- Det er mogleg å oppnå DCAD ned mot null, ved hjelp av klorgjødsling. Bruk gjerne eldre eng, og avgrens tilgangen på kalium. Utsett hausting gir lågare DCAD. Individuell fôring av sinkyr er mogleg i båsfjøs, og i lausdriftsfjøs med eiga sinkuavdeling. Minirundballar gjer individuell fôring av få kyr enklare. Foto: Olav Martin Synnes

– Det er mogleg å oppnå DCAD ned mot null, ved hjelp av klorgjødsling. Bruk gjerne eldre eng, og avgrens tilgangen på kalium. Utsett hausting gir lågare DCAD. Individuell fôring av sinkyr er mogleg i båsfjøs, og i lausdriftsfjøs med eiga sinkuavdeling. Minirundballar gjer individuell fôring av få kyr enklare.
Foto: Olav Martin Synnes

Det er muleg å senke kation anion differansen (DCAD) i grovfôr til eit nivå som passar godt til sinkuperioden, ved å gjødsle eng med klorid.
Olav Martin Synnes, Norsk Landbruksrådgiving Sunnmøre.
Lars Nesheim, og Anne Langerud, Bioforsk, divisjon Landbruk.

 

Ei mengd på 14 kg klor per dekar vil truleg vere tilstrekkeleg, og gjødselkostnaden for den mengda vil vere om lag kr 75 per dekar. Det vil ikkje vere enkelt å oppnå tilstrekkeleg låg DCAD berre ved å velje grasartar med noko lågare DCAD enn andre artar.
I ein artikkel i Bondevennen 13/14 i år er det gjort greie for bakgrunnen til eit prosjekt om førebygging av mjølkefeber. Der er det også presentert resultat av fôring med klorgjødsla grovfôr med vekt på kva verknad dette fôret hadde på mjølkekyr dei to siste vekene før kalving. Prosjektet, som var finansiert av Regionalt Forskingsfond Midt-Norge og Fylkesmannen sine landbruksavdelingar i Midt-Norge hadde følgjande deltakarar: Bioforsk, Nordøyane Veterinærkontor, NLR Sunnmøre, NLR Sør-Trøndelag, Landbruk Nordvest, TINE Rådgiving, Felleskjøpet Fôrutvikling og Yara. Idenne artikkelen vert det vist resultat av gjødslingsforsøk med ulike mengder klorid til timotei- / engsvingeleng og til sju artar.

Gjødsling med klorid

Den vanlegaste brukte DCAD-formelen er ([Na+]+ [K+]) – ([Cl-]+ [S2-]) i mEq per kg tørrstoff. Kalium og klor er dei minerala som kan manipulerast lettast ved gjødsling. For å kunne førebygge mjølkefeber bør DCAD ligge ned mot null. I alt fem felt vart lagt ut i etablert ung eng med mykje timotei og engsvingel, og lite kløver og tofrøblada ugras. Det vart lagt vekt på å finne forsøksareal med lite kaliumreservar i jorda. Klorgjødslinga vart utført om våren. Felta vart hausta seint i første slått, 2-3 veker etter byrjande skyting. Tre forsøk vart gjennomført i to år. På storruter vart det anten gjødsla normalt med kalium, etter innhald av K-HNO3 i jorda, eller med halv mengd kalium i høve til normal mengd. Følgjande mengder klor i kalsiumklorid vart nytta: 0, 7, 14 og 21 kg klor per dekar.
Det var ingen sikre avlingsutslag for gjødsling med kalium eller klor (tabell 1). Innhaldet av kalium og DCAD var ikkje påverka av ulikt nivå av kaliumgjødsling. Gjødsling med klor førte til auka innhald av kalium og klor, og DCAD vart senka opp til ei mengd på 14 kg klor per dekar. DCAD gjekk ned frå 142 utan klorgjødsling til 66 ved ei gjødsling på 14 kg klor.
På eitt felt på Sunnmøre vart planen endra litt. Nivået 7 kg klor var ikkje med, medan ein på nivå 14 kgklor samanlikna verknaden av kalsiumklorid og magnesiumklorid. Og i staden for 21 kg klor vart det tilført 28 kg. I middel for to år gjekk DCAD ned frå 92 ved null klor gjødsling til 6-30 ved klorgjødsling. Det var ingen sikker skilnad i DCAD etter gjødsling med kalsium- eller magnesiumklorid. Men innhaldet av kalsium auka frå 1,9 g/kg TS der det ikkje vart spreidd kalsiumklorid til 2,5 g/kg TS på ruter med kalsiumklorid. Magnesiuminnhaldet var 1,5 g/kg TS der det var nytta magnesiumklorid, tilsvarande tal for andre ruter var 1,1-1,3 g/kg TS. Gjødsling med 28 kg klor gav ikkje lågare DCAD enn 14 kg klor per dekar. I dette feltet var innhaldet av kalium i graset veldig lågt, frå 7 til 12 g per kg tørrstoff. Også klorinnhaldet var lågt, frå 7 til 14g per kg tørrstoff.

Bv17.indd

Tabell 1. Kation anion differanse (DCAD), innhald av kalium og klor og tørrstoffavling i første slått ved ulik gjødsling med klor og kalium. Middel av tre felt i to år.

Skilnad mellom artar

Tre feltforsøk vart sådd med følgjande sortar og artar på småruter:
Grindstad timotei. Fure engsvingel. Frisk hundegras. Leif bladfaks. Lara strandrøyr. Fia fleirårig raigras. Hykor raisvingel. Om våren i første og andre engår vart det tilført 0 eller 14 kg klor i kalsiumklorid på storruter. Felta vart forsøkshausta i første slått i to år, om lag 2 veker etter begynnande skyting av timotei. Bladfaks og strandrøyr vart slått om lag ei veke etter dei andre artane.
I tabell 2 er det vist middeltal for tre felt i to år. Sjølv om det er store skilnader i DCAD mellom artane, var dei ikkje statistisk sikre. Men det var sikre skilnader i innhald av kalium og klor mellom artane. Fleirårig raigras, raisvingel og hundegras hadde høgare innhald av kalium og klor enn timotei, bladfaks og strandrøyr.
Dei tre felta med ulike artar låg i Åfjord, på Sunnmøre og på Kvithamar i Stjørdal. Det var visse skilnader mellom felta. Innhaldet av kalium i graset var langt lågare på Sunnmøre (16-21 g/kg TS) enn i Åfjord (21-27 g/kg TS) og på Kvithamar (20-30 kg/kg TS). For andre mineral var skilnadene mindre. På feltet i Åfjord varierte DCAD frå 223 i engsvingel til 78 i strandrøyr, men differansen var ikkje sikker. På Kvithamar var tilsvarande variasjon i DCAD frå 158 i hundegras til 49 i strandrøyr. DCAD i strandrøyr, raigras og raisvingel var klart lågare (49-66) enn i timotei, engsvingel, hundegras og bladfaks (113-158). I feltet på Sunnmøre var DCAD lågare, men rangeringa av artane var om lag lik som på dei andre felta. DCAD i strandrøyr var -2, i raisvingel var tilsvarande verdi 22. Og DCAD i desse to artane var sikkert lågare enn i timotei, engsvingel, hundegras og bladfaks (59-77).
Det vart analysert for fôrkvalitet i første slått i det første året. Det var store skilnader mellom artane, og dei var statistisk sikre for alle parametrane. Innhaldet av råprotein var lågt for alle artane. Fôreiningskonsentrasjonen varierte frå 0,66 (strandrøyr) til 0,80 FEm/kg TS (raigras).

Bv17.indd

Tabell 2. Kation anion differanse (DCAD), innhald av mineral og tørrstoffavling i første slått for sju artar ved ulik gjødsling med klor. Middel av tre felt i to år for ledd med tilføring av 14 kg klor per dekar.

Konklusjon

Ein kan senke kation anion differansen (DCAD) i grovfôr til eit nivå som passer godt til sinkyrperioden ved å gjødsle med klor. Ei mengd på 14 kg klor per dekar vil truleg vere tilstrekkeleg. Det finst fleire aktuelle klorprodukt på marknaden. Produsentane må søkje Mattilsynet om løyve til å spreie produkta på jord til mat- og fôrproduksjon. Prisen for 14 kg klor vil vere om lag kr 75, som vert gjødselkostnaden per dekar. Det var skilnader i DCAD mellom artane, men det var også stor forskjell i fôrkvalitet. Det vil ikkje vere enkelt å oppnå tilstrekkeleg låg DCAD berre ved å velje grasartar med lågare DCAD. Men resultata tyder på at seint hausta strandrøyr frå klorgjødsla areal kan vere eit brukbart sinkufôr.

Stikkord denne saka: ,