BN+

Friske kyr: I lausdriftsfjøsen på Njåstad er det nærare 50 mjølkekyr. Svein Jarle Njåstad er glad for at rask og grundig innsats mot digital dermatitt gjorde at alle dyra i dag har friske klauver.


Då klauvskjeraren oppdaga digital dermatitt på 15 kyr våren 2017, frykta bonde Svein Jarle Njåstad at dei ikkje skulle klare å bli kvitt smitten. Mindre enn eitt år seinare, vart alle kyrne friskmelde i fjøsen på Osterøy.


Anne Rivenes, frilansjournalist


Sidan ingen av kyrne halta eller viste teikn til vonde føter, hadde ikkje Svein Jarle Njåstad noko mistanke om digital dermatitt i samdriftsfjøsen på garden Njåstad på Osterøy. Det starta med to kyr desember 2016, der klauvskjerar Sigurd Århus oppdagar dei første teikna på sjukdom. Dyra fekk behandling, men ved neste klauvskjering om våren finn dei digital dermatitt på i alt 15 dyr. Rett nok berre små sår og tidleg stadium, men like fullt måtte det reagerast raskt og effektivt. Bonden fekk gode råd og hjelp til å handtere problemet.


– Me kontakta spesialveterinær Åse Margrethe Sogstad ved Helsetjenesten for storfe hos Animalia, seier Njåstad.


– Eg inviterte dyrlegar i distriktet og fekk Sogstad til å kome å halde kurs her i fjøset, slik at me alle fekk lære meir om problemstillinga. Det kosta litt, men var nyttig.

Tok grep tidleg

Så starta dei kampen mot den frykta klauvsjukdomen. Alle dyra som fekk påvist DD vart behandla med salisylsyregel og bandasje, etter først grundig reingjering og klauvskjering. Bandasjen skal av etter tre til fem dagar. Aldri lenger. Kjem ein tidleg i gang med behandling, kan dette vera nok.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: , ,