26_fagart1

Lønsemda i mjølkeproduksjonen kan betrast på mange bruk. Ferske tal frå Tine Sør syner stor skilnad mellom den beste og den svakaste fjerdeparten av mjølkebruka. Fôrkostnadane utgjer ein betydeleg utgiftspost i rekneskapen. Her kan det vere mange kroner å tene ved målretta innsats. Illustrasjonsbiletet syner Tine Sør sin fagrådgjevar Line Bergersen i diskusjon med bonde og mjølkeprodusent Norodd Reime frå Nærbø.

 

Resultata frå det siste året er i hovudsak klar. Talas tale avslører at ein del resultatmål varierer i betydeleg grad mellom mjølkeprodusentane.

 

Alf Hadland
Fagrådgivar økonomi, Tine Rådgiving

I mjølkeproduksjonen er mjølkeoppgjeret minus fôrkostnadar eit svært sentralt resultatmål. Mjølk minus fòr viser kva som er igjen pr. liter etter at kraftfòret, variable kostnadar til eige grovfôr og anna innkjøpt fôr er betalt.

Mjølk minus fôrkostnadar

Av samla variable kostnadar i mjølkeproduksjonen utgjer fôrkostnadane i snitt 70 %. Tabell 1 viser at mjølk minus fôrkostnader har auka med 10 øre pr. liter levert mjølk. Tabell 2 viser at forskjellen mellom beste og svakaste fjerdedelen av produsentane er på 60 øre pr. liter mjølk. Hovudårsaka til denne forskjellen er at variable fôrkostnadar pr. liter mjølk er 49 øre høgare hos fjerdedelen av produsentane med svakast resultat samanlikna med den beste fjerdedelen.

Dekningsbidrag pr. liter

Tal frå EK (Effektivitetskontrollen) for 2011 viser eit gjennomsnittleg dekningsbidrag pr. liter levert mjølk på kr 2,93.(inkluderer ikkje kvigeoppdrett og oksekjøtproduksjon). Dette er ein auke frå 2010 på kr 0,19 pr. liter. Utbetalingsprisen på mjølk har frå 2010 til 2011 auka med 19 øre pr. liter i EK-rekneskapane.

Berekningar viser stor variasjon i dekningsbidrag pr. liter mjølk mellom den beste og den svakaste fjerdedelen av produsentane.

Den beste fjerdedelen har eit dekningsbidrag pr. liter mjølk på kr 3,39, medan den svakaste fjerdedelen kan syne til eit DB på kr 2,47 pr. liter. Forskjellen er altså nær 1 krone pr. liter.

Variable fôrkostnadar

Ein stor del av forskjellen i mjølkeinntekt minus variable fôrkostnadar (mjølk minus fôr), skuldast innsatsfaktorane kraftfôr og grovfôr.

Som kjent er høgt grovfôropptak framleis viktig for å få god lønsemd i produksjonen. I tillegg vil god kvalitet på grovfôret saman med bevisst og nøyaktig bruk av kraftfôret vere nøkkelen for å få best mogleg lønsemd i produksjonen.

Bak utgiftsposten Variable grovfôrkostnadar ligg såfrø, handelsgjødsel, sprøytemiddel, konserveringsmiddel, plast m.m. I snitt var dei variable grovfôrkostnadene i Tine Sør kr 0,68 pr. FEm i 2011. Kostnadene varierer frå kr 0,57 pr. FEm hjå den beste fjerdedelen til kr 0,92 hjå den svakaste fjerdedelen. Utgifter til handelsgjødsel utgjer størstedelen av dei variable grovfôrkostnadene. Beste fjerdedelen av produsentane har gjødselkostnader som er 20 øre lågare pr. FEm enn den svakaste fjerdedelen.

Faste grovfôrkostnader

2011 har vore eit utfordrande år for mange mjølkeprodusentar med å få ei grovfôravling med ei viss mengde og kvalitet. Avlinga har i snitt for desse bruka vore på 535 FEm pr. daa. Denne avlingsmengda inkluderer også gjødsla beite som er blitt rekna om til fulldyrka jord. Avlingsmengda vil også påverke variable grovfôrkostnader og faste grovfôrkostnadar pr. FEm.

Brutto grovfôrkostnadar er summen av variable og faste grovfôrkostnadar.

Tabell 2 syner at brutto grovfôrkostnadar hjå den beste fjerdedelen er 78 øre lågare pr. FEm enn hjå den svakaste fjerdedelen.

Under posten faste grovfôrkostnadar kjem kostnader til diesel, maskinleige, leasing av maskinar, leige av jord og avskriving av traktorer og eige utstyr knytt til grovfôrdyrkinga. Faste grovfôrkostnader har i gjennomsnitt vore kr 1,70 pr. FEm for 2011 og er på same nivået som i 2010. Maskinkostnad­ane varierer betydeleg blant produsentane. God utnytting av kapasiteten på eige utstyr kan vera ei løysing for å halde kostnadane nede.

For andre kan mykje leigd maskinarbeid til slåtten vise seg å vera totalt sett den billegaste og beste løysinga.

Mange mjølkeprodusentar har fortsatt noko å gå på i høve til å betra lønsemda i produksjonen. Som nemnt tidligare, utgjer fôrkostnadane 70 % av dei variable kostnadene, og mange har her eit forbetringspotensiale. Vi i Tine Rådgiving ønskjer at fleire produsentar skal nytte seg av våre rådgjevingstilbod. Målet er å betra det økonomiske resultatet i produksjonen.

Tabell 1. Nøkkeltal frå Tine Effektivitetsanalyse for 2011 og 2010. Effektivitetsanalyse for 2011 og 2010.
Nøkkeltal

Snitt 2011

Snitt 2010

Dekningsbidrag (kr/liter) 2,93 2,74
Melk minus fôr (kr/liter) 3,06 2,96
Oppnådd mjølkepris (kr/liter) 4,60 4,41
Variable grovfôrkostnad (kr/FEm) 0,68 0,58
Brutto grovfôrkostn. (kr/FEm) 2,38 2,27
Variable fôrkostnad(kr/liter) 1,54 1,43
Grovfôropptak (FEm/ku/dag 8,30 8,80
Kostnad handelsgjødsel(kr/FEm) 0,42 0,34
Avlingsnivå (FEm/dekar) 535 541
Kraftfôrkostnad  (kr/liter levert) 1,17 1,11

Tabell 1 viser ein del nøkkeltal frå Tine Sør sitt område for 2011 og 2010.

Resultata er gjennomsnittlege tall frå totalt 185 bruk.

Tabell 2. Nøkkeltal frå Tine Effektivitetsanalyse for 2011. Snitt av beste og svakaste fjerdedel av produsentane.
Beste 1/4 Svakaste 1/4
Dekningsbidrag (kr/liter) 3,39 2,47
Mjølk minus fôr (kr/liter) 3,35 2,75
Oppnådd mjølkepris (kr/liter) 4,69 4,57
Variable grovfôrkostnad (kr/FEm) 0,57 0,92
Brutto grovfôrkostn (kr/FEm) 2,14 2,92
Variable fôrkostnad (kr/liter) 1,33 1,82
Grovfôropptak (FEm/ku/dag 9,00 7,60
Kostnad handelsgjødsel (kr/FEm) 0,34 0,54
Avlingsnivå (FEm/dekar) 580 465
Kraftfôrkostnad  (kr/liter levert) 1,03 1,33
Tabell 2 viser resultatmål for beste og svakaste fjerdedel av EK- bruka for 2011.

 

Stikkord denne saka: