Medlemmene i Sauekontrollen rangerer mjølkeproduksjon, helsetilstand og redusert lammetap som dei fôringsspørsmåla det er mest viktig å få meir kunnskap om.
Ådne Undheim
FKRA
Kvart år vert det produsert om lag 24 000 tonn sau- og lammekjøt i Noreg. Om lag 7100 tonn (om lag 30%) av dette står Rogaland for, og Rogaland sin del er stadig aukande. Dei siste ti åra har talet på vinterfôra sauer i Rogaland auka med ca 18 %, medan det er nedgang for resten av landet sett under eitt.
For arbeidskrevjande?
Etter å ha slite med overproduksjon i nær heile etterkrigstida, har vi dei siste åra importert pinnekjøtt for å dekkje den norske etterspurnaden. Årsakene til at beitelandet Noreg ikkje klarer å dekkje den nasjonale etterspurnaden, er mange. Noreg ligg i verdstoppen når det gjeld avdrått per sau. Ein må kunne stille spørsmål ved om fokuset på slakteavdrått per søye har gått på kostnad av brukseigenskapane, slik at sauehaldet har vorte for arbeidskrevjande i forhold til lønnsemda.
Spørjeundersøking
I samband med at Universitetet for miljø og biovitenskap (UMB) har tilsett ein forskar som skal ha fôring av sau som spesialtema, laga Animalia og Nortura ei spørjeundersøking som gjekk ut til alle Sauekontrollen sine medlemmer med e-postadresse. Føremåla med undersøkinga var å få svar på kva fôringsspørsmål sauebonden er mest oppteken av.
Responsen på undersøkinga var svært god. Heile 1226 sauebønder sende inn svarskjema. På spørsmålet «kva fôringsspørsmål er det viktigast å få meir kunnskap om?», laga dei desse alternativa:
Redusere lammetapet
Auke mjølkeproduksjonen til søyene
Påverke lammetalet til søyene
Påverka helsetilstanden til søyene
Gjennomførast på ein rasjonell måte og med lite fôrspill
Redusere kostnadene og likevel gje ein høg produksjon.
Andre fôringsspørsmål.
Sauebøndene skulle rangere desse alternativa etter kor viktige dei meinte dei var.
Og svara var klare: Over 700 svarskjema rangerte «Auka mjølkeproduksjon» som viktigast eller nest viktigast, medan «Påverka helsetilstanden» vart nr. 2 og «Redusera lammetap» vart nr 3 av kva fôringsspørsmål det er viktigast å få meir kunnskap om.
Dei to først rangerte alternativa er i høgaste grad fôringsavhengige. Felleskjøpet Rogaland Agder har i samarbeid med Felleskjøpet Fôrutvikling dei siste åra kunna tilby tre ulike mjølkefôr til sau etter lamming. Desse er Formel Sau, Formel Sau Ekstra og Formel Sau Intensiv, som er til bruk etter grovfôrkvalitet og val av fôringsstrategi hjå den enkelte bonde. I løpet av våren vil Formel til sau betrast monaleg.
Det er ikkje tvil om at dei tre høgast rangerte alternativa over er svært viktige for å lukkast med sauehaldet.
Auka mjølkeproduksjon, helsetilstand og reduksjon av lammetap i samband med lamming kan også kallast brukseigenskaper på sauen, eller meir presist morseigenskapar.
Vi veit at det ved like fôringsopplegg er store individuelle skilnadar på søyer og sauerasar. Arv og genar er viktig.
Brukseigenskapar må prioriterast
Det er få i Rogaland som har saueproduksjon som einaste leveveg. Sauehald kjem ofte i tillegg til annan produksjon eller anna arbeid. Difor trur eg at brukseigenskapane i saueavlen må tilleggjast større vekt. I tillegg til auka lønnsemd, treng vi ein robust sau som ikkje treng «intensivavdeling» under lamming, dersom Noreg igjen skal verte sjølvberga med lammekjøtt.
Stikkord denne saka: Sau