21_fagart1

 

Nortura har starta overgangen frå LD til rein Duroc som farrase til slaktegris. I samband med dette vil me informere om kvifor og korleis det vert gjort og kva dette får å seie for deg som svineprodusent.

 

Torgeir Erfjord Tilførselsleiar gris
Nortura Forus og Sandeid

Erfaringar med krysninga LY x D

Nortura har i samarbeid med Norsvin køyrd ei rekke utprøvingar med LY x D-gris dei siste åra. I 2009 og 2010 vart det gjennomført samanlikningsforsøk med rasane LY x LD og LY x D. Det vart sett på kulleigenskapar, produksjons-, slakte- og kjøttkvalitetseigenskapar. I 2011 vart det gjennomført eit storskala inseminasjonsforsøk med til saman 600 duroc-inseminerte purker. Meininga med denne utprøvinga var å evaluere fruktbarheitsresultat (drektigheitsprosent og kulleigenskapar).

Norsvin sitt dotterselskap i Sverige, Avelspoolen, har tilbode durocsæd til sine kundar sidan 2008. I 2011 vart det slakta over 500.000 gris i Sverige med norskimportert Duroc som far.

Kvifor overgangen skjer no

Sidan starten av avlsarbeidet på Duroc på byrjinga av 1990-talet, har meininga vore at Duroc etter kvart skal inn som sjølvstendig farrase. Utviklinga på dei ulike eigenskapsområda som er i fokus i avlsarbeidet er fylgd nøye gjennom dei siste 20 åra. Nortura meinar, i samarbeid med Norsvin, at tida no er moden for ein overgang til rein Duroc på farssida. I tillegg er erfaringar frå utprøvingar, samt frå bruken av norsk Duroc i svensk svineproduksjon, eit viktig grunnlag for overgangen som no vert gjennomførd.

Innfasinga av Duroc

Overgangen fra LD- til durocsæd i Edelsæd skjer gradvis. Det har frå 20. oktober vorte blanda inn noko rein durocsæd i sæddosene. Andelen duroc slaktegrisfedrar på Norsvin sin seminstasjon aukar utover i 2012. Frå februar vart det sett inn fulle puljar med duroc slaktegrisfedrar på seminstasjonen, men det vil framleis vera eit større tal LD-rånar i produksjon. Tidspunktet for 100 % durocsæd i Edelsæd vil truleg vera årsskiftet 2012/2013.

Krysningsfrodigheit

Krysningsfrodigheit (også kalla heterosis) er ein av dei viktigaste grunnane til at me har ein trerasekryssa slaktegris i Nortura. Krysningsfrodigheit får me når me kryssar dyr som er lite beslekta; då vert avkomet betre enn gjennomsnittet av foreldra. Denne effekten får me 100 % gevinst av når me bruker rein Duroc farrase. Det vert brukt ein annan farrase enn det som vert brukt som morrase; dvs. at me unngår å kryssa inn landsvin-gen igjen på farssida. Krysningsfrodigheita verkar positivt inn på ulike eigenskapar, og gjev ein meir robust gris i alle ledd; frå fødsel til slakt.

Smågrisprodusentar

Kryssingsfrodigheita bidreg positivt på viktige eigenskapar i smågrisperioden. Me forventar ein meir robust smågris. LY x D er meir livskraftig og gjev lågare tap. Svenske smågrisprodusentar har redusert talet behandlingar med LY x D-kryssinga. I utprøvingane er det ikkje funne skilnadar i kullstorleik mellom LY x LD og LY x D. Erfaringane syner at kryssingsfrodigheita vil auke smågristilveksten.

Slaktegrisprodusentar

Det ventast friskare dyr og redusert dauding også i slaktegrisperioden. Me ventar ingen skilnadar mellom LY x LD og LYxD når det gjeld kjøttprosent, tilvekst og fôrforbruk i slaktegrisperioden. Ein viktig skilnad er at me nå på ein heilt annan måte enn tidligare kan styre utviklinga av rånar som nyttast til Edelsæd-produksjonen. Avlsmålet på Duroc vert i stor grad prega av produksjons- slakte- og kjøttkvalitetseigenskapar. Med Duroc farrase får me kortare veg til avlsframgangen i grisehuset; bruksbesetningane får raskare ta del i utviklinga som skjer i avlsarbeidet på Duroc. Det lovar godt også for framtida. Og: som matprodusent vil du nå levere frå deg eit endå betre produkt til industri og forbrukar.

Duroc – ein feitare gris?

Duroc har stor årleg avlsframgang for kjøtprosent (+ 0,9 % i 2011, kjøtprosent målt med CT). Med rein Duroc far selekterar Norsvin no durocrånar etter blant anna kjøtprosent, og rånen må tilfredsstille spesifikke krav for å kunne inngå i Edelsæd-produksjonen. Norsvin starta med denne spesifikke seleksjonen av slaktegrisfedre hausten 2011, og Duroc slaktegrisfedrar vert handplukka no kontinuerlig i seleksjonen på råneteststasjonen. Me ventar ikkje nedgang i kjøtprosenten med Duroc far.

Endringar i grishuset

Nokre slaktegrisbesetningar vil kunna ha noko å hente på å justere fôring og utslaktingsstrategi. Dette gjeld særleg besetningar med høg tilvekst og høgt fôropptak. I innfasinga vil LY x LD og LY x D smågris leverast ut blanda. Dette har ikkje noko å seie for eventuelle tiltak som skal gjerast: LY x LD kan då trygt fôrast på same måte som LY x D. Du vil bremse tilveksten noko, men kjøtprosenten vil etter alle utprøvingar ikkje auke. Me tilrår at du tek kontakt med din fôrleverandør for å diskutere fôringa i din besetning.

Har du moglegheit for kjønnssortering, kan dette vera eit tiltak å vurdere. Då vil det vera lettare å få kastratane av garde til slakt på riktig vekt.

Marknadsida

Gilde relanserte ”Norsk Edelgris” i februar. Det vart innførd ny profil, sluppe ei rekke nye produkt, og pakkeprosessen vart betra. I 2013 vert det Duroc-fokus i marknadføringa av ”Norsk Edelgris”. Auka durocinnslag i slaktegrisen vil gje eit endå saftigare og meir smakfullt svinekjøtt. Dette skyldast i stor grad redusert drypptap (redusert væsketap frå kjøttet) og auka innhald av intramuskulært feitt. Me vonar også at dette kan bidra til auka sal av svinekjøt, noko som hadde vore svært positivt for svinenæringa no når me er inne i ein overprodusjonsperiode.

Sædtinging

Edelsæd kan du som Norturamedlem tinga frå Norsvin på same måte som tidligare. Edelsæden vil no, til forskjell frå tidligare, kunne innehalde ein varierande del av durocsæd.

 

Redusert dauding, slaktegris
Tabell: Data på dauding. Henta frå besetingar med LYD slaktegris i samband med inseminasjonsforsøk

21_fagart2

 

Stikkord denne saka: