. Eit kløverinnhald på mellom 30 og 40 prosent i totalavlinga gir om lag 30 prosent større årsavling enn ei eng som inneheld 10 prosent kløver (sjå figur 1). Vi fekk små utslag på avling i forsøka der vi samanlikna raudkløver dyrka saman med eit mangfald av artar og sortar av gras i blanding med meir tradisjonelle enkle grasblandingar. Men blandingar med fleirårig raigras gav høgare fôrverdi enn ei tradisjonell enkel blanding av engsvingel og timotei.
Vi fann at ein raudkløversort (‘Varte’) som er relativt rask i utvikling om våren, også utviklar seg raskare i gjenveksten, jamført med vanlege seine raudkløversortar (‘Lars’ og ‘Reipo’). I første engår var årsavlinga 8 prosent og kløveravlinga 15 prosent høgare i blandinga der vi brukte den tidlege raudkløversorten, og det var i hovudsak andreslåtten som gjorde utslaget. I andre engår etter ein streng vinter, var rangeringa av sortane snudd om, og den seine sorten gav høgare avling enn den tidlege. Det var særleg i vårveksten at ‘Varte’ låg etter i andre året, medan han tok seg oppatt i gjenveksten. Resultata frå denne forsøksserien stør delvis hypotesen om at ein raudkløversort som er rask i utvikling om våren, gir større avling av kløver i både første- og andreslått og samla for året og høgare proteinnivå i førsteslåtten, enn seine raudkløversortar. På grunn av dårlegare overvintringsevne galdt dette berre første engår.

Lengde av vekstperioden mellom slåttar etter tidleg førsteslått

På tre forsøkslokalitetar undersøkte vi effekten på avling og avlingskvalitet av lengda på vekstperiodane mellom slåttar etter ein tidleg førsteslått. Førsteslåtten vart sett til byrjande skyting av timotei, og lengda på vekstperiodane mellom slåttane var bestemt på førehand og varierte i frå 400 til 600 døgngrader (sum av døgnmiddeltemperaturane i perioden). Avlingskvaliteten viste rask nedgang i energi- og proteinverdi og auke i fibermengd med lengda på vekseperioden etter førsteslått. Vidare var avlingskvaliteten i tredjeslåtten sterkt påverka av tidspunktet for andreslåtten, og tidleg andreslått gav lågare proteinnivå og energiverdi og høgare fiberinnhald. Resultata viste at det er vanskeleg å oppnå lik avlingskvalitet i alle slåttane i intensiv hausta kløverrik eng, men kombinasjonen av tidleg førsteslått og 500 døgngrader mellom dei to neste slåttane, ser ut til å kombinere kravet om jamn kvalitet og høg avling best.

Ensilering og fôrkvalitet i kløverrikt materiale

Vi undersøkte korleis surfôrkvaliteten kan variere mellom typisk første- og andreslått i økologisk surfôrproduksjon, med førsteslått tatt ved byrjande skyting og andreslåtten 600 døgngrader seinare. Raudkløverinnhaldet var 30 prosent i førsteslåtten og 70 prosent i andreslåtten. Vi samanlikna tre ulike gjæringsmønster; utan tilsetting, Kofasil Lac og maursyre. Råproteinfraksjonen i kløverrikt materiale frå andreslåtten såg ut til å vere mindre utsett for nedbryting under konservering enn materiale frå førsteslåtten som inneheldt meir gras. Men fôrkvaliteten vurdert ut frå både energiinnhald og proteinverdi var likevel høgare i den grasrike førsteslåtten. Begge effektane har truleg samanheng med kvaliteten på karbohydratfraksjonen hos gras versus raudkløver. Det var også eintydig at energi og protein vart best konservert med bruk av maursyre som ensileringsmiddel.

Blanding av surfôrkvalitetar til høgtytande mjølkekyr

I eit fôringsforsøk med mjølkekyr samanlikna vi fire surfôrrasjonar:
1. Rein førsteslått.
2. 67 prosent første- og 33 prosent andreslått.
3. 33 prosent første- og 67 prosent andreslått.
4. Rein andreslått.
Kløvermengda var 14 prosent i førsteslåtten og 41 prosent i andreslåtten, og kvitkløver var den dominerande kløverarten. Førsteslåtten var hausta ved byrjande skyting hos timotei og andreslåtten når fiberinnhaldet var om lag på same nivå som førsteslåtten. Kyrne fekk fri tilgang på surfôret og om lag 8 kg kraftfôr dagleg som sikra nok protein (AAT og PBV) ut frå venta produksjon. Surfôropptaket gjekk ned med aukande mengd andreslåttssurfôr i rasjonen, og kyrne som fekk rein førsteslått, åt om lag 1 kg surfôrtørrstoff meir om dagen enn dei som fikk rein andreslått (15,1 vs. 14,0 kg TS/dag). Dagleg produksjon av energikorrigert mjølk (EKM) var om lag 1 kg lågare hos dei som fekk rein andreslåttssurfôr enn på dei andre tre rasjonane (29 vs. 30 kg EKM/dag). Årsaken til redusert fôropptak og produksjon på reint andreslåttsurfôr er at andreslåttsurfôret inneheldt meir ufordøyeleg fiber enn førsteslåtten, sjølv om både innhaldet og fordøyinga av protein var høgare. Sjølv om fôropptaket gjekk ned med aukande mengd andreslått i rasjonen, så heldt produksjonen seg oppe på dei to rasjonane med blanding av første- og andreslått. Så lenge ein ikkje fôrar reint andreslåttsurfôr, peikar våre resultat mot at ein kan blande inn inntil 2/3 av andreslåttssurfôr og likevel oppretthalde mjølkeproduksjonen hos kyr i høglaktasjon.
Prosjektet vart finansiert av Landbruks- og regionalforvaltninga i Sør- og Nord-Trøndelag, TINE Rådgivning og Medlem, Norsk Landbruksrådgiving og Forskingsmidlar over jordbruksavtalen.

bv35_fag2

Figur 1 Effekt av utviklingssteg for førsteslått og kløvermengd i avlinga (10 og 40 prosent) på årsavlinga (kg TS/daa). Pilane viser normaltid (utviklingssteg) for førsteslått ved høvesvis to (grå) og tre (svart) slåttar.

Stikkord denne saka: ,