Peter Hegelund, frå Jysk Kvæg, saman med rådgivarane Bjørg Granberg, Nortura, og Knut Erik Hagen og Torger Frøyland, TINE.

Peter Hegelund, frå Jysk Kvæg, saman med rådgivarane Bjørg Granberg, Nortura, og Knut Erik Hagen og Torger Frøyland, TINE.

 

Geir Jone Pollestad har starta å bruka tavler i fjøsen. – Dette skulle eg hatt gjort tidlegare, seier han.

Geir Jone Pollestad har starta å bruka tavler i fjøsen. – Dette skulle eg hatt gjort tidlegare, seier han.

 

– Dette er noko me vil arbeide vidare med, er responsen frå tolv bønder som har vore med på utviklingsprosjektet «LEAN i landbruket» (sjå forklaring i faktaboks).

 

Eivind Vik
Fagrådgiver TINE Rådgiving

 

Det er Nortura, Geno og Tine som står bak prosjektet som også er støtta av Matmerk. Metoden går ut på kontinuerleg forbetring som arbeidsverktøy i storfehaldet. No skal tankesettet utviklast og prøvast ut i landbruket. Målet er å sikra auka konkurransekraft gjennom heile verdikjeda. I første prosjektfase har tre mjølkeprodusentar frå Jæren vore med. Bønder frå både Trøndelag og Østlandet er og med i prosjektet. Tre av bøndene driv med ammeku.

 

bv04_fag3

Ingen kopi

Kjernen i Lean er at ein tilpassar dette til den enkelte sin situasjon. Ein kan ikkje slavisk kopiera andre bransjar, men ein kan få innspel og motivasjon til korleis ein kan bruka dette. Det er først og fremst tankesett og systematikk som er viktig. Her kjenner brukarane seg att, for eigentleg handlar dette om sunt bondevett sett i system.
Bønder driv ein biologisk produksjon og må tilpassa seg deretter. Når ein kan bruke Lean-tenkinga i helsevesenet bør ei tilpassing til storfehald vera mogeleg. Mange av verktøya og teknikkane frå andre bransjar kan nyttast.
Lean handlar om måten ein arbeider på. Auka bevisstgjering på mange område var også noko som vart framheva då produsentane var samla til evalueringsmøte på Gardermoen før jul. Fleire framheva at dette hadde gjort det enklare å strukturera drifta og arbeidsdagen. Bøndene opplevde og betring i rutinar for arbeidet, og avlasting for leiaren. Dansk storfehald har alt i fleire år arbeidd etter tankesettet. Der seier dei dette er den største endringa i produktivitet sidan traktoren avløyste hesten. Samstundes er ikkje dansk landbruk likt det norske. Dei har i større grad fleire tilsette. Difor vert “tavlemøter” eit viktig kommunikasjons-, planleggings- og styringsverktøy i deira drift. Ein av deltakarane i det nyoppstarta prosjektet i Noreg har testa ut tavlemøter. Bonden opplevde bruk av tavler som nyttige for å betra oversikt og kommunikasjon. Ein kan tilpasse metoden slik at også einmannsbedrifter kan ha nytte av tavler. Samdrifter vil truleg ha god nytte av tavlebruk.

Få arbeidet unna

Peter Hegelund, sjef i Jysk Kvæg, har lang erfaring som rådgjevar for danske storfeprodusentar. I tillegg til sjefsjobben for storferådgivinga, er han også leiingsrådgivar for danske storfebønder. Hegelund har og vore med på opplæring av norske rådgjeverar i prosjektet Lean i Landbruket. Gjennom sitt arbeid har han god kjennskap til ulike verktøy som har vore nytta innan leiing.
– Å sikre at endringar faktisk blir gjennomført er alltid bøygen. Ein kan ha gode planar, men det er alltid vanskelig å innarbeida handlinga på ein god måte. Dette er ei rein menneskelig utfordring. Difor er det viktig å finne system som kan hjelpa til på vegen. Eg meiner den store skilnaden mellom Lean og andre verktøy er at denne arbeidsmetoden sikrar god samanheng mellom det ein vil gjere, og det en faktisk gjer. Betre enn hundre gardsråd, meiner Hegelund. Danske storfebruk har ein gjeldssituasjon som gjer at dei fleste bruk, har krav frå banken om eige budsjett. Dei er då opptekne av budsjettsikring, ogkontroll på dei faktorane i budsjettet bonden kan gjere noko med.
– Budsjettet må ut i fjøset. Då gjeld det å få den rette oppfølginga og overvakinga av produksjonen. Lean er det som best kan stette desse krava. Ein får faktisk eit bilde av situasjonen mykje raskare enn om ein skal vente på rekneskapsrapporten, forklarar Hegelund.

Kortsiktige og tydelege mål

Gjennom tankesettet er ein heile tida på leit etter å bli betre. Det vil seie minimera feil og arbeida smartare.
– Ha kortsiktige tydelige mål, der du sjølv har innflytelse på effekten, er Hegelund sin bodskap. Til det er tavler supre. Brukerane får målsettingar, planar og utfordringar opp på «veggen», og har vist seg å ha god effekt.
– Det å få fram eit «enkelt bilde» av det ein held på med, gir betre oversikt og aukar gjennomføringsevna, skildrar den danske rettleiaren. Han nytter tavler i si leiing av Jysk Kvæg. Kvar veke er medarbeidarane hans samla til eit kort planleggingsmøte rundt tavlene.

Systematikk for robotfjøs

Lean-tankegangen går rett inn i system og drift av robotfjøs. Målet er velferd og berekraftig utvikling både for dyr, menneske og maskinar. Samstundes kan metoden nyttast i systematisk og førebyggjande helsearbeid. Det er viktig at systema er enkle. Kvart bruk må finne det som passar for seg. Metoden er ikkje målet, men eit middel for å bli betre. No blir prosjektet Lean i Landbruket utvida til fase to. Der vil ein i løpet av ein periode på omlag eit år gi innspel og støtte til byrjing av forbetringsarbeid. Dels vil det bli individuell oppfølging frå rådgivar, og dels vil det bli kollegalæring gjennom fellessamling.
Kontaktperson for dei som er interesserte i å starte med Lean er Eivind Vik.
E-post: eivind.vik@tine.no, telefon: 95 12 61 62.

Stikkord denne saka: