Hygiene: Vask, desinfeksjon med påfølgjande tom- og tørketid er avgjerande føresetnadar for å lukkast med slaktekyllingproduksjon utan tilsett narasin i kraftfôret. Foto frå Bondevennen sitt arkiv.


Norsk kylling blir no produsert utan tilsetjing av narasin i fôret. Erfaringane er gode. Det meste går bra, men det er meir å læra, og det er viktig å terpa på dei gode rutinane.


Reidun T. Kristiansen
Tilførselsleiar fjørfekjøt Nortura


Nortura hadde tidleg planar om å gradvis prøva ut om det var mogleg å produsera kylling utan tilsetjingsstoffet narasin i kraftfôret. Denne utfasinga vart betydeleg framskunda som følgje av stor etterspurnad i marknaden etter kylling produsert utan denne fôrtilsetjinga mot parasittar.

Auka NE-risiko

I løpet av eit og eit halvt år har alle produsentane i Norge gått over til å produsera kylling med narasinfritt fôr. Kyllingane vert vaksinerte på rugeriet mot parasittsjukdommen koksidiose, men det er noko større fare for at kyllingane kan få nekrotiserande enteritt (NE, tarmbetennelse) med fôr utan narasin.
På grunn av flinke, profesjonelle bønder, god hygiene og røkt, har det i dei fleste tilfella gått heilt fint med overgangen til narasinfritt fôr. Det vart litt lågare tilvekst og noko høgare fôrforbruk, men det var venta. Er det så ingen negative konsekvensar med å bruka fôr utan narasin? Jau, nokre gonger er det det. Enkelte flokkar (to til tre prosent) får begynnande NE. Dette skjer som oftast rundt dag 23-27. Tal sjuke med NE per dag kan auka raskt, det kan gå frå rundt 0,1 prosent per dag til over ein prosent i døgnet dersom ein ikkje reagerer raskt.
Rådgjerda kan vera å få inn fôr med narasin i slike enkelttilfelle, det tiltaket reduserer problema raskt. Det er veterinæren som kan avgjera om kyllingane har NE og om dei skal få nytt fôr, eller om andre rådgjerder vil løysa problemet.

Vaskeråd

Kva kan produsenten gjera for å unngå dei negative konsekvensane av bortfall av narasin? Team fjørfekjøtt i Nortura har sett saman nokre nyttige råd om dette:
Vask (med såpe!) og desinfeksjon – viktigare enn nokon gong

    • Hus, teknisk utstyr, inntak- og avtrekkssystem (også drypp-panner), tøy, støvlar og birom. Alt må vaskast grundig.
    • Desinfiser vassrekkjene som ledd i vaskeprosessen. Bruk CID2000 eller tilsvarande produkt.
    • Våtdesinfeksjon – alle flater skal verta skikkeleg våte. Auk konsentrasjonen dersom desinfeksjon skjer på våte flater (rett etter vask)
    • Desinfeksjon som tar sporar og koksidier etter kvart 2.-3. innsett (Neopredisan)
    • Etter probleminnsett – desinfiser med Neopredisan i tillegg til ordinær desinfeksjon. Bruk først Neopredisan på golv, nedre deler av vegger og utstyr. Dette må få tørka før neste runde med anna desinfeksjonsmiddel vert gjennomført.

Eit probleminnsett kan definerast som:

  • Aukande tal daude frå 3-vekersalder
  • Leverkassasjonar over 0,3%
  • Utbrot av NE eller koksidiose

Startperioden

Kyllingane er meir temperatursensitive enn tidlegare, det stiller ekstra krav i startperioden:

  • Bruk kort tid på å setja inn kyllingane, maks 30 minutt.
  • Moderat golvtemperatur, cirka 30 grader, då kan ein lettare tilpassa romtemperaturen til flokken.
  • 50-60% luftfuktighet på innsettdagen gjev vaksinen gode arbeidsforhold.
  • Gå ofte i huset. Plukk ut daude dyr og fôr på papir i minimum 5 dagar.
  • Tapp vassrekkene rett før kyllingane kjem, og gjerne ein gong per dag dei første dagane då det går lite vatn.

Ved sjukdom

Viktig ved sjukdomsproblem:

  • Ikkje nøl med å ta kontakt. Sei frå tidleg til veterinær / rådgjevar!
  • Observer om det er endringar i flokken:
  • Er det stagnasjon i fôrforbruk eller vassopptak?
  • Aukar vassopptaket meir enn normalt?
  • Døyr det fleire enn normalt?
  • Etabler eigne normer for normalt fôr og vassforbruk.
  • Sjekk ut kvar du kan få kjøpt Clostat eller anna probiotika.

Alltid viktig

Vær merksam gjennom heile innsettet. Følgjande råd er alltid viktige:

  • Bruk alltid smittesluse etter at huset er desinfisert:
  • Vask hender, skift tøy og sko. Bruk gjerne antibact i tillegg
  • Tørk hendene med tørkepapir (ikkje handkle).
  • Emballert strømateriale eller utstyr som skal nyttas under innsettet, kan godt tas inn i huset under vask- og desinfeksjonsprosessen.
  • Verktøy som skal inn i huset skal vaskast og desinfiserast.

På tå hev

Overgangen til produksjon av kylling med fôr utan narasin gjekk i grunnen overraskande godt. Hovudgrunnen til dette er at me i Norge har ein generell låg smittestatus, og at kyllingprodusentane er profesjonelle og svært dyktige. Men ein må heile tida vera på ”tå hev” og læra å kjenna att signala på små endringar i kyllingflokken. Så får me berre håpa at smittestatusen vert verande på eit lågt nivå.
Norge er eit av svært få land i verda der produksjon av kylling på narasinfritt fôr kunne gå såpass smertefritt. Korte intervall mellom innsetta kan føra til auka smittepress i husa. Det bør absolutt gå minimum fem til seks dagar frå huset er ferdig vaska og desinfisert til nye kyllingar skal inn. Tom- og tørketida er like viktig som desinfeksjon.

Stikkord denne saka: