07_fagartikkel

 

På Vestlandet står det milliardverdiar i skogen, og over 80 % av skogen er ikkje forsikra. Skal du som skogeigar unngå tap i hundretusenkronersklassen ved ein storm, bør du forsikra skogen din. Kostnaden er under 1 kr per dekar per år.

 

Kjetil André Rødland
Dagleg leiar, Vestskog BA

 

Grana på Vestlandet er i ferd med å verta hogstmogen, og me er no i startgropa på det somme kallar «den store granhausten». Dette er ein periode på 40-50 år der samla hogst i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane er venta å auka frå dagens nivå på

300 000 m3 til nærare 1 million m3 tømmer. Førstehandsverdien (brutto tømmerpris til skogeigar) vil årleg vera over 300 millionar kroner i desse tre vestlandsfylka. Det er store verdiar som skal takast ut av vestlandsskogen, og det er også store verdiar som står i skogen per i dag.

Kva kan skje?

Det er grana som vil stå for det meste av denne hogsten, og det er i granskogen risikoen er størst for at noko kan  skje. Eit godt eksempel på det heiter «Dagmar» som kom på besøk 1. joledag. Totalt i heile landet gjekk nærare 1,3 millionar kubikkmeter med skog over ende. Relativt sett vart Vestlandet hardast råka, fordi skog tilsvarande fleire års hogst gjekk over ende i fylka Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Totalt vindfall i desse fylka er estimert til å vera over 500 000 m3 med skog.

Ved vindfall knyter skadene seg til at skogen vert hogd før den er hogstmogen, at driftskostnadene aukar, redusert salsverdi for tømmeret og redusert salsvolum på grunn av stammebrekk og høg stubbing. Tapet pr m3 tømmer vert fort 50-200 kr, og ein skal ikkje ha veldig vanskelege driftsforhold før all rotnetto ved drift er vekke. Etter «Dagmar» si herjing er det mange eksempel på vindfall der ein vil få direkte tap på å ta ut tømmeret.

Det er granskogen som også er mest utsett for vindfall framover. Grana er hogstmogen når høgda på skogen nærmar seg 30 meter. Ved slike høgder aukar faren for vindfall radikalt.

Store verdiar på vestlandske skogteigar

Verdiane til den enkelte skogeigar er også store. Ein typisk vestlandsskog består av 300-400 dekar, av dette vil 50-100 dekar vera granskog og resten fure- og lauvskog. I denne eksempelskogen vil det fort vera 4000-5000 m3 ståande skog til ein bruttoverdi på nærare 1,5 millionar kroner, og granskogen står for 2/3 av denne verdien.

For Vestlandet totalt er det om lag 70 millionar m3 med ståande skog, av dette 25 millionar med gran. Brutto salsverdi av alt tømmeret er heile 21 milliardar kroner! Skal ein rekna med det tømmeret som er økonomisk drivbart vil halvparten vera eit utgangspunkt, noko som  framleis er 10 milliardar kroner i brutto tømmerverdi!

Usikra milliardverdiar

Skogane på Vestlandet er verdt millionar på eigedomsnivå og milliardar på landsdelsnivå. Kva skjer dersom det kjem ein storm? Situasjonen etter «Dagmar» er at skogeigarane i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal sannsynlegvis vil tapa 40-60 millionar kroner på grunn av at skogen ikkje var forsikra då brannen kom. I Noreg har nemleg det offentlege på byrjinga av 2000-talet fjerna moglegheita for at Naturskadefondet dekker skogskader hjå ikkje-forsikra skogeigarar. Dersom ein skogeigar ynskjer å sikra verdiane sine mot stormskadar, må vedkomande teikna forsikring gjennom Skogbrand Forsikringsselskap. Enkelt sagt kan ein seia at dersom ein ikkje har forsikra seg gjennom Skogbrand, så er ein heilt usikra dersom stormen skulle koma. I Vestlandsfylka er berre 10-20 % av skogarealet forsikra mot storm, med Sogn og Fjordane på botn med berre 10 %. Dette med forsikring er noko ein vanlegvis ikkje tenker på, men «Dagmar» har verkeleg synt at skogeigarar som ikkje forsikrar seg mot skogskadar tar ein stor risiko.

Brann skader også skogen, men denne artikkelen tar for seg stormskadar fordi dette er det mest dagsaktuelle temaet av desse to. Generelt vil artikkelforfattaren tilrå å forsikra skogen  både mot stormskadar og mot skogbrannskadar. Dette aukar forsikringspremie med kring 50%.

Er det dyrt å sikra seg?

Forsikring er ofte dyrt. Artikkelforfattaren har ein seks år gamal bil verd 150 000 kroner, og for den må han betala nesten 10 000 kroner i årleg forsikringspremie. Kor mykje vil det kosta å forsikra ein skog som er verd 10 gonger så mykje (eksempelskogen vår?). Ein rask sjekk på heimesidene til Skogbrand synte at eksempelskogen hadde kosta om lag 300 kroner i året å forsikra mot stormskadar, altså under 1 kr pr. dekar pr. år. Den klare oppfordringa til alle skogeigarar er å ta kontakt med Skogbrand for å få eit tilbod på skogforsikring. I år har dei også hundreårsjubileum, slik at forsikringa for 2012 er gratis…

 

 

 

 

Stikkord denne saka: