bv19_fag

Nå har vi ei omsetningsavgift på kr. 1,90 og ein slaktepris som ligg kr. 2,20 under målprisen. Vi er inne i ein utfordrande periode når det gjeld overproduksjon og økonomi i svineproduksjonen.

 

Arvid Søiland,
Nortura

 

Kraftfôrprisane har også auka meir enn normalt siste halvåret. Sidan juli 2012 og fram til april 2013, har auken i kraftfôrprisen gitt ein meir-fôrkostnad på 39 kroner per slaktegris. Då seier det seg sjølv at innteninga har gått dramatisk ned.
Derfor er det vedteke å redusere slaktevekta. Dette skal det kompenserast for med kr. 8,70 per kilo, som ein produsent reduserer gjennomsnitt slaktevekt, samanlikna med slaktevekt i 2011.  Tiltaket reknar ein med skal ta bort kring 3 000 tonn frå marknaden i løpet av dei første 6 månadane dette året. Det er viktig at alle produsentar gjer sitt og bidreg når det gjeld tiltaket med å slakte lettare gris. I tillegg til at ein kan være med å forbetre marknadssituasjonen med å redusere vekta, vil ein også tene pengar.

På trass av dette resultatet, er det produsentar som leverer like tung gris som vanleg, og som dermed går glipp av desse pengane.

Slaktevekt:

Kva er rett slaktevekt i denne situasjonen? Sjølvsagt kjem det an på kva grunnlag ein har fått oppgitt som utgangspunkt. Har ein ei vekt å gå ut frå på 78 kilo eller meir, bør ein levere grisene ved ei gjennomsnittsvekt på omlag 74 kilo. Eller skrive på ein annan måte: Lever grisene ei veke tidlegare enn det ein bruker å gjera, det skal i teorien utgjera ca. 5 kilo lågare slaktevekt.
Har ein eit utgangspunkt på over 85 kilo, kan ein redusere med enda fleire kilo og dermed ta ut ein enda større gevinst.
Dersom ein bruker vekt og veg ut grisene, bør grisene som er over 100 kilo levande vekt, meldast inn til slakt veka etter veging.
Om ein ikkje vil bruke tid på veging, men få ein pekepinn på kva tid ein skal melda inn grisene, kan ein ta brystmål på nokre griser. Merk dei med +/-  alt etter kva ein har bestemt som rett mål, merk så grisene i bingen som har tilsvarande størrelse.
Å bruke målband, og lese av dette, kan være vanskeleg. Eit godt triks, som fungerer, er å bruke eit tau til oppgåva. Ta eit tau på 2 meter som er omlag 1 cm tjukt.  Knyt fast ein stor mutter e.l. i eine enden, slå ein knute ca. 15 cm frå mutteren.  100 cm frå denne knuten set du ein ny knute. Når du slepp mutteren ned på motsett side av grisen, i forhold til der du sjølv står, vil det være lett å få tak i tauet under grisen. Stram så tauet lett over bogen, rett bak framføtene. Når knutane går i hop, er grisen ca. 74 – 75 kilo slakta ei veke seinare.
Meld inn alle grisene med over 1 meter brystmål til slakt veka etter. – Det er umuleg å få dette til, seier mange.  Med roleg framferd og litt tolmodighet, går dette overraskande bra. Ved å merka nokre griser som blir referansepunkt, blir det lettare å ta ut dei som er slakteklare. Slakt ut bingane i 2 omgangar, vanlegvis med 2 vekers mellomrom.

Innmelding

Innmeldingsfristen er tysdagen i veka før ein ønskjer slakting. Det er viktig at ein melder inn rett tal. Det skal planleggast effektive kjøreplanar for henting av gris, saman med rett tal personar til mottak og slakting, og ikkje minst skjering og sal. Gjer alle sitt beste med rett innmelding, vil dette gi ei meir rasjonell drift av slakteriet og i neste omgang meir tilbake til eigarane (bøndene). Me opplever av og til at det blir meldt inn gris for “å sikre seg”. Når desse blir henta er det for eksempel ikkje 300, men 100 griser, utan at det er gitt beskjed om endra tal. Resultatet kan bli at tilsette på slakteriet står utan arbeid ein periode. Vi betaler med andre ord ut løn utan at det blir skapt verdiar.

Merking

Det er svært viktig at grisene blir merka rett. Dagleg kjem det inn gris som ikkje er merka, eller er mangelfullt merka.  På linja i slakteriet må ein da drive eit tidkrevjande arbeid for å finne ut kven som har levert grisen. Slakteriet har i dag unødvendige utgifter på dette arbeidet, som vi ved skikkeleg merking før henting, ville unngått.

Rett tatovering av gris:
Tatover alle grisene i bingen ca. 2 veker før første slakting
Bruk reinvaska tatoveringsklubbe
Sjekk at tala er heile. Skift øydelagde tal
Dypp klubba i sverte mellom kvar gris
Tatover begge skinkene
Vask alltid klubba etter bruk.

Nye siffer til klubba får du ved å kontakte din transportør eller ditt medlemssenter.

Konsekvensar ved dårleg merking:
Manglande varestraumsporing i Nortura. Sporing av varestraumen er også eit krav frå Mattilsynet
Ekstra arbeid for Nortura med å identifisere eigar
Feil/manglande oppgjer til produsent
Trekk i oppgjer på kr. 50 per heilt umerka gris.

Konsekvensar ved tatovering like før levering:
Auka fare for bløding på skinkene og dermed dårlegare kvalitet
Stressar grisane og kan gje dårlegare kjøtkvalitet (PSE).

Rett klubbe

Alle skal ha to klubber i grishuset. Ei klubbe for Noroc-gris (med eit 3 tall i tillegg til produsentnummer) og ei klubbe for ”vanleg” gris. (Noroc-gris har grønt eller ingen øyremerke – «vanleg» gris har alltid gult øyremerke). Det er viktig at desse blir brukt på rett gris. Den grisen som blir merka med «Noroc-klubba» går vidare i varestraumen som Edelgris. Edelgris gir ein meirverdi ved vidaresal.

Gevinst ved nedgang i slaktevekt på 5 kg.

verdi slaktegris 75 kg x kr. 21

kr.

1575,00

+ kompensasjon 5 kg x kr. 8,70

43,50

+ spart fòr (7 dg x 3,2 fe x kr. 3,17)

71,00

+ gevinst kjøtprosent
(0,65 % x kr. 0,40 x 75 kg)

19,50

Sum inntekter

kr.

1709,00

– slakteverdi 80 kg
(80 kg x kr. 21)

kr.

1680,00

Gevinst ved 5 kg lågare slaktevekt

kr.

29,00

 

Stikkord denne saka: