Føre var heretter: Berre flaks gjorde at Kjell Bjarte Vonen ikkje omkom under arbeid inni gylletanken. Foto: Kolbjørn Taklo

Kjell Bjarte Vonen skulle berre reinske stein ut av gyllevogna. Han stod i tanken på vogna då han kjende at det svartna for augo. Brått fann han seg sjølv liggande på tvers i vogna med møk opp til halsen.

Kolbjørn Taklo, NLR, Vest

Sommaren 2018. Kjell Bjarte dreiv med møkakøyring etter førsteslåtten på garden i Naustdal i Sunnfjord. Før han skulle fylle opp gyllevogna på nytt, ville han inn i tanken og plukke ut småstein som hadde lagt seg i silen. Han kleiv opp på vogna, opna luka, og entra tanken med ein liten stige. Det ligg alltid ein del møk att på botnen, og han skulle til å ause ut denne for å kome til steinane. Brått kjende han seg uvel, og tenkte på å kome seg ut av tanken.

Nære på

Det neste han hugsar er at han låg på tvers i vogna, dekt av møk. På eit eller anna vis kom han seg ut av vogna og inn i huset, der han kledde av seg og skrudde på dusjen. Han kjende seg kvalm og uvel, hosta, og spydde så det kom opp blod. Når kona kom frå jobb litt etter, bar det rett til legevakta og deretter til sjukehuset i Førde. Der låg han til observasjon eit døgn, utan at dei fann nokon alvorleg helseskade. Han har heller ikkje kjent nokon plager etter uhellet. Men han er smerteleg klar over kor nær det var at han hadde blitt liggande der.

Risikovurdering

Kjell Bjarte ynskjer å fortelje om denne hendinga for å gjere andre bønder merksame på faren. Han tenkte ikkje i det heile at det kunne vere risiko med arbeidet, og gjorde heller ingen førebyggande tiltak for å verne seg på førehand. Vogna var nesten tom, luka var open, og han skulle berre halde på ei lita stund.. og møka må jo ut når det er lagleg.

Etterpåklokskap

Kjell Bjarte har tenkt mykje på denne hendinga etterpå. Tenk om svigerfaren hadde vore der og skulle prøve å berge han ut. Ville han då også gått opp i tanken? Ville han òg ha uvita? Kor lett er det å flytte ein livlaus person? Ville det ha nytta med eit tau rundt livet? Kvifor tenkte han ikkje på at der kunne vere oksygenmangel i tanken? Eller gass? Kjell Bjarte konkluderer med at det er nesten umogleg for eit menneske å få eit anna ut av ein slik tank, utan sjølv å risikere livet, men at dei fleste av oss ville ha tatt sjansen likevel..

Føre var…

Kjell Bjarte Vonen og bønder flest er handlingsorienterte, og vande med å fikse ting der og då. Risikovurderinga går ofte føre seg på innsida av hjernebarken, medan ein er godt i gang med arbeidet. Om arbeidet er farleg, så vert ofte vurderinga «eg har gjort det før, det går sikkert bra no og». Difor er utfallet at anten så går det bra, eller så går det skikkeleg gale. Historia til Kjell Bjarte er så nær skikkeleg gale som det kan gå an.

Tiltak må til før!

I industrien skal du ha spesialkompetanse for å entre ein tank. Der skal vere entringsvakt. Du skal ha på deg oksygenmålar, og tanken skal vere fri for stoff som kan vere farlege å puste inn. Ei gyllevogn med luke på toppen er i prinsippet ein tank utan sirkulasjon av luft. Sannsynlegvis var det oksygenfattig luft som gjorde at Kjell Bjarte fall i uvit, men det kan òg ha vore gjødselgass i vogna.

Det er fleire tiltak som bør gjerast før ein entrar ein slik tank:

  1. Lag Sikker Jobb Analyse, SJA, før arbeidet startar. Kva kan hende? Er risikoen akseptabel?
  2. Tilfør oksygenrik luft, f.eks ved silovifte på blåsing 15 minutt før du entrar tanken.
  3. Skaff seg måleinstrument som kan måle O2 og eventuelt gjødselgass.
  4. Ha hjelpemannskap på plass.
  5. Bruk sele med tau ut av tanken. Lag plan for berging.
  6. Bruk vernemaske med grått filter mot gjødselgass. NB: Hjelper ikkje dersom det ikkje er nok O2!!
  7. Leig ein dykkar med surstoffmaske til jobben.

Gjødselgass

Farleg: Hydrogensulfid er ein av dei farlegaste gjødselgassane. Illustrasjon: Istock

  • Ved lagring av blautgjødsel vert det danna ei rekkje gassar, rundt 60 ulike. Nokre av desse er skadelege, eksplosive, og nokre fortrengjer oksygen ved frigjering. Også omdanning ved lagring av tørrgjødsel fører til gassdanning og O2-fortrenging. Dei farlegaste gjødselgassane er hydrogensulfid, metan, amoniakk og karbondioksid. I tillegg til forgifting og O2-fortrenging, er desse gassane eksplosive i visse konsentrasjonar.
  • Ved opprøring av møk er det særskilt hydrogensulfid (H2S) og karbondioksid (CO2) som vert frigjort. Hydrogensulfid luktar rotne egg i små konsentrasjonar, og lammar luktesansen ved større konsentrasjonar. Gassen kan gje skade på sentralnervesystem, og kan føre til død. Den kan òg gje langtidsskader, og det er difor sett låge grenseverdiar for den. Karbondioksid er fargelaus og luktlaus. Den kan vere skadeleg og dødeleg i store konsentrasjonar, men den største faren er at den fortrenger oksygen. Oksygenmangel i pustelufta vår kan føre til at du fell i uvit utan førevarsel i det heile.
  • Viktigaste tiltak mot gjødselgass er å lufte maksimalt og foreta opprøring i litt god trekk. Rør varsamt i starten og stogg ofte. Gassmengda avtek med ein gong du stoggar røringa. Silovifta kan vere eit godt hjelpemiddel for å få tilført oksygenrik luft. Ved ope samband mellom gjødselkjellar og fjøs, bør ein nytte målar som syner oksygen og hydrogensulfid.
Stikkord denne saka: