BN+

Mange bønder er opptatt av å legga til rette for insektliv. Frøforhandlarane merkar auka etterspørsel etter blomsterfrø, som kan vera vanskelege å få tak i. Hugs då at kløver kan gjera nytta.


Annlaug Fludal, Ragnvald Gramstad, NLR Rogaland


Meir kløver i enga og randsonane vil vera bra for pollinerande insekt. Dette vil i tillegg verka positivt i fôrrasjonen og redusera behovet for nitrogengjødsel. Regionalt miljøprogram for Rogaland har ei støtteordning for tilrettelegging for pollinerande insekt.

Insektmangfaldet er redusert

Forskarar har ei stund ropt varsku om at talet på insekt minkar, både i mengde og artsmangfald. Dyreartar blir utrydda, det gjeld òg desse små som nesten ingen av oss kjenner namna på. Pollinerande insekt har som kjent ei svært viktig oppgåve i naturen. Mange kulturplanter og ville vekstar er avhengige av insekt for å utvikla frukt og frø. «Alle» har blitt opptatt av insekt. Det blir laga strategiar og interesseforum, folk heng opp humlehotell og plantar bie-vennlege planter i hagen. Bøndene forvaltar store areal og me i landbruksrådgivinga merkar at mange bønder er opptatt av å legga til rette for insektlivet.

Pollineringa

Pollineringa, eller befruktninga, er overføring av pollen, plantene sine «sædceller» til «egget». Sidan plantene står godt festa i bakken treng dei hjelpemiddel eller hjelparar for å gjennomføra «paringa». Mange viktige kulturplanter, særleg i grasfamilien, har vindpollinering.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

LES BONDEVENNEN DIGITALT

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.
Logg inn med brukarnamn og passord.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

Er du abonnent på papir og ønsker digital tilgang?
Send oss en epost på post@bondevennen.no

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka:
Share This