08_fagartikkel3

 

Mange av TINE SA sine eigarar har vore engasjerte i arbeidet med eit nytt kvalitetsbetalingssystem for mjølk det siste året. Det nye kvalitetsbetalingssytemet tok til å gjelda frå 1.1.12 . Her skal vi ikkje gå inn på dei enkelte endringane, men ta for oss sporeprøvane.

 

Ingve Dubland –
TINE Meieriet Sør

Frå regelverket tar eg med kva det seier om sporeprøver:

  • Det tas normalt 11 anaerobe analyser av hvert tankbillass i året, fordelt på 11 måneder.
  • Det tas normalt 5 aerobe analyser av hvert tankbillass i året, fordelt på 5 måneder.
  • Dersom lassprøven har påvist innhold av sporer, tas nye sporeprøver ved neste ordinære prøveuttak for alle produsentene som inngikk i lasset.
  • For produsenter med høyt sporeinnhold, tas ny sporeprøve ved neste ordinære prøveuttak, for å bekrefte resultatet.
  • Viser bekreftet analyse høyt sporeinnhold, varsles produsenten

Deretter tas oppfølgingsprøve neste måned, for produsenter med høyt sporeinnhold, inntil nivået ikke lenger er høyt.

Innhold av sporer registreres som lavt /middels (0-2 positive rør), eller høyt (3 positive rør).

Som dei fleste har fått med seg, er det endringar frå det gamle systemet. Aerobe sporer har kome med i regelverket igjen etter å ha vore vekke i ein del år.  Industrien sine tilbakemeldingar om utfordringar på dette feltet i produksjonen har ført til dette.

Aerobe sporer skal vi koma nærmare tilbake ved eit seinare høve. Her skal vi først og fremst ta for oss anaerobe sporer  (sporer som formeirar seg utan oksygen) og systemet for uttak og tilbakemelding til dykk  bønder.

Vi i TINE Rådgiving og Medlem har fått ein del spørsmål det siste halve året om at fleire har sakna tilbakemelding på sporestatusen deira. Fråveret av sporeprøver i haust er i tråd med vedtaket i Styret i TINE SA, der det heiter at tidsromet frå juni til desember i 2011 skulle brukast til å prøva ut det nye regelverket for laboratoria som skal analyser mjølka.

Ifrå 1.1.12 er så det nye regelverket tatt i bruk. Og som leverandørar til TINE SA får nokon av dykk etter kvart tilbakemelding om statusen i mjølka dykkar.  Og ein kan seia at «intet nytt» er godt nytt i det nye systemet.

Ttabelen viser eg eksempel på det eg kjem inn på nedanfor.

Trinn

Analyser/oppfølgingsprøver Resultat og oppfølging/klassetrekk

1

Månedlig analyse av alle tankbillass, 11 ganger årlig,– prøvene sendes D-lab. Påvist innhold av sporer på lassprøven

2

Nytt uttak hos alle produsenter tilhørende lasset som fikk påvist sporer på lassprøven Påvist høyt sporeinnhold hos enkeltprodusent

3

Nytt uttak hos produsent med resultat høyt Påvist høyt sporeinnhold – produsenten varsles om resultatet

4

Nytt uttak hos produsent med resultat høyt – neste mnd Påvist høyt sporeinnhold – resultat kl. 1 (bortfall av elitemelkstillegg)

5

Nytt uttak hos produsent med resultat høyt – neste mnd Påvist høyt sporeinnhold – resultat kl. 2 (avregnes kl 2)

6

Nytt uttak hos produsent med resultat høyt – neste mnd Påvist høyt sporeinnhold – resultat kl. 3 (avregnes kl. 3)

7

Nytt uttak hos produsent med resultat høyt – neste mnd. Fortsetter fram til resultatet på prøven er (middels eller lavt) Påvist høyt sporeinnhold – resultat kl 3 (avregnes kl 3)

Høgt sporeinnhald

I januar er det tatt ut prøver frå tankbillassa.  Nokre av lassa viste seg å ha så mykje sporer at dei vart sette til HØGT innhald. Tankmjølka til alle leverandørane på dei aktuelle lassa vart så analysert for anaerobe sporer. Dersom det på tankmjølka vart registrert HØGT innhald av anaerobe sporer sikra TINE SA   denne prøven med ein ny prøve.  Her er det vi nå har kome. Enkelte av dykk har for kort tid sidan fått melding om HØGT innhald av sporer på meldesetelen frå mjølkebilen. Dette er ei melding om at det er registrert HØGT innhald av sporer og vil ikkje føra til trekk på leverandøroppgjeret.

Stor tap

Derfor er det viktig at problemet vert tatt tak i. For i neste omgang vil det verta tatt ut ny sporeprøve neste månad. Er den òg HØG, vil de tapa Elitemjølktilegget for den månaden. Dette er for tida 29 øre literen. Slik vil det fortsetja,  ny teljande prøve neste månad etter påvising av ein HØG prøve.  Og etter tap av Elitemjølka i månad nr. 2 , vil månad nr. 3 med HØGT innhald av sporer føra til 2. klasse i trekk for heile månaden.  2. klassetrekket er på 29 øre literen. Kjem ein ikkje utav problemet og får påvist HØGT innhald av sporer i den 4. månaden etter kvarandre, vert det 3. klasse og eit trekk på 58 øre literen. For kvar månad etter dette det vert påvist HØGT, vert det 3. klasse.

I tabellen ser de korleis dette er skrive i kvalitetsbetalingssystemet.

Analysetype Elite 1. klasse 2. klasse 3. klasse
Tillegg

7 % (ku)- og

11 % (geit) av Prisgrunnlaget.Ingen tillegg eller trekk.Trekk tilsvarende 7 % av Prisgrunnlaget.Trekk tilsvarende 14 % av Prisgrunnlaget.Sporer (Anaerobe og aerobe)Ku-

melkIkke høyt sporeinnhold, eller høyt sporeinnhold i en eller 2 av de 2 siste analyseneHøyt sporeinnhold i denne måned, og de 2 forrige analyseneHøyt sporeinnhold denne måned, og de 3 forrige analyseneHøyt sporeinnhold denne måneden, og i de 4 forrige analysene

 

Ikkje leveringsstopp

Det som òg er nytt, er at for sporer er det ikkje stopp i mjølkehentinga lenger.

Kva tiltak set du som har fått tilbakemelding om HØGT sporeinnhald i mjølka inn nå?

Blant både bønder og rådgiverar er grovfôrsituasjonen etter fjoråret sine utfordringer bekymringsfull.  Mange var uheldige med både tida og forholda. Og felles for mange var at graset vart blautare enn planlagt med dei ulempene dette medfører. Samtidig sleit fleire med kjørespor og liknande. Dette kan ha ført til at fleire har fått med seg jord inn i grasmassen ved haustinga. Begge forholda kan føre til for høge verdiar av sporer i fôret. Og har du sporer i mjølka, må du rekne med at det er frå fôret – og særlig surfôret – at det kjem.

08_fagartikkel1

Figur 1: Sporen sin veg frå fôr/gjødsel til mjølka.

Reinhald viktig

Som figur 1 viser, vil reinhald i fjøset og reine dyr vera eit av momenta som betyr svært mykje. Dette er svært viktig same kva fjøssystem du driv med, men er heilt avgjerande i lausdrift med AMS. I fjøssystem med konvensjonell mjølking kan mjølkaren redusera sporeoverføringa til mjølka med godt reinhald av jur og spenar ved avtørkinga før mjølking. Bruk minst ein rein grov bomullsklut og tørk gjerne etter med tørt papir.

Fôrprøve syner smørsyre

I fôringsrådgivinga har det vore kampanjar for å ta ut prøve av fôret, dette er svært nyttig i forhold til mjølkekvalitet og spesielt sporesituasjonen i fôret.

Dette gjeld spesielt smørsyre og smørsyresporer. Smørsyre bør vere mindre enn 4 g/kg TS, og smørsyresporer under 1,2 log cfu/g. Har du verdiar over dette, har du eit fôr som kan gje deg problem. Det kan vera aktuel å skifta fôr til mjølkekyrne om dette kan la seg gjera.

08_fagartikkel2

Eksempel på ein fôrprøve med eit problemfôr. Smørsyra er ikkje så verst, men smørsyresporene er veldig mykje for høge. Dette tyder på at sporene er tilførde graset under haustinga, ved at jord/sand er kome med, eller restar frå gammalt gras/svor er tatt med.

 

Stikkord denne saka: