Vi går no inn i ein ny avlssesong. Bruk tid og krefter no framover, det vil lønne seg, er rådet frå Sven Gil Westersjø.

Vi går no inn i ein ny avlssesong. Bruk tid og krefter no framover, det vil lønne seg, er rådet frå Sven Gil Westersjø.

 

 

Mink er utan tvil vakker, og svært etterspurd på verdsmarknaden. Men det er også Norges beste husdyr, etter mi meining.

Sven Gil Westersjø

Mink er eit lettstelt dyreslag med spanande forplanting. Det er det husdyret i Norge som har dei beste morseigenskapane. Minken er svært stillfarne og tillitsfulle husdyr, som har god velferd. I tillegg er dette ei lønnsam husdyrnæring.
Sjølv om det produserast pelsskinn i 26 land i verda og i over 100 av landets kommunar er det ingen landbruksproduksjon som er meir myteomspunne enn pelsdyrproduksjon. Eg kan verta oppgitt og trist når eg treff folk som har sterke meiningar om minkproduksjon. Meiningar bygd på glimt frå ein TV-skjerm eller eit spissformulert lesarinnlegg, ikkje meiningar bygd på eigne opplevingar eller erfaringar. Eg har aldri opplevd at folk, enten dei er bønder, lærarar eller politikarar som ikkje har blitt positiv overraska over pelsdyrnæringa når dei har vore på gardsbesøk. Verkelegheita er ofte annleis enn slik mange framstiller den i lesarinnlegg, eller det eit politiske parti på stemmejakt vil seie om næringa. Har du ikkje vore på gardsbesøk, ta kontakt og sjå ein spennande produksjon. Mitt stalltips er å reise på besøk i mai, då er kvelpinga i full gang.
Regjeringa sette ned eit utval i 2013 for å sjå nærare på pelsdyrnæringa. Dette fordi regjeringa Stoltenberg ønska å få ei grundig fagleg gjennomgang av pelsdyrnæringa. Fleirtalet i utvalet gjekk inn for ei berekraftig utvikling av næringa, noko som Bondevennen skreiv om i førre månad. Om det er politisk austavind om dagen så skjer det snart spanande ting i minkegarden. Om få veker er paringa i full gang og grunnlaget for å få eit godt avlsresultat og kvalitetsmessig god mink blir lagt no.

Spanande forplantning

Forplantinga hjå minken er spesiell og skil seg vesentleg frå andre husdyr. Dette har nokre konsekvensar som gjer at paringsarbeidet og kva paringssystem ein vel er avgjerande for resultatet. Brunstsesongen er kort, og varer berre ein månad frå slutten av februar til slutten av mars.
Når sola snur ved juletider og dagane vert lengre, aukar produksjonen av gonadotrope hormon i ein liten kjertel i hjernen som heiter hypofysen. Gode lys forhold i minkhusa samt gode fôringsrutinar påverkar difor brunsten og paringslysta. Difor er det viktig no at det ikkje ligg for mykje snø på taket til minkhallen. Dette vil blende lysplatene i taket. Mørke hallar kan føre til store brunsproblem.

Minken er som einaste husdyr avhengig av ”orgasme” ved paring. Paringa gjev ein nervestimulans (orgasme) som framkallar eggløysing. Statistisk sett er den første eggløysinga til dyret dårlegare enn dei neste. Difor vert alle kvelpetisper para på nytt att ni dagar etter første paring (1+9), dette for å framkalle ei ny eggløysing. Vaksne tisper parar ein to dagar etter kvarandre for at få ferskast mogleg sæd til egga (1+1). Sjølv om dei fleste befrukta egga frå første paring går tapt ved ny paring bør ein nytte same hanne, då om lag 15-20 prosent av kvelpane vil vere frå første paring. Ein skulle først tru at minken difor ville føde kvelpar som hadde ulik storleik avhengig av når egga vert befrukta, men det stemmer ikkje. På grunn av at minken har utsett implantering fører dette til at egga svevar i livmora opp til fleire veker før dei festar seg til livmorveggen. Sidan alle egga festar seg samtidig (i slutten av mars) vert alle kvelpane like store ved fødsel.

Ikkje bli oppkava

God lønnsemd over fleire år har ført til mykje nyetablering dei siste tre åra. Berre i Rogaland har det blitt 15 prosent fleire minkprodusentar i denne perioden. Sjølv om mange av desse nye pelsdyrbøndene er gode bønder er det likevel uvant stell. Ein blir raskt usikker når ein startar opp med eit nytt dyreslag på garden. Sjølv om minken er lett å stelle, og paringa startar ein fast dato og avsluttar ein fast dato, kan ein bli usikker.
Erfarne produsentar er difor gode å støtte seg på. Eit klart råd frå dei erfarne er å ikkje bli oppkava og stressa om tispene ikkje vil para i starten av mars. Det er berre å prøve nokre dagar seinare i paringsperioden. Paringslysta er normalt på topp i ti dagar. Det er forskjellar mellom tisper som har stått lyst ut mot kanten av huset og i den mørkare delen av huset, og det er forskjellar mellom ulike minktypar. Står tispene for mørkt vil dette gi seinare og svakare brunstutvikling med det sørgmodige resultatet at ein får fleire tisper som ikkje kjem med kvelpar.

Stell av tispene i april

Straks paringa er over om lag 25. mars bør ein starte med å gjere klar tispene til kvelping. Heile vinteren har ein hatt på lesluser i forkant av reirkassa. Desse gjer at reirkassa vert ein lun og god liggjeplass. Etter paringa må ein gjere kassa mindre slik at ho blir totalt trekkfri, tørr og lun til kvelpane kjem. Det er mange måtar å innskrenke reirkassa på. Dei fleste legg ein porøs murstein i kanten av reirkassen for å danne ei grop av halm/sagflis/easystrø, andre nyttar ”reirring” i kassa. Dette er ei plastplate som er 15 cm høg og 2 mm tjukk som lett kan bøyast. Ho bøyast ned i reirkassa slik at arealet vert innskrenka med om lag 20 prosent. Dermed blir bolet der minken skal føde utan mange rette vinklar. Dette er ein fordel fordi dei nyfødde heile tida vert liggjande i midten av kassa og kan die av tispa.
I tillegg må du ha lagt inn innleggsbotn i buret i før 20. april. Dette er finmaska netting som gjer at minkkvelpen ikkje skal ramle gjennom nettingen, noko som er aktuelt om tispa føder ute på nettingen eller om tispa tek kvelpane ut ein varm dag i starten på mai. Mange legg og papir i framkant mellom innleggsbotn og botnnettingen. Nede i sjølve kassa strør dei fleste ein blanding av kutta halm og kutterspon, dette gjer eit godt materiale for å byggje eit minkbol. Samstundes som ein gjer i stand til kvelpinga strør ein loppepulver i kassa. Over kassa legg ein godt med halm. Slik har minken eit lunt halmtak som tispa kan hente reirmateriale frå om ho treng det. Mange produsentar har eit ledig bur mellom tispene i kvelpinga, dette gir tispa ro frå nabotisper.
Tispene må fôrast godt i den tida egga festar seg til livmora. Tispene skal fôrast godt, men ikkje for hardt (maks 200-210 kcal/dag) i perioden frå rundt 20. mars fram til 10. april. I denne perioden festar egga seg til livmora. For sterk fôring kan føre til at tispene går i ”stå”, med auka fødselsvanskar. Det er viktig å fôre godt no i tida fram til kvelping, då nyare undersøkingar viser at 70 prosent av kjertelvevet i juret vert danna dei siste vekene før kvelping. Rolige tisper må ein vere særs påpasselege med, då desse tispene ofte kan bli for feite.

Suverene morseigenskaper

Minken vert født heilt utan hår og er bare 8 til 12 gram tung. Vêret i mai kan vere vekslande. På sure dagar er det difor heilt naudsynt for dei nyfødde å ha eit godt og tørt bol å bu i. På varme dagar tek tispene ofte med kvelpen ut i buret, innleggsbotn gjer difor dette område sikkert og ferdas på for dei nyfødde. Når kvelpinga startar går ein roleg rundt i minkgarden. Ein noterer ned dato for kvelping og ein skyver tispa forsiktig ut for å telje opp kvelp og for å sjå at alt er i orden. Kvelp som verker kalde og livlause legg ein i kuvøse og etter kort tid er dei fulle av liv att og klare for å leggjast tilbake til mora. Store kull (meir enn ni kvalpar) bør delast, og kvalpar kan leggjast over til tisper med små kull (som har 2-4 kvalpar). Dette gjer vi dei første dagane etter kvelpinga. Det er her minken er fantastisk og difor har landets beste morseigenskapar.
Tispene tek imot adoptivkvelp om kvelpen er ein dag, eller ei veke eller ein månad gamal. Tispene godtek dette utan noko problem, heldigvis er dei ikkje like stridige som sauen på dette området. Dagane i minkgarden fyllest frå tidlig morgon til seine kvelden med oppfølging av tisper og kvelpar. Kontakt veterinær om det er kvelpar som får byllar eller blir klissete, dette kan være første teikn på fettede kvelpar. Det same gjeld ved mistanke om børsbetennelse og jurbetennelse. Ein ønskjer sunne og robuste tisper og kvelpar. Alle dyr som ein ser problem på må difor merkast av på burkortet slik at desse kan gå ut av avlen til hausten. Ein må minimum fôre to gonger om dagen i heile kvelpeperioden. Samtidig må ein kvar dag kontrollere vasstilførselen til dyra.
Minken er utruleg høgytande og mjølkeproduksjonen stoppar opp om dyra ikkje får nok vatn av god kvalitet i denne perioden. Tenk deg at på berre fem veker har minkkvelpen gått frå ei fødselsvekt på 10 gram til om lag 400 gram. Kvelpen har dermed auka vekta si heile 40 gonger. Når minken er omlag tre veker byrjar han å ta til seg fast føde. I denne perioden fôrar ein på reirkassa. Å tilsette fôret ekstra vatn i denne perioden er svært viktig. Dermed vil dyra få i seg vesentleg meir væske og kvelpane er ikkje så avhengige av mjølk frå mora eller vatn frå drikkevassanlegget. Kvelpane får tak i fôret på reirkassa ved at dei anten kryp opp på ein kloss i kassa eller ved at røktaren senkar lokket.

Mink gir svært god lønnsemd

Mange tradisjonelle husdyrbønder blir pressa på lønnsemda på garden og har difor lønna arbeid utanom garden for å få hjula til å gå rundt. For dei som driv med minkhald vil det vere mest lønsamt å heller bruke ekstra tid på minken og kutte ut anna lønna arbeid om ein har hatt dette. For å bevise dette tar eg fram eit døme. Ein middels norsk pelsdyrgard er på 1100 minktisper. Dekningsbidraget på ein slik pelsdyrgard var i fjor om lag 650 kr/tispe. Vi veit at brukar ein ekstra tid i pelsdyrgarden gir dette fleire avvendte kvelpar per tispe. Om ein anslår at nyttar ein ekstra tid i minkgarden i paringa i mars og kvelping og dieperioden i mai og juni vil dette gi 0,2 kvelp meir i gjennomsnitt. Dette ville i fjorårets sesong gitt 100 000 kr i auka dekningsbidrag. Dette var i fjor, kva om prisane stig att slik vi hadde for to år sidan?

 

Vi går no inn i ein ny avlssesong. Bruk tid og krefter no framover, det vil lønne seg. Stå på og lukke til.

Stikkord denne saka: