God tilvekst om våren gir som oftast godt resultat om hausten - problem om våren er vanskelege å henta inn att, skriv Marit Johanne Apeland. (Illustrasjonsfoto Bondevennen.)

God tilvekst om våren gir som oftast godt resultat om hausten – problem om våren er vanskelege å henta inn att, skriv Marit Johanne Apeland. (Illustrasjonsfoto: Bondevennen.)

Mange har problem med lam som ikkje veks slik dei har genetisk føresetnad for, og årsakene til dette er mange, samansette, og hos dei fleste ikkje klarlagde.

Marit Johanne Apeland
Veterinær

Årsaka til utfordringar med tilveksten hos lamma kan også vera ulike frå år til år. God tilvekst om våren gir som oftast godt resultat om hausten – problem om våren er vanskelege å henta inn att. Dette stykket rettar seg til deg som veit at du har problem med koksidiose og/eller N. battus på lamma på vårbeitet. Andre kan også ha glede av å lesa det, og kan ha den førebyggande tanken i bakhovudet.

Koksidier

Når lamma har fått seg ein «knekk» av desse parasittane, heng dei etter heile resten av sesongen. Tarmslimhinna blir delvis øydelagt. Altså må dette førebyggast. Hos mange virkar ikkje Baycox eller Vecoxan mot koksidier skikkeleg lenger, og det finst i dag ingen alternativ til behandling og kontroll av parasitten. Baycox/Vecoxan bør av denne årsaken heller ikkje bli «misbrukt» ved førebyggande bruk – dei bør «sparast» til akutt utbrot. Parasitten overvintrar ute og i dårleg talle og tåler alt vêr, utanom tørke.

  1. Lam som får rikeleg med råmjølk og nok mat/mjølk blir meir robuste og tåler større parasittbyrde. Korleis få sau til å gi mykje, god råmjølk? – Fôr sauene gjennom haust, vinter og vår så dei ikkje er tynnare i hold enn 3 ved lemming, gi ekstra proteinrikt fôr siste vekene. Sjå til at dei ikkje manglar selen, E-vitamin samt andre mineral/mikromineral som manglar i grovfôret ditt. Trilling- og firlingsauer kan få for lite sjølv med kraftfôr, og sau som blir fôra gjennom vinteren på kun silofôr treng alltid tilskot. Utfordre fôringsrådgjevar/kraftfôrleverandør til å hjelpe deg med rett val av tilskotsfôring.
    Sjå til at ALLE lam får råmjølk, opptil eit par desiliter som første mål avhengig av storleik på lammet, deretter treng dei 2,5 dl råmjølk/kg levande vekt første døgnet. Kravet til råmjølksproduksjon fordrar at du har fôra sauene godt nok gjennom vinter og vår, samt har kontroll på parasittbyrden deira. Husk at fôringsintensiteten dei siste 3-4 vekene av drektigheten avgjer kor store og tunge lamma blir.
  2. Lam blir jernfattige allereie 2. leveveke, og vil ofte eta mykje grus og mold (- og koksidier med på kjøpet!) når dei først kjem ut. Har du tidleg lemming så lamma kan bli ståande inne i fleire veker før dei slepp ut, bør dei få jerntilskot første leveveke. 300 mg jernfumarat som injeksjon (helst), eller i munnen. Dette førebygger forhåpentleg stort opptak av smitte når dei kjem ut.
  3. Smitten oppformeirer seg frå år til år og overvintrar ute, og i talle inne. Unngå å «sleppe alle bak løa» – set dei ut på plasser på beitet med lågare smittepress med èin gong. Då er det ein stor fordel å ha klipt sauene tidleg (januar), så dei tåler litt kaldt vêr når det ikkje bare er å jaga dei inn att ved uvêr.  Dette rådet er stikk motsett av det ein vil gi når ein prøver å gi dyra ein mjuk overgang til beitet – så det gjeld gjerne dei som har massive problem. Pass på at tallen din er tørr og blir stelt riktig.
  4. Ha så sein lemming at sau og lam kan sleppast når lamma berre er to-tre dagar gamle – då maular dei i seg litt og litt koksidiesmitte etter kvart og blir immune i staden for å bli sjuke.
  5. Ha kontroll med Nematodirus battus – samtidig utbrot blir fort katastrofe.
  6. Skulle du få eit utbrot – behandle straks ( med Baycox eller Vecoxan) alle lam som er minst 2,5 – 3 veker gamle. Yngre lam har det ikkje noko for seg å behandle før dei er gamle nok.
  7. Lamma dør av uttørking og sjokk som følge av akutt svartskjeta, og livreddande behandling er væske og elektrolyttar. Mange treng også antibiotika ettersom tarmslimhinna er eit stort ope sår.
  8. Har du trass dette problem: sjå over fôring av sau og råmjølkshandtering ein gong til – ofte ligg nøkkelen her. Be gjerne om hjelp av rådgjevar. Hygiene, inkludert beitehygiene er også eit nøkkelord.
  9. Dersom lamma manglar mikromineraler, t.d. kobolt og selen, har dei svært lite å stilla opp med ved parasittangrep.

Nematodirus battus

«Populært» kalla battus. Denne parasitten er farlegast for lamma på vårbeitet/tidleg sommar, då dei raskt utviklar immunitet mot den. Egga treng ein overvintring før dei kan klekka og infestere nye offer, altså har parasitten ein «langsam» livssyklus og er derfor følsam for Valbazen sjølv i flokkar der andre parasittartar er resistente. Valbazen kan såleis brukast om våren dersom N. battus er vår-problemet på lamma dine, for å halde nede bruken av Ivomec.
Parasitten treng ein lengre periode vår-varme for at egga skal klekke. Derfor vil datoen for første nødvendige behandling kunne variere frå år til år, alt etter korleis våren er. Sjølv brukar eg å be om eit «innside-tips» frå NMBU Sandnes om når dei begynner å finna N. battus i avføringsprøvane, og så tipsar eg bøndene eg jobbar for som har problem med N. battus, om når det er tid for å behandle. Eller ein tar prøvar og får svar om dei finst der!
Parasitten treng 16 dagar frå han blir oppeten som larve, til ein finn egga i avføringa. Diaréen, dersom dei har så stor parasittbyrde at dei får diaré, kan komme allereie etter 14 dagar. Dermed kan ein stå med lortaprøvesvar som viser 0 egg av N battus. Også av denne grunnen er det viktig å ta avføringsprøvar av lamma, så ein veit kva – og kor mykje – som finst av parasittar i dyra i løpet av beitesesongen. Slik kan ein legga ein langsiktig plan for korleis ein skal handtere parasittane på ein klok måte.
Rutinemessige avføringsprøvar for overvaking av flokkhelse er greitt å ta når det er 4-5 veker sidan parasittbehandling. Først då får du eit reelt bilde av kor mykje parasittar lamma ber på.
Akkurat som koksidiene, akkumulerer N. battus-smitten på garden gjennom fleire år. Dette kan gjere at ein plutseleg eitt år får mange sjuke dyr, og gjerne også mister lam. Du får god informasjon ved å levere døde dyr til obduksjon, om du står i villreie kva som er årsak til sjukdomsutbrotet. Denne kunnskapen gir viktig rettleiing for kva ein gjer til neste år.
Dersom ein har / har hatt store problem med denne parasitten, kan ein redusere smitten på garden – men kun i samarbeid med veterinær – medisinane må av openberre årsaker ikkje misbrukast/feilbrukast. Sjuke lam må behandlast umiddelbart med makkamiddel (alle midlar mot rundorm tar N. battus), og som ved koksidiose, er det diaréen, uttørking og sjokkutvikling som tar livet av lammet – så det treng væske/elektrolyttar for å overleva.
Nematodirus battus kom til landet med importerte livdyr, nå spreier den seg mellom gardane ved livdyrhandel. Husk karantenebehandling.

Små, enkle og kjekke tips til lemminga

10 ml Biola (dei likar visst godt den med blåbærsmak…) til lammet straks lammet er fødd erstattar langt dyrare preparat som Zoo- Lac, er surt i seg sjølv, og gir lammet i tillegg bakteriar som skaper eit surt miljø i løypen og er saman med god råmjølk med og førebygger problem med coli / slevelam.
70%-ig sprit iblanda 10% jod spraya på navlen førebygger klauvsvuddel, leddbetennelse, navlebetennelse og andre infeksjonar som kjem inn i lammet via navlen. Spriten tørkar ut navlen, jod desinfiserer. Gjenta etter 6 timar om ikkje navlen har begynt å tørka.
Sau som før eller etter lemming hoppar over eitt måltid kjem lett i negativ energibalanse og blir matlei.Gi propylenglykol / energibalanse. 1/3 ku-dose, 2-3 gonger per dag. Det får opp blodsukkeret og matlysta!
God lemming!

Stikkord denne saka: ,