Utvikling: Bonden skal sjølv leggja inn produksjonsopplysningane i den nye slaktekyllingkontrollen anten på PC, nettbrett eller telefon. Illustrasjonsfoto.

Den nye kontrollen gjer det lettare å følgja med på utviklinga til kyllingane dag for dag.

Reidun Kristiansen, tilførselsleiar kylling, Nortura

Heilt sidan 1992 har Nortura sine slaktekyllingprodusentar kunna få fram produksjonsresultata sine frå kvart kull ved å vera med i slaktekyllingkontrollen. Her kan ein mellom anna samanlikna tilvekst, avgang, kassasjon (kassert av veterinær i veterinærkontrollen) og fôrforbruk med gjennomsnittet frå tidlegare kull hos seg sjølv, og med landsgjennomsnittet. Tidlegare var det frivillig å vera med i produksjonskontrollen, men etter innføringa av dyrevelferdsprogrammet 1. juli 2013 vart det obligatorisk. Det ligg ei enorm mengde data i denne databasen. Ingen andre dyreslag er i nærleiken av å ha så mykje produksjonsdata. Over 750 millionar kyllingar og nær 60.000 kull gjev eit veldig bra bilete over utviklinga i produksjonsresultat.

Auka tilvekst med mindre fôr

Som ein ser av kurva, har det vore ein fantastisk reduksjon på nær éin kg i fôrforbruk per kg kylling, dei siste 25 åra. Tilveksten i gram per dag har auka med over 60 prosent. Viss me skulle ha produsert ein 1 400 grams slaktekylling med 1993-effektivitet, måtte kyllingen ha vore slakta ved nær 60 dagar. I dag brukar dei 32-33 dagar på å oppnå denne vekta. I 1993 brukte ein rundt 3,13 kg fôr per kg slakt for å produsera ein kylling som vog 900 gram. I dag går det med om lag 2,22 kg fôr per kg slakt på ein 1 350 grams kylling. I ei konsesjonsbesetning på 280 000 kyllingar per år, vil ein bruka 350 færre tonn kraftfôr i dag for å produsera same mengda kjøt som i 1993.

Mindre svinn

Opplysningane vist i kurvediagramma kan ein henta ut frå den slaktekyllingkontrollen Nortura har brukt fram til i dag. Produsenten har ført ei manuell dagliste, som vert levert til slakteriet med slaktetransporten. Ein person på kvart slakteri har plotta inn kor mange kyllingar produsenten har mottatt, kor mange som har døydd, levandevekta, vassforbruk og kor mykje fôr som har gått med. Kvar enkelt produsent har fått resultat frå sin produksjon ein til to veker etter at kyllingane var slakta. Sjølv om det har vore ein eventyrleg produksjonsframgang i denne produksjonen, har ikkje dette gått ut over/auka talet på daude og kasserte. Tvert imot, totalt har avgangen gått ned frå nær fem prosent til under 3,5 prosent. Det har vore ein liten auke i prosent kasserte. Alle kyllingane går no på fôr utan narasin, og me må seia oss nøgde med at produksjonsresultata ikkje har forverra seg vesentleg etter bortfallet av narasin.

Digital registrering

I den nye kontrollen som blir tatt i bruk i januar 2018, skal bonden sjølv leggja innproduksjonsopplysningane anten på PC, nettbrett eller telefon. Då vil ein kunna sjå utviklinga dag for dag, samanlikna med tidlegare kull, og med landsgjennomsnittet. Viss ein ser at vekta er høgare eller lågare enn på tidlegare kull, kan ein vurdera å skifta til eit svakare eller sterkare fôr. Det er viktig at kyllingane vert så jamne som mogleg, og at dei treff slaktevekta på rundt 1 350-1 450 gram. I tillegg til lågast mogleg fôrkostnad, gjev dette den beste økonomien til bonden. Ved avvik på meir enn åtte prosent frå 1 400 gram kan produsenten få ein kompensasjon, forutsett at han har kontakta slakteplanleggjar og at han har forsøkt å skifta slaktedag (meir aktivt).

Betre kontroll

Fordelen med den nye kontrollen er at ein har eit betre verktøy til å fylgja med på utviklinga dag for dag. Etter kvart vil data kunna verta overført rett frå datamaskinen i kyllinghuset, til kontrollen.
Både temperatur, luftråme, gjennomsnittsvekt, fôr- og vassforbruk vert registrert automatisk i dei nye datamaskinane. Det einaste bonden då treng å leggja inn manuelt er kor mange kyllingar som døyr kvar dag. Dersom ein ikkje har slikt utstyr i huset, er det ingen problem å leggja inn alle opplysningane manuelt. Både slakteplanleggjar og fagrådgjevar kan gå inn og sjekka korleis utviklinga i kvart enkelt kull er. Dette vil vera eit godt og viktig verktøy for alle ledd i produksjonen.

Kontakt Reidun Kristiansen for meir informasjon om den nye kontrollen.

Stikkord denne saka: