God lønsemd: Pelsdyrnæringa tener gode pengar. Fleire nyetablerarar har satsa dei siste åra. Var det forgjeves? Næringa fortvilar etter regjeringa sitt framlegg om avvikling.

Regjeringa har gitt oss kniven på strupen. No står kampen om framtida for norsk pelsdyrnæring.

 

Sven Gil Westersjø, rådgjevar i Norges Pelsdyralslag

 

14. januar slo lynet ned i pelsdyrnæringa. Regjeringa la fram Jeløyerklæringa og med den framlegg om styrt avvikling av norsk pelsdyrnæring. Næringa får ei overgangstid fram til desember 2024. Pelsdyrbøndene er fortvila og i sjokk.
Pelsverk av ville dyr var den viktigaste form for klær i mange tusen år. Etter at ull, plantefiber og oljeprodukt overtok, blei pelsverk brukt til spesielle drakter, til både nytte og pryd. Etter kvart som folketalet i verda auka med den industrielle revolusjonen, vart pelsdyra trua av utrydding. Land som Canada, USA og Russland prøvde difor å ale opp pelsdyr i fangenskap.

Oppdrett i 200 år

I Sverige forsøkte dei å ale opp rev allereie i 1827, men det verkelege startskotet for oppdrett gjekk i Canada, som byrja med mink i 1866 og sølvrev i 1895. Norge kom ikkje skikkeleg i gang før vi importerte sølvrev frå Canada i 1914, og frå 1920-talet av, då minken kom. På slutten av 1930-talet var det pelsdyrhald på annakvart gardsbruk mange stader på Vestlandet. I dei tider fekk bøndene like mykje for eit sølvrevskinn som for ei mjølkeku. Fleire kommunar la ikkje fram kommunebudsjettet før dei visste kva skinnprisen på sølvrev vart!

Lønsam produksjon

Dei siste 100 åra har verdsmarknaden etterspurt pelsskinn særleg frå rev og mink. Pels har alltid vore blant dei mest lønsame produksjonane du kunne drive med i norsk landbruk. På 1960-talet var det særleg lønsamt med mink, på 1970- og 80-talet stod reven høgt i kurs. Dei siste 20 åra har minken igjen vore innbringande. Med landbruksløftet på 1970-talet vart pelsdyroppdrett likestilt med resten av norsk landbruk. Landbruksminister Gunnhild Øyangen gjorde på 1980-talet pelsdyrhald til eit klart satsingsområde for Brundtland II-regjeringa. Skandinavia produserte etter kvart om lag halvparten av alle rev- og minkskinn i verda. I dag har den globale produksjonen dobla seg, til over 70 millionar skinn og Kina er verdas største pelsprodusent.

I dyrevernarane sitt søkjelys

Med auka velstand og jappetid på 1980-tallet, auka også oppslutninga om dyrevernorganisasjonar, som Dyrebeskyttelsen. Hovudsakene deira hadde tidlegare vore hald av hest, katt, hund og høns. Mot slutten av tiåret dreidde dei søkjelyset mot pelsdyrhald og kravde forbod. Dei meinte dette skulle vera ei enklare sak å vinne, ettersom pelsdyrhald ikkje var matproduksjon. Utbrytargrupper frå dyrevernmiljøet meinte at dyrevern ikkje fekk nok merksemd og at kampen måtte spissast med både lovlege og ulovlege aksjonar, protestar, politisk lobby og mediaarbeid. Noah, Dyrevernalliansen og Dyrenes frigjøringsfront spring alle ut av Dyrebeskyttelsen. I dag er desse gruppene proffe aktørar i den offentlege debatten, med mange journalistar og kommunikasjonsrådgjevarar i staben.

Politisk merksemd

Eit sterkt påtrykk frå dyrevernaktivistar har ført fram. Norsk landbruk er under press. Arbeidet med å forby norsk pelsdyrhald har vore «spydspissen» i dyrevernsaktiviteten.

Hausten 2013 sette Stoltenberg IIregjeringa ned eit utval med mandat til å lage ein NOU-rapport: Norsk Pelsdyrhold – berekraftig utvikling eller styrt avvikling? Utvalet konkluderte i desember 2014 og gjekk for ei berekraftig utvikling av næringa. Erna Solberg si regjering arbeidde vidare med rapporten. I november 2016 vart Stortingsmelding nr 8 lagt fram, der den blå-blå regjeringa gjekk inn for ei berekraftig utvikling. Stortinget slutta seg til regjeringas framlegg i januar i 2017. Pelsdyrnæringa kunne endeleg senka skuldrene og igjen sjå positivt på framtida.

Sjokk og vantru

Alt snudde 14. januar i år. Regjeringa kalla inn til pressekonferanse. Høgre og Framstegspartiet hadde hatt regjeringssamtalar med Venstre. Som lyn i frå klår himmel fekk pelsdyrnæringa vite at regjeringa gjekk inn for ei styrt avvikling av næringa, med ein avviklingsperiode fram til desember 2024.
Frå 2008 og fram til nå har god lønsemd i pelsdyrproduksjonen, særleg i produksjonen av mink, ført til fleire nyetableringar. Innovasjon Norge har gitt tilskott og rentestøtte til oppstart innan denne innbringande distriktsnæringa. Berre i Rogaland har produksjonen auka med 30 prosent. Mange nyetablerte har investert millionar i nye anlegg. Etablerte produsentar har tilpassa seg nye forskrifter og investert i auka produksjon.

Kva nå?

Pelsdyrbøndene er ikkje noka einsarta gruppe. Nokre er illsinte, nokre oppgitte, andre er på gråten. Kva gjer eg nå? Må eg gå frå gard og grunn, spør nokre fortvila. Vi er i 50 åra – kva skjer med pensjonen vår, spør andre. Regjeringa vil flagge ut 450 lønsame, eksportretta distriktsarbeidsplassar til Asia – kor er fornufta, roper andre igjen.

Det varmar langt inn i sjela å sjå at eit samla norsk landbruk støtter opp om pelsdyrbøndene i denne situasjonen. Landbruket kjenner nok også presset mot andre delar av næringa, til dømes illustrert med Dyrevernalliansen sitt samarbeid med Rema om egg frå frittgåande høner.

Pelsdyrnæringa har bestemt seg. Den vil kjempe med nebb og klør for å snu regjeringa sitt framlegg om avvikling. Avvikling er ikkje god distriktspolitikk, det er dårleg miljøpolitikk, dårleg dyrevernpolitikk – og det er dårleg næringspolitikk.

Stikkord denne saka:
Share This