Bv18_fag

 

Forskrift for hold av storfe krev at alt storfe, med unntak av ukastrerte hanndyr over 6 mnd, skal ha tilgang på fri bevegelse og mosjon i minimum 8 veker i sommar­halvåret.

 

Hallgeir Gravelsæter, Bygningsrådgiver,
Norsk Landbruksrådgiving Rogaland

Om storfe ikkje kan komma på beite, er luftegarde eit alternativ. Beite er hovudmålet, mens luftegard er meir som ei «nødløysing». Frå 1. januar 2013 skulle også kravet gjelda for storfe i lausdriftsfjøs, men det er førebels utsett til neste år.

Luftegarde/gang

Luftegang er ei løysing som er brukt i fleire land med gode resultat. Det er ein kombinasjon av luftegard og tråkkplatting før beite. Du kan då velja ut frå korleis veret er om dyra skal sleppast på beite, eller bare ha tilgang til luftegangen. Med ein slik luftegang før beite har du eit tråkkfast underlag der dyra kjem ut frå fjøset, og dei vil kunne fordele seg over eit større område før dei er inne på sjølve beitet. Vanlegvis ligg denne gangen langs langveggen på fjøset der mjølkekyrne går, og endar opp i ein forlenga tverrkanal som gjødsla kan skrapast oppi. Kva ordning du lagar til for å skrapa denne plassen, avhenger av dyretettleiken. Aktuelle måtar kan vera gjødseltrekk eller skraping med traktor eller minilastar. Det er viktig at løysinga lagast til utan blindgangar, slik blir det rundgang mellom fjøs og luftegang. Gangen bør vera minimum 4 meter brei så dyra kan passera kvarandre utan at det oppstår konfliktar. Om denne løysinga godkjennast som luftegard, og eventuelt kva kriterium som stillast til område, veit ein ikkje enda.

Det finst ein del teknisk utstyr som kan hjelpa deg å styra trafikken inn og ut frå beite / luftegang. Med ein smartgate / beiteport som dyra må gjennom for å komme seg ut, kan du bestemma om dyra får gå ut på beite eller om dei må mjølkast først. Inngangen frå beite består då av ein einvegsport inn i fjøset.

Drivgang

Ligg beita vekke frå sjølve fjøset, må du laga skikkelege drivgangar som toler tråkkbelastinga fram og tilbake. Det kan vera eit alternativ å laga denne gangen lengre enn berre til der beitet startar. Bygger du den innover beitet vil kyrne kunne gå av over eit større område, og tråkkbelastinga på grasmatta reduserast. Drivgangen bør ha ein breidde på 2,5 til 4 meter, alt etter kor mange dyr som skal nytta den, og kva beitesystem du har tenkt å bruka. Ein gangveg bør hevast over terrenget og vera høgast på midten, med 2-4 % fall ut mot sidene til eit dreneringssystem. Det finst nett/dukar som kan leggast ned for å auka bereevna. Elles er det aktuelt å grava vekk øvste laget med grus/matjord, legga ned duk for å skilja massane og fylla med godt drenerande massar som pukk og åkerstein. Oppå dette bør du legga eit godt lag med grus eller sand, og eventuelt eit topplag av flis. Flisa vil beskytte klauvene mot skarpe steinar og gi eit godt underlag å gå på for dyra. Ho bør vera litt grov, og du må rekna med å måtta fylla på eller skifta ho årleg.

Lokkemiddel

Kyr er flokkdyr og ønskjer helst å gjera dei same tinga samtidig. Når du då har kyr på beite, og samtidig helst skulle fått roboten til å mjølka jamt, kan det oppstå nokre utfordringar. Eit tiltak som kan hjelpa er å innføra faste rutinar. Ønskjer du å få inn kyrne på ettermiddagen, kan du til same tid kvar dag kjøra nytt fôr på fôrbrettet. Då blir tilleggsfôringa brukt som eit trekkplaster, og du oppnår samtidig den positive effekten med strukturfôr. Eit anna lokkemiddel, og viktig næringsstoff, er vatn. Ei ku treng i overkant av 100 liter vatn per dag, avhengig av produksjon. Det er derfor svært viktig å tenkje på plassering og kapasitet på vatnet. Blir det avstandar på beite, skal du kanskje vera forsiktig med å bare ha vatn inne. Eit alternativ kan vera å setta vatn langs drivvegen med retning mot fjøset. Du må også tenkja på plassering av drikkeplassen i forhold til kor tråkkfast området er.

Korleis du vel å legga opp beiteløysinga, er avhengig av fleire faktorar, blant anna avstand til beite, besetningsstorleiken, jordsmonn og mjølkesystem. Det vil vera veldig nyttig å høyra med andre gardbrukarar kva erfaringar dei har, og kunne diskutera ulike løysingar med rådgivarar. Det er også laga ei brosjyre med meir utfyllande informasjon om emnet. Den finner du på www.lr.no.

Bv18_fag1

Illustrasjon over korleis du kan legge opp ein luftegang langs langveggen til kyrne. Her er det teikna inn med to inn/ utgangar så du sikrar rundgang. Dagar det er lite eigna å ha kyrne på beite brukast bare luftegangen, mens du elles opnar opp og kyrne fordeler seg utover beitet. Bilete: Lars Erik Ruud

 

Ligg beita lengre vekk frå fjøset, må du laga deg gode drivvegar fram til beite, og kanskje innover eit stykke for å fordela tråkkbelastinga på jorda. Bilete: Lars Erik Ruud

Bv18_fag3

Eksempel på korleis du kan bygga opp ein 2 eller 3-lags gangvei. Der det er stor tråkkbelasting anbefalast 3-lags løysinga. Brukast det grove massar, er det viktig å fylla nok finmassar over desse for å unngå klauvskadar. Bilete: Lars Erik Ruud

Stikkord denne saka: