bv44_fag

 

Det er verkeleg kjekt å sjå at det er nisjeproduksjonar i landbruket som kan gi svært gode inntekter. For tre veker sidan vart årets siste skinn selt. I fjor var skinnprisen det høgaste den har vore på 30 år, likevel steig prisen frå 2012 til 2013 med 14 %.

 

Sven Gil Westersjø
Rådgjevar i Norges Pelsdyralslag

Skinnprisen for alle norske skinn var i år på 545 kr. Likevel lønner det seg å vere dyktig, for dei oppnår ei pris som ligg 10-20 % over landsgjennomsnittet. For eit middels minkbruk på 1100 tisper utgjer 15 % auka skinnpris heile 450.000 kr i auka arbeidsforteneste.
Pelsdyrproduksjon står på mange måtar i ei særstilling i norsk landbruk i dag. Der tradisjonelt landbruk produserer produkt for eit skjerma norsk marknad og fryktar den blå regjeringa skal gi reduserte tollmurar, har pelsdyrbøndene produsert for verdsmarknaden i over 100 år. Det er på mange måtar eit eventyr at minkskinn produsert av bønder på Vestlandet, i høgkostlandet Noreg, konkurrerer side om side med Kina. Norsk mink er meir livskraftig, føder fleire ungar, er større og har vesentleg betre kvalitet enn kinesisk mink. Sjølv kostnadene til å produsere fôr er like høg i Kina som i Noreg.

Ei rivande utvikling

Norsk mink har dei siste15-20 åra gått gjennom ei rivande utvikling. På 90-talet var ein typisk norsk mink stor, men grovhåra og hadde dårleg pelskvalitet. Eit svært godt avlsarbeid, samt sterkt fokus på pelskvalitet, har gjort norsk mink i dag til eit av verdas mest etterspurte pelsprodukt. I tillegg til dyktige og framtidsretta bønder, så har denne utviklinga skote fart ved at det har vore ein betydelig import av nytt avlsmateriale frå Danmark. Dagens norske minkskinn er korthåra, tynn i læret og har svært god pelskvalitet. Sjølv om dagens mink ikkje er like tung som den gamle norske minken, så blir sluttproduktet gjerne større.

Nye produsentar har gode resultat

Mange nye bønder har dei siste åra starta med minkproduksjon for å auke inntektsgrunnlaget på eigen gard. Norges Pelsdyralslag har hjelpt desse ved å lage driftsplan for dei. I ein slik prosess, for å estimere framtidige inntekter, må ein sette fram nokre føresetnadar. Ein av desse er framtidig skinnpris. Vi har gjort det slik at vi har sett 10 år tilbake i tid og funne medel skinnpris for desse åra. Denne har variert etter konjunkturane i marknaden og vi har slått fast at det vil han sikkert gjere også i framtida. Nye bønder får dermed ein driftsplan som føreset at dei blir ein middels produsent, der dei produserer skinn av medels pris og medels storleik. Her har Norges Pelsdyralslag tatt feil i nesten alle driftsplanar. Nye bønder som satsar gjer det betre enn forventa. Det er sjølvsagt svært hyggeleg, og ingen kan dermed ta oss for at næringa har vore for optimistiske. Nye produsentar gjer det enkelt og greitt betre enn ein gjennomsnittleg produsent av di dei er dyktige, satsar seriøst og har kjøpt inn gode avlsdyr.

Variasjon gir inntektstap

Oppnår du eit medels resultat, fortel det oss at halvparten av produsentane gjer det dårlegare enn deg, og halvparten gjer det betre enn deg. Er du av den defensive typen kan du slå deg til ro med at du slår halvparten. Er du av den offensive typen slår du deg ikkje til ro, fordi halvparten av produsentane gjer det betre enn deg. Går vi inn og ser nærare på tala, så oppnår dei alle beste produsentane 10-20 % høgare skinnpris enn gjennomsnittet. Årsaka til dette er at dei beste produsentane produserer større og betre skinn. Denne differansen i lønnsemd skyldast aleine prisen skinnet oppnår på auksjon. I tillegg er kvelperesultatet ein viktig faktor som ikkje vi har fokusert på i denne artikkelen. For dei som gjer det best på kvelperesultat ligg også gjerne 20 % over gjennomsnittet for landet.

Oppsummeringa for sesongen 2012/13 syner at norske minkskinn nådde ein pris på 545 kr. Norge selde om lag 800.000 minkskinn til ein verdi av 430 millionar kroner i år.

Kjøp inn ny besetning

Dei siste åra har mange produsentar i Rogaland fornya sitt avlsmateriale og kjøpte inn nye livdyr. Nokon skifta ut heile besetninga, andre berre delar av besetningen. Nokre har kjøpt inn berre nye hanndyr. Målet for alle produsentane var å forbetre eiga lønsemd. Erfaringane så langt er eintydige positive. Årsakene til at bønder skiftar ut eigne livdyr kan vere fleire. Ønskjer bonden sjølve gjennom avlsarbeid å foreta ei vesentleg forbetring av eigen produksjon, vil det ta lang tid. Er du ikkje svært flink vil du aldri ta igjen dei beste, men heile tida ligge den 50-lappen under i skinnpris. Andre innser at dei ikkje har vore flinke nok i avlsarbeidet og har sakka akterut. Andre igjen starta for 5-6 år sidan med medels besetning og har ikkje klart å nærma seg dei beste produsentane. Vår klare anbefaling er å skifte ut besetninga om du produserer minkskinn av medel kvalitet eller lågare. Dess dårligare produksjon du har dess større framgang vil du få.

Store kostnader

Livdyr har ein vesentleg høgare kostnad enn pelsingsdyr. Mange produsentar fornyar difor ikkje avlsmaterialet sitt, ut frå eit utsegn om at:  – Det kostar meir enn det smakar. Dei som trur det, tek feil. Ser ein på innkjøpskostnadene for nytt livdyrmateriell slik dei framstillast i tabell 1 og 2, verkar dei avskrekkande for mange. Mange bønder drar slutningar utan å sjå kva resultat dette kan gi på botnlina (tabell 3)

Vil livdyrutskifting vere lønsamt?

Få bønder vågar å stå fram og seie at dei produserer dårlege sluttprodukt. Men dei fleste bønder kan gjennom sin eigen salsorganisasjon sjå korleis dei ligg i forhold til gjennomsnittet. Eksempelvis får sauebønder sine ROS-analyser frå Nortura, minkbøndene får sine salsrapportar. I tabell 3 syner vi kva resultat ein medels produsent kan oppnå ved å kjøpe inn dei beste livdyra med dei beste genetiske eigenskapane. Sjølv om dei beste gjerne ligg 20 % over gjennomsnittet i skinnpris, har vi ikkje forventa at dei same livdyra kan oppnå dei same resultata hjå ein ny produsent. Ein del av forklaringa kan også ligge i røkt og stell og gode fôringsrutinar. Men at ein kan oppnå halvparten av resultatet, må vere eit realistisk mål.

Føresetnadar – Kostnader 2012/13 Prisar
Pris innkjøp livdyrhannar, inkl frakt 1200 kr
Pris innkjøp livdyrtisper, inkl frakt 750 kr
Pris innkjøp ferdig para livdyr, inkl frakt 1000 kr
   
Føresetnadar – Inntekter 2012/13  
Pris skinnoppgjer eigne livdyr tisper 450 kr
Pris skinnoppgjer eigne livdyr hanner 750 kr
Pris skinnoppgjer hannar etter paring 550 kr
Kostnadar til pelsing 34 kr

Tabell 1: Prisane bygger på estimater for kommande sesong for kjøp av dei aller beste livdyra frå norske eller danske produsentar. På inntektsida føreset vi at minkprodusentane får dei same prisane som ein fekk i år. I tabellen føresett vi at innkjøpte livdyrhannar blir pelsa etter paringa. Dei aller beste av desse hannane bør ikkje pelsast men seljast vidare for å utnytte den gode avlsstamma. Dette er ikkje tatt høgde for i dette dømet.

 

Stikkord denne saka: