Omgraving med skråstilte lag: Laget med organisk jord blir lagt til sides på eksisterande areal og mineralmassen på motsett side. Den organiske jorda blir deretter lagt nedst, og mineralmassen på topp og side slik at den organiske jorda blir liggande som pølser med mineralmasse rundt.

På Vestlandet blir det stadig meir nedbør. Dei alternative dreneringsmåtane som vart vist fram på markdagen i Fjaler har dermed stor aktualitet.

Synnøve Rivedal, NIBIO Fureneset

Bønder har ikkje anna val enn å tilpasse seg klimatiske forhold. På Vestlandet blir det stadig meir nedbør, men det blir og større variasjon mellom år, og utfordrande å tilpasse drifta. Her er også forholdsvis mykje organisk jord, som er vanskeleg å drenere. Dei alternative dreneringsmåtane som vart vist fram på markdagen i Fjaler har dermed stor aktualitet.
Over 30 interesserte møtte fram for å sjå på prosjekta til Anders Hopland på Lone i Fjaler då NLR Vest og NIBIO Fureneset arrangerte markdag 28.mai. Tema var profilering, påkøyring av mineralmasse og omgraving av tidlegare dyrka myr.

Profilering og påkøyring av masse

Vi såg først på profileringsprosjektet Anders no har under arbeid. Det er eit tidlegare innmarksbeite på 30 dekar, der jorda vekslar mellom myrjord og mineraljord. Området vart bonitert tidleg på 1970-talet og vert no profilert og tilført mineralmasse som topplag. Anders er heldig som har eit lager av mineralmasse til slik bruk. Mineralmassen har varierande kvalitet. Mykje er grushaldig siltig sand, men ein del har finare kornfordeling der innhaldet av silt ut frå ideelle omsyn er vel høgt. Silt har stor evne til å halda på vatn, tørkar seint opp og er utsett for pakking. Då er det viktig å bruke lette maskiner med god dekkutrustning og vente lenge nok før ein køyrer utpå arealet, understreka forskar Samson Øpstad på markdagen. Med finkorna masse er ein i nedbørrike område avhengig av overflateavrenning for å få god nok drenering av arealet og profilering er heilt nødvendig.

Auka bereevne

Det er lagt på eit 40 cm lag med mineralmasse over myra. Auka bereevne er det viktigaste argumentet for påkøyring av masse. For å få varig effekt av påkøyringa må ein bruke eit såpass tjukt lag at myra blir liggande under pløyedjupne. Ein kan også oppnå god dreneringseffekt ved profilering utan påkøyring av masse på myr. Lett utstyr og god dekkutrusting er her vesentleg for å unngå hjulspor der vatn blir ståande.

Opne grøfter

I slike prosjekt er det viktig å lage gode, opne og tilstrekkeleg djupe avskjerings grøfter rundt arealet for å senke grunnvasstanden og hindre at vatn frå kringliggande areal kjem inn på arealet, meinte Samson Øpstad. Mellom profilane sørger opne grøfter for transport av vatn ut av arealet. Fallet frå profilryggane til kanal er på feltet dimensjonert ut frå at det vil verte størst samanpressing og synking på midten der det er mest myrjord. Kanalane er gravde så djupe at kanalbotnen er i mineraljord. På fleire utsette stader må kanalane plastrast, då det er masse utsett for erosjon og vassføringa tidvis kan vera stor.

Vedlikehald

Opne grøfter må vedlikehaldast ved å fjerne mineralmasse som bygger seg opp i grøfta og vegetasjon som hindrar at vatnet renn fritt. Det er svært uheldig for overflateavrenninga dersom det bygger seg opp ein kant mot den opne kanalen. Denne må fjernast, og elles må ein passe på at det ikkje blir søkk der vatnet blir ståande. Her blir det lett vinterskade og dårleg plantevekst, og slike fuktpunkt breier seg lett utover.

Endring: Tidlegare innmarksbeite med vekslande myr- og mineraljord som no blir profilert og påkøyrt mineralmasse. I enden av arealet, der gravemaskina står, har Anders Hopland ei avsetjing med mineralmasse som kan brukast til dekke.

Stengsel: Lett synlege jarnaurheller (raudbrun farge) med samankitta materiale som «stengjer» for infiltrasjon av vatn. Foto: Arve Arstein

Frøblanding

Liv Østrem, forskar ved NIBIO Fureneset, tilrådde å bruke ei frøblanding med mange artar, som til dømes Vestlandsblanding, på arealet. Det er mest aktuelt med to slåttar på eit areal der ein må ta omsyn til sein opptørking og jordpakking. Ei blanding med moderat timoteimengde og dermed meir plass til bladgras, kjem betre ut enn ei meir timoteidominert blanding både i avling og kvalitet også ved to slåttar, hadde Liv erfart frå forsøk på Fureneset. Vestlandsblandinga inneheld blant anna strandsvingel, som har eit djupt rotsystem. På finkorna og organisk jord er det viktig med god plantevekst og djupt rotsystem for effektiv fordamping av vatn, som er med på å tørke opp jorda.

Omgraving

Dei fleste bønder på Vestlandet har nedbørssommaren 2017 friskt i minne. Anders Hopland fekk ikkje hausta eit strå på den blaute myra som han leigde hos naboen. Den grunne myra var dyrka ikkje mange år tidlegare, og fungerte godt i starten. Etter kvart vart det vanskelegare og vanskelegare å komme seg utpå arealet for å hauste graset. Det var då Anders bestemte seg for at han ville prøve omgraving. Laget med organisk jord var vekslande djupt, for mykje av arealet mindre enn 50 cm. Massen under var dominert av sand og grushaldig sand. Ein lokal entreprenør tok jobben med omgraving med skråstilte lag. Under arbeidet kom det fram at det hadde danna seg ei aurhelle som stengde for at vatnet kom ned til undergrunnen og drenerte. Topplaget av organisk jord og aurhellelaget gjorde at det vart danna det ein kallar hengjande grunnvatn. For å få eit godt resultat med omgraving må ein grave seg gjennom aurhella.

Tørke

Etter bløyta i 2017 vart vi overraska av tørkesommaren 2018. For Anders kunne ikkje dette passe dårlegare. Han skulle så i eit lag med sand og grus som var svært utsett for tørke. Etter råd frå NLR og NIBIO vart arealet sådd med ei vanleg engfrøblanding iblanda tørkesterk strandsvingel. Så kom spørsmålet om han skulle vatne arealet. Arve Arstein fekk råd frå kollegaer i NLR Innlandet som har meir erfaring med tørkeproblematikk. Ein kom fram til at det ikkje skulle vatnast, og det skulle vise seg å gå bra. Enga var litt grisen i 2019, men står svært fin i år trass problem med hjortebeiting på arealet.

Motivasjon

Mange stussar nok over at Anders brukar så mykje tid og pengar på areala som han driftar. Han er einig i at det gjerne er litt galskap for ein mann som ikkje har så mange år igjen til pensjonsalder.

– Når ein er vant til å måtte vente ei veke for at myra skal tørke opp før ein kjem seg utpå, er det ein fryd å sette seg på traktoren å gylle det omgravde arealet med slangespreiar tidleg på våren, seier Anders.

Ved å få meir areal som tørkar lettare opp, strekker ein periodane for vårarbeid og hausting. Det er viktig når ein bur i eit område med årsnedbør på 2200 mm med korte opphald mellom nedbørsepisodane.

Nøgd: Anders Hopland er godt nøgd med det omgravde arealet sitt, der enga står fint våren 2020.

Stikkord denne saka: